Epstein-filene og beskyttarskap
Det verst tenkelege tidspunktet
Styret i Norsk bibliotekforening (NBF) annonserte avsluttinga av H.K.H. Mette-Marit sin høge beskyttarskap frå talarstolen på Landsmøtet 17. mars. – Eg er sint på meg sjølv for at eg ikkje greip ordet, skriv tidlegare NBF-leiar Mariann Schjeide.
Den 10. februar sette styret i Norsk bibliotekforening den høge beskyttarskapen frå Kronprinsesse Mette-Marit på pause. Før landsmøtet til Norsk bibliotekforening tysdag 17. mars kom det ei orientering frå leiar Helene Voldner om at pausen no var over, og at styret dagen før hadde bestemt å avslutte beskyttarskapen. Om det var nokon som hadde kommentarar?
Eg var blant dei som sat i salen og hadde mange kommentarar, eg var ueinig, men eg mista augneblinken. Det gjekk så fort. Vi som sat der var klare for eit landsmøte med dei sedvanlege landsmøtesakene, og så kom dette. Vi blei regelrett tatt på senga. Eg er framleis sint på meg sjølv for at eg ikkje greip ordet, gjekk opp på talarstolen og sa til styret «Kva er det de held på med?».
Då var det meir tak i vertsbyens tidlegare mangeårige biblioteksjef, no pensjonerte Evy Sisilie Bergum, som meldte seg prompte ut av Norsk bibliotekforening . Den same biblioteksjefen som elleve år tidlegare tok imot prisen for «Årets bibliotek» då den gjekk til Molde bibliotek.
Ekte engasjement
Eg leidde Norsk bibliotekforening frå 2014–2020 og var såleis leiar då kronprinsessa tiltredde som beskyttar i 2016. Det var ein stor dag i Norsk bibliotekforening då den beskjeden nådde sekretariatet. Vi hadde merka oss kronprinsessa sitt sterke engasjement for litteratur, det var ekte og dedikert på alle vis.
Seinare var kronprinsessa på bibliotekbesøk på Realfagsbiblioteket på UiO og Deichman Majorstuen. Det er vel den første og einaste gongen Realfagsbiblioteket har vore i Se og Hør. Og det var det vi ønskte med beskyttarskapen: synlegheit og merksemd.
Fleire var imot beskyttarskapen den gongen og meinte den var ein uting. Det var sjølvsagt ikkje uventa. Eg ser fleire av dei same personane som no er glade for at den er avslutta. Det er eg overtydd om at dei ville ha vore uavhengig av kronprinsessa si kontakt med Epstein. Men no slepp dei å argumentere for det prinsipielt i same grad, dei har Epstein-skandalen å henge det på. Og ein slik beskyttarskap handlar ikkje om å ta stilling til monarkiet eller ikkje her i landet. Vi har de facto eit monarki, Norsk bibliotekforening (NBF) kan og skal ikkje ta stilling til det. Vi sto ikkje fram som svorne monarkistar ved å la Kronprinsessa bli høg beskyttar for interesseorganisasjonen. Like lite som dei andre organisasjonane kronprinsessa er høg beskyttar for med det har tatt stilling til monarkiet som samfunnsinstitusjon.
Kan ikkje gjerast ugjort
Men no er beskyttarskapen oppløyst. Og det same dagen som vi kunne lese i media at kronprinsessas sin dødelege lungesjukdom – ja, for så alvorleg er den sjukdomen – var forverra. Og same dagen begynte sluttprosedyrane mot kronprinsessa sin son Marius. Og kva gjer Norsk bibliotekforening? Dei legg ein ekstra stor stein til byrden.
Ein samanheng mellom kongehuset/litteratur/bibliotek – alt rundt det kan vi berre gløyme for framtida. Dette kan ikkje reverserast. Om kong Harald mot forventning skulle kome til å nemne bibliotek i sin neste nyttårstale, ja då er han raus!
På grunn av kronprinsessa sin alvorlege sjukdom vil hennar dronninggjerning bli ganske annleis enn svigermora si. Like eins vil Kronprins Haakon få ei meir einsam kongegjerning enn faren. Fordi det er færre ting kronprinsessa kan vere med på. Men beskyttarskapane har vore viktig for ho, og desse kunne ho kanskje ha vore i stand til å halde fast i med omsyn til arbeidsmengde og arbeidsglede. No har vi tatt dette bort frå henne.
Utan risiko å behalda
«Vi har venta på svar, det kom ikkje», sa NBF-leiaren frå talarstolen i Molde. Kvifor har ein eigentleg venta på svar? Beskyttarskapen burde ikkje ha vore sett på vent i det heile, det vitna om ei feig haldning. Vi arbeider for bibliotek, lesing og demokratibygging. Vi har gøymt oss bak store ord og «våre verdiar», og latt mellommenneskelege omsyn fare. Denne beskyttarskapen var heilt ufarleg og risikofri for oss.
Kronprinsessa sa i intervjuet som kom eit par dagar seinare at «beskyttarskapane skal ikkje ha dårleg samvit overfor meg», og ho bedyra samstundes kor viktig dei har vore for ho. Men NBF bør ha dårleg samvit. Og eg har dårleg samvit for at eg ikkje summa meg og ba om ordet i den landsmøtesalen i Molde.
Bidra til ordskiftet!
Har du meiningar eller refleksjonar rundt tematikken? Send eit innlegg til post@bokogbibliotek.no.