ordskifte
Debattkultur
Difor stengde eg kommentarfeltet
Vi må passa oss så ikkje kommentarfelta gjer oss til møteplagarar som er dårlege på demokrati.
Eg har ikkje tenkt å ta offentleg stilling for eller imot Norsk bibliotekforening si avgjerd om å seia farvel til Kronprinsesse Mette-Marit som høg beskyttar. Eg vil berre seia at eg kjenner med styret som har måtta stå i stormen etter at avgjerda blei teken.
Og så vil eg skriva om kommentarfeltet på Facebook under saka der Bok & bibliotek delte NBF-styret si avgjerd tysdag 17. mars.
Utover tysdagskvelden tok det nemleg av med kommentarar. Eg var oppteken på anna hald og fråkopla nettredaktørrolla ei stund (noko eg tek sjølvkritikk for – eg burde ha forstått at ein ikkje kan slappa av som etter å ha publisert ei slik sak). Men då eg kikka innom utpå kvelden, var det kome rundt 100 kommentarar.
Det aller meste var ytringar eg vurderer Bok & bibliotek skal tillata. Nokre få av kommentarane inneheldt personåtak og sjikane mot motdebattantar. Desse fjerna eg. Men at innlegga var gjentakande, såg eg allereie. Dei fleste var variantar av: «Bibliotekforeininga sitt styre burde skamma seg. Dei sparkar ei som ligg nede, difor er dei med på ei heksejakt» – spedd med ord som «rått» og «umenneskeleg». Nokre slengde også inn bibelreferansar om krossfesting og steining. Eg karikerer litt, men alt i alt var dette veldig einsformig lesnad.
Nokre få sa at NBF-styret hadde gjort det rette..
Eg gjekk og la meg. Og neste morgon vakna eg til rundt 120 nye kommentarar. Eller, nye og nye, fru Blom. Det var mest meir av det same. Så då avgjorde eg at nok var nok, stengde kommentarfeltet og skreiv at folk frå no av kunne senda innlegga sine på e-post til redaksjonen om dei opplevde å brenna inne med noko viktig knytt til saka. Det kom eitt innlegg, som eg valde å ikkje gå vidare med.
Ein grunn til at eg stengde kommentarfeltet, var at eg som einaste tilsette ikkje har høve til å følga godt nok med når det brenn slik. Redaktøransvaret inneber at eg i ytste fall kan bli strafferettsleg ansvarleg om kommentarar som går ut over ytringsfridomen ikkje blir fjerna innan rimeleg tid. Slike ytringar vil sjølvsagt også gå ut over den som blir krenkt.
Likevel, dette var ikkje den viktigaste grunnen. Den kjem eg til no.
Vi har alle opplevd å vera på møter med sånne som startar innlegga sine med «no skal eg ikkje gjenta det NN sa, men eg er heilt einig i at ...» – og så seier dei nett det den som hadde ordet før sa. Det er veldig mykje slikt i kommentarfelta på sosiale medium. Det finst eit ord for det: møteplaging.
Sanninga er berre mogleg å nærma seg gjennom ein opplyst samtale. Er vi i ferd med å gløyma krafta i eit nytt argument? I eit representativt demokrati er kjøtvekta viktig berre når det er val. Elles har den lite å seia. Om noko er sant eller riktig, avhengig ikkje av kor mange som seier det.
Ein skulle tru at sosiale medium, der alle har lik rett og uendeleg med taletid, skulle borga for utvikling i argumentasjonen og utforsking av det som blir teke opp – at perspektiva var plenty og meiningane mange. For all del, eg har sett slike kommentarfelt. Dei kan vera ein svir å lesa. Men ofte er det ikkje sånn.
Skal vi uttala oss må vi alltid freista å bringa noko nytt til torgs, noko ingen andre har sagt, eit nytt argument eller ei ny relevant erfaring, noko som skapar refleksjon og løftar argumentasjonen vidare.
Sjølvsagt skal det vera rom for å trø feil, seia dumme ting, oversjå at det du seier overlappar for mykje med det som allereie er sagt. Sjølvsagt.
Men skal du vera med i diskusjonen, bør du lesa eller høyra kva andre har sagt før deg, i alle fall i akkurat den tråden du kommenterer.
Slik var det ikkje her. Difor stengte eg kommentarfeltet. For at mange seier det same kan også gje desse mange ei kjensle av at dei har rett, at dei "vinn". Men det kan vera mange grunnar til at den andre sida teier. Kjøtvekta i eit kommentarfelt kan aldri brukast som bevis for at noko er rett.
Så får eg berre håpa argumenta mine held vatn. Eg utfordrar deg til å argumentera imot. Det beste argumentet vinn, anten det blir hevda av ein eller hundre.
Bidra til ordskiftet!
Har du meiningar eller refleksjonar rundt tematikken? Send eit innlegg til post@bokogbibliotek.no.