Ukraina samlar underskrifter mot russisk medlemskap i IFLA

Sidan starten av åtakskrigen har den ukrainske bibliotekforeininga bede bibliotekføderasjonen IFLA om å stenga den russiske bibliotekforeininga ute. Så langt har dei fått nei. No vil ukrainarane skaffa tyngde bak kravet gjennom ein underskriftskampanje i det internasjonale bibliotekmiljøet.

Kjempar: President Oksana Bruy i den ukrainske bibliotekforeininga står som avsendar på den internasjonale undersrkiftskampanjen imot russisk medlemskap i International Federation of Library Associations and Institutions (IFLA).
Publisert Sist oppdatert

I oppropet set den ukrainske bibliotekforeininga fram ei rekke døme på at russiske bibliotek deltek i statleg propaganda og militariserte kulturkampanjar:

  • Offisielle utsegner frå leiarar i den russiske bibliotekforeininga (RBA), inkludert president Vadim Duda og visepresident Nadezjda Rozhkova, støttar ope det russiske åtaket på Ukraina.
  • Informasjonsbulletin nr. 101 frå RBA oppmodar bibliotek til å støtta russiske soldatar gjennom materiell hjelp og propagandaprosjekt som «Memory Z» og «Heroes of Operation Z». Operasjon Z er eit namn som blir brukt om på den pågåande russiske invasjonen.
  • Institusjonar tilknytt RBA, som det russiske nasjonalbiblioteket, Presidentbiblioteket og ulike regionale bibliotek – lagar arrangement som fremjar Kreml sitt militaristiske narrativ.
  • Offentlege arrangement, utstillingar og publikasjonar glorifiserer russiske soldatar i Ukraina, samstundes som dei spreier løgner om ukrainsk historie, identitet og suverenitet.

Klikk her for å lesa eller signera på oppropet.

– Biblioteka er moralske aktørar

Desse aktivitetane er ikkje einskildhendingar; dei er systematiske, institusjonelt støtta og godt dokumenterte, understrekar oppropet, som er signert Oksana Bruy, president i den ukrainske bibliotekforeininga.

Bibliotek er ikkje berre nøytrale rom – dei er moralske aktørar. Den som teier i krigs­tid, medverkar.

Oppropet er ikkje eit krav om kulturell isolasjon, men om etisk ansvar, understrekar ukrainarane. Bibliotek er ikkje berre nøytrale rom – dei er moralske aktørar. Den som teier i krigs­tid, medverkar, skriv dei.

«Vi trur på bibliotekas kraft som fredsbyggjarar, som pedagogar og som vernarar av sanning. For å halde fast på den visjonen må IFLA ta eit klart og prinsipp­fast standpunkt.»

Ei fellesskandinavisk fråsegn

Styret i Norsk bibliotekforening er nett blitt merksame på oppropet, men har fått diskutert det, svarar leiar Helene Voldner då vi tek kontakt på e-post.

«Vi ser med stort alvor på hvordan den russiske bibliotekorganisasjonen opererer. Dette er uforenlig med IFLAs verdier og et alvorlig problem for hele den internasjonale biblioteksektoren. Flere hos oss vil signere oppropet, men vi har foreløpig ikke tatt stilling til en felles signering på vegne av hele foreningen.»

Norsk bibliotekforening har i den seinare tida hatt tett dialog med dei nordiske søsterorganisasjonane. Dei jobbar med ei felles uttaling til IFLA sitt Governing Board, fortel Voldner.

«Som medlem av IFLA vil vi bidra til å påvirke organisasjonen i en retning der demokratiske grunnprinsipper og menneskerettigheter ikke bare ivaretas, men aktivt forsvares,» skriv ho.

«Norsk bibliotekforening har tidligere oppfordret til å avslutte eller utsette samarbeid med institusjoner som representerer Den russiske føderasjonen. Det står vi fast ved. Når den russiske staten systematisk forsøker å kontrollere kunnskaps- og kulturinstitusjoner og bruke dem som redskap for krigspropaganda, må dette få klare konsekvenser. En organisasjon som aktivt stiller seg til rådighet for slik virksomhet, kan ikke samtidig nyte godt av legitimiteten som følger med et internasjonalt medlemskap i IFLA. Bibliotek skal være ytringsfrihet og demokrati.

Samtidig er det viktig å understreke at vi skiller mellom statlige kontrollorganer og enkeltpersoner eller fagmiljøer som står for helt andre verdier. Det finnes fortsatt bibliotekarer og fagfolk i Russland som ønsker å verne om ytringsfrihet, kunnskapstilgang og profesjonell integritet under svært vanskelige forhold. Vi bør derfor også søke måter å støtte og styrke disse kreftene, om mulig, uten at dette gir legitimitet til institusjoner som fungerer som forlengede armer for krig og propaganda,» heiter det i svaret frå Norsk bibliotekforening.

Nasjonalbiblioteket er utestengt

Den ukrainske foreininga bad om utestenging av den russiske bibliotekforeininga (RBA) allereie i starten av krigen, i mars 2022. Styret i IFLA under Gerald Leitner si leiing, valde då å ikkje imøtekoma kravet, med grunngjevinga at bibliotekarar og informasjonsarbeidarar verda over deler dei same grunnleggjande verdiane, skreiv Biblioteksbladet 22. mars 2022.

Når den russiske staten systematisk forsøker å kontrollere kunnskaps- og kulturinstitusjoner og bruke dem som redskap for krigspropaganda, må dette få klare konsekvenser.

Norsk bibliotekforening

Men ved årsskiftet 2023–2024 blei det russiske nasjonalbiblioteket nekta å fornya medlemskapet sitt i føderasjonen. I eit brev til den ukrainske bibliotekforeininga grunngav generalsekretær i IFLA Sharon Memis avgjerda med at konflikt står i motsetnad til det arbeidet bibliotek skal driva med og verdiane bibliotek skal stå for.

I oktober 2024 sendte den ukrainske bibliotekforeininga eit skriv på ni sider med dokumentasjon av RBA sin støtte til den russiske angrepskrigen. Igjen oppmoda dei IFLA om å stenga russarane ute. I mai 2025, etter vel eit halvt år, kom svaret frå IFLA-leiaren Vicki McDonald: IFLA hadde undersøkt saka, men medlemskapet til den russiske bibliotekforeininga blei ståande.

Bok & bibliotek møtte Sharon Memis og Vicki McDonald på seinsommaren og spurte om bakgrunnen for avgjerda om å oppretthalda RBA sitt medlemskap i IFLA. McDonald svara då at «bibliotekarar over heile verda [forsvarar] retten til informasjon og ytringsfridom».

Bok & bibliotek har tidlegare skrive om at den sørafrikanske bibliotekforeininga blei utestengde frå IFLA i 1972 og ikkje teken inn igjen før i 1997, tre år etter at apartheidstyret blei avskaffa.

Powered by Labrador CMS