Forbodne bøker

USA: – Bokforbod i skulebibliotek er den nye normalen

Bokforbod er blitt normalisert i USA, åtvarar PEN America. Ytringsfridomsorganisasjonen har følgt nøye med på utviklinga dei siste åra. Før helga lanserte dei ein fersk rapport som dokumenterer 6 870 tilfelle av bokforbod i 2024 og 2025.

Sensursirkelen: Frå skuleår til skuleår blir det stadig fleire bokforbod i USA, viser PEN America sin nye rapport.
Publisert Sist oppdatert

Bokforbod i offentlege skular har blitt den «nye normalen» i USA, ifølgje ei ny rapport frå organisasjonen PEN America. Sidan 2021 har talet på sensurtiltak auka kraftig, og i 2025 har staten sjølv blitt ein pådrivar for å avgrense bøker og læremateriell som handlar om rase, rasisme og LHBTQ+-tema.

Rapporten viser at det var 6 870 tilfelle av bokforbod på tvers av 23 delstatar og 87 skule­distrikt i skuleåret 2024–2025. Florida toppar lista med 2 304 forbod, etterfølgd av Texas (1 781) og Tennessee (1 622).

"I 2022 åtvara vi mot å ignorera bokforbod og liknande trugsmål mot ytringsfridomen og det første grunnlovstillegget; at dette åtaket på elevane sin fridom til å lesa er "a slippery slope"; og at statleg sensur av dette slaget, når han først blir sleppt laus, vil veksa ukontrollert. I dag er den utviklinga ikkje lenger hypotetisk. For mange elevar, familiar, lærarar, bibliotekarar og skulekrinsar er bokforbod blitt den nye normalen," skriv PEN America i presentasjonen av rapporten

Mest råka

– «Kvardagssensur» har spreidd seg og normalisering av bokforbod blitt verre dei siste fire åra. Resultatet er utan sidestykke, seier Kasey Meehan, leiar for PEN America sitt Freedom to Read-program ifølge ABC News.

Illustrasjon frå rapporten

Forboda – somme mellombelse, andre permanente – har råka 2 308 forfattarar. Mellom dei oftast forbodne titlane i 2024–2025 er A Clockwork Orange av Anthony Burgess, Breathless av Jennifer Niven, Sold av Patricia McCormick, Last Night at the Telegraph Club av Malinda Lo og A Court of Mist and Fury av Sarah J. Maas.

Andre ofte forbodne bøker er Forever… av Judy Blume, All Boys Aren’t Blue av George M. Johnson og Damsel av Elana K. Arnold.

Trugar med kutt i løyvingar

Hardast råka er bøker som tek opp rasisme, har karakterar med minoritetsbakgrunn eller set søkelys på LHBTQ+-tematikk. Bøker for unge vaksne med referansar til seksualitet og seksuell vald er også spesielt utsette.

– Aldri før i nokon levande amerikanar sitt liv har så mange bøker blitt systematisk fjerna frå skulebibliotek, står det i rapporten.

PEN America samanliknar utviklinga med McCarthy-tida på 1950-talet – den såkalla Red Scare-perioden, då frykt for kommunisme førte til massiv sensur.

– Aldri før har så mange statar vedteke lover for å legga til rette for bokforbod. Aldri før har så mange politikarar prøvd å pressa skuleleiarar til å sensurera for imøtekoma deira ideologiske preferansar, til og med ved å truga med kutt i offentlege tilskot. Aldri før har så mange fått stole frå seg så mange forteljingar.

Har følgt nøye med sidan 2021 

PEN America har registrert nær 23 000 tilfelle av bokforbod i 45 delstatar og 451 skule­distrikt sidan 2021. Dei starta å dokumentera utviklinga då interessegrupper begynte å pressa skulestyre over heile landet til å fjerna bøker dei meinte var upassande.

Fire år seinare har praksisen blitt normalisert, ifølge rapporten. Nokre delstatar har vedteke lover som avgrensar visse tema, medan utdanningsdepartement har sendt direktiv til skulane om å fjerna bøker. Enkelte distrikt har til og med laga «ikkje kjøp»-lister som forbyr lærarar å velja bestemte bøker til bibliotek eller undervisning.

Den føderale staten som pådrivar

Ifølge rapporten har Trump-administrasjonen i 2025 blitt ein ny pådrivar for bokforbod, hovudsakleg gjennom president Donald Trump sine eksekutivordrar.

Sjølv om ordrane ikkje nemner bokforbod direkte, trugar dei med å halde att føderale midlar frå grunnskular og vidaregåande skular som «påfører nasjonen sine born antiamerikanske, skadelege og falske ideologiar».

Eit døme er ordren Ending Radical Indoctrination in K-12 Schooling, signert 29. januar, der tema som rasisme og transkjønna identitet blir omtalt som «radikal indoktrinering». Her hevdar administrasjonen at slik undervisning tek frå foreldra retten til å bestemma kva borna deira skal læra.

Ifølge presidentordren bli uskuldige born i mange tilfelle tvinga til å sjå seg sjølve som offer eller undertrykkarar berre på grunn av hudfarge eller andre medfødde trekk. I andre høve blir unge kvinner og menn påverka til å stilla spørsmål ved om dei er fødde i feil kropp og til å sjå foreldra som fiendar.

PEN America peikar på at argumentet om «foreldre­rettar» står sentralt i Trump sin politikk for å avgrense innhald i skular – eit tema som har vore brukt av konservative grupper som Moms for Liberty i kampanjar for bokforbod i statar som Florida og Texas.

Forbod avlar sjølvsensur

I juni 2023 oppretta dåverande president Joe Biden ein «bokforbod-koordinator» i Utdanningsdepartementet sitt kontor for sivile rettar. Då Trump kom tilbake til Det kvite huset i januar 2025, blei elleve klager på bokforbod straks avviste og stillinga fjerna.

– Ved å fjerne denne stillinga gjenopprettar departementet retten til at foreldre sjølve kan styra borna si utdanning, sa fungerande assisterande utdanningsminister Craig Trainor.

PEN America meiner dette politiske presset – frå både føderale og statlege styresmakter – fører til ei rekkje førebyggande bokforbod, der rektorar og lærarar vel å fjerna bøker før nokon klagar, for å unngå bråk.

– Inga bokhylle vil stå urørt dersom denne bølga held fram, åtvarar Sabrina Baêta, seniorleiar i PEN America sitt Freedom to Read-program til ABC News.

– Med Trump i Det kvite huset og ein sensurkultur i full vokster, står grunnleggjande prinsipp som ytringsfridom, open kunnskap og tilgang til mangfaldige fortellingar i alvorleg fare.

 

Farleg: Ei samling bøker med LHBTQ+-tematikk frå BookLooks-lista til organisasjonen Moms for Liberty. Bøker på denne lista blir jamleg utsette for forbod i skulebibliotek og offentlege bibliotek.
Powered by Labrador CMS