Podcasten Bok & bibliotek #51 med Sam Helmick frå ALA
– Sensur er ein hammar på jakt etter ein spiker
Sam Helmick, president i American Library Association, var hovudtalar under Bibliotekmøtet 2026 i Molde. Hen sette ord på noko mange i bibliotekverda kjenner på: Bokforbod, sensur og presset mot lesefridom er ikkje eit isolert amerikansk fenomen. Vi opplever ei felles demokratisk skjebnestund.
I episode 51 av podkasten Bok & bibliotek får du høgdepunkt frå foredraget Helmick heldt 18. mars og eit intervju gjort av redaktør Arne Olav Hageberg og Ellen Irene Berg Larsen same dag.
Helmick er tydeleg på at bibliotek ikkje er nøytrale arenaar – dei er intentional spaces, rom bygde for å skapa tilgang, tillit og samhald.
Og når OpenAI-sjef Sam Altman hevdar at kunnskap vil bli ei vare folk må betala for, står bibliotekarar bokstavleg tala i vegen for han. Finansiering er difor ikkje berre eit driftsspørsmål. Det er eit spørsmål om intellektuell fridom.
Til norske bibliotekfolk har Helmick ei klar helsing: «De gjer jobben som vi i USA skulle gjort for ti år sidan.»
Høyr epiosden i spelaren på denne sida eller der du høyrer på podkast til vanleg.