Ein halv million vaksne er svake lesarar

No kan du påverka leselyststrategien for vaksne

Regjeringa ber no om innspel til den nye leselyststrategien for vaksne. 27. april blir det innspelsmøte på Nasjonalbiblioteket for forfattar-, litteratur- og leseorganisasjonar. Og (bibliotek)folk flest kan spela inn digitalt innan 6. mai.

Lesar: Kva skal til for at fleire blir som han her? No ber regjeringa om innspel til den nye leselyststratetgien for vaksne.

Kultur- og likestillingsdepartementet arbeider med ein eigen leselyststrategi for vaksne. Strategien skal løfta lesinga si tyding – for den einskilde og for samfunnet – og sjå lesinga i samanheng med språkpolitikk, motstandskraft mot desinformasjon og ein open, opplyst offentleg samtale. Leselyststrategien for vaksne er ein konsekvens av Leseløft som blei lansert før valet i fjor. Støreregjeringa lova då ein milliard til lesing over dei neste fire åra. 

Lesesatsingar

Styresmaktene har dei siste 25 åra lansert fire lesesatsingar.

2003–2007: Gi rom for lesing. Utdannings- og forskningsdepartementet (rev. utg. 2005)

2013 Leselyststrategi 2013. Kulturdepartementet

2024 Sammen om lesing. Leselyststrategien. 2024–2030. Kulturdep. + Kunnskapsdep.

2026 Leseløft. Kunnskapsdepartementet

Måndag 27. april arrangerer departementet eit innspelsmøte på Nasjonalbiblioteket der forfattar-, litteratur- og leseorganisasjonar er inviterte. Men bibliotekfolk og alle andre som har kompetanse, erfaringar og engasjement rundt tematikken kan gje innspela sine digitalt innan onsdag 6. mai.

Avgjerande for deltaking

Ein samla bokbransje i Norge har lenge peikt på at eit leseløft må forankrast på tvers av departement. Lesing er avgjerande for deltaking i samfunns- og arbeidsliv og har stor tyding for demokratiet. «Svake leseferdigheter øker risikoen for utenforskap, arbeidsledighet og helseutfordringer», kommenterte Bokhandlerforeningen sin direktør Anne Schiøtz då Regjeringa lanserte leselyststrategien for vaksne som del av sin Plan for Norge 15. desember i fjor.

Ifølge Stiftelsen Lese sitt høyringsinnspel til Statsbudjsettet for 2026 har rundt 525 000 personar i Noreg mellom 16 og 65 svake leseferdigheiter. Det gjev vanskar med å forstå arbeidsinstruksar, sikkerheitsrutinar og dokumentasjon, og er til hinder for opplæring og kompetanseutvikling.

Dette spør departementet om

Dette er dei tre hovudspørsmåla Kultur- og likestillingsdepartementet vil at dei som kjem med innspel skal svara på:

1) Kva er dei største utfordringane knytte til vaksnes leselyst i dag – og kvifor les nokon mykje medan andre les lite eller ingenting?

2) Kva motiverer til lesing, og kva tiltak fungerer godt?

3) Kva konkrete tiltak bør strategien innehalda?

Her bør det vera god bruk for bibliotekkompetanse! Svarfristen er altså 6. mai. Og skjemaet for innsending finn du her.

Powered by Labrador CMS