Innhaldslister for grunnskulen

Fem skulebibliotekfolk om dei nye leselistene

Kva tenkjer norske skulebibliotekfolk om Kunnskapsdepartementet sine rettleiande lister for norskfaget? Vi har snakka med Live Havro Bjørnstad, Elisabeth Jensen Lombnæs, Anne Brit Ingholm, Espen Iversen og Ingeborg Eidsvåg Fredwall.

Live Havro Bjørnstad, Espen Ivesen, Anne Brit Ingholm, Elisabeth Jensen Lombnæs og Ingeborg Eidsvåg Fredwall.
Publisert Sist oppdatert

Torsdag 12. mars presenterte Kari Nessa Nordtun eit utkast til rettleiande innhaldslister for 1. til 7. trinn for faga norsk, musikk, samfunnsfag og samisk. Pressekonferansen valde kunnskapsministeren å legga til folkebiblioteket Deichman Grünerløkka i Oslo. 

«Læreplanene vi har i dag blir opplevd som diffuse, og det er behov for at de bli mer konkrete. Innholdslistene er noe nytt», uttalte kunnskapsministeren til VG.

Ifølgje Utdanningsdirektoratet skal listene bygga opp under skulane sitt arbeid med verdigrunnlaget, bidra med felles referanserammer og auka innsikt i mellom anna felles historie, kulturarv og tradisjonar.

Rettleiande innhaldslister for grunnskulen

Kva? Forslag til tekstar, musikk, tema og historiske hendingar som lærarar kan nytta i undervisninga. Ikkje obligatoriske, og erstattar ikkje læreplanane.

Kvifor? Mange i skulen opplever læreplanane frå 2020 som vage, og fleire har etterspurt meir støtte til kva elevar konkret bør lesa, synga og læra om.

Kva fag? I første omgang norsk, samfunnsfag, musikk og samisk. Seinare òg KRLE, mat og helse, kunst og handverk og duodji (samisk handverk).

Tidsplan Listene for samfunnsfag og musikk skal vera klare til skulestart hausten 2026, listene for norsk og samisk innan sommaren 2027.

Spel inn! Høyringsfristen er sett til 17. april 2026.

Kjelde: Regjeringa.no

Vi sende desse spørsmåla om listene til folk i feltet som venteleg hadde noko å melda:

  • Kva tenkjer du om slike anbefalte verkslister? Treng vi det i 2026? Kvifor / kvifor ikkje?
  • Kva tenkjer du om retninga i forslaga som er lagde fram?
  • Korleis ser du for deg at skulebibliotek og andre bibliotek kan ta i bruk desse listene om dei blir vedtekne?

Litteratur for meir empati

Elisabeth Jensen Lombnæs er biblioteklærar ved Gamlebyen skole i Oslo og styremedlem i Norsk bibliotekforening. Som både lærar og skulebibliotekar har ho lagt merke til at elevane stadig blir mindre gruppeorienterte og meir og meir individorienterte. Ho ser også andre tendensar ho meiner leier oss mot eit samfunn med mindre empati og fellesskap.

– Det å dela kulturelle opplevingar, for eksempel å lesa same tekst og lytta til dei same forteljingane, trur eg er ekstremt viktig i vår tid. Som biblioteklærer for 1.–7. trinn tenkjer eg ofte på litteraturen som beredskap, fellesskap og motstandskraft. Born og unge treng forteljingar som gir dei innblikk i andre sine liv, som gir dei andre erfaringar og kraft til å stå imot polarisering og krefter som vil splitta oss i staden for å samla oss. Så ja, vi treng felleslesing i 2026!

Trass i dette er Lombnæs kritisk etter å ha sett på (den vel å merka uferdige) lista for norskfaget, som foreløpig berre omfattar 1.–7. trinn. Klassikarar som Asbjørnsen og Moe, Astrid Lindgren, Thorbjørn Egner, Henrik Wergeland og Henrik Ibsen er med, men òg nyare norske forfattarar som Kari Stai, Bjørn F. Rørvik, Anna Fiske og Ruth Lillegraven.

– Kvifor Anne-Cath. Vestly?

– Eg er sjølvsagt ikkje motstandar av at elevane skal læra kulturhistorie og kjenna til nokre viktige verk av Wergeland og Ibsen, men eg er skeptisk til ei liste som skal ha «norske verdiar» som viktigaste motiv for utvalet, og det er utruleg mykje god litteratur som er utelaten.

Sånn vil det sjølvsagt alltid vera, poengterer ho, men seier samstundes at ho blir skeptisk når til dømes Anne-Cath. Vestly skal prioriterast.

Elisabeth Jensen Lombnæs

– Ho var ein viktig barnebokforfattar ein gong, men kvifor skal ho prioriterast før Nina Borge eller Arne Svingen? De blir helt feil for meg. Litteraturen må vera god, relevant og appellera til dagens unge. Etter mi mening må tekstane i lista gi born og unge lyst til å lesa og ei kjensle av fellesskap. Det viktigaste fellesskapet er andre born og unge i verda. Den viktigaste litteraturen er den som gir oss litterære opplevingar og gjer oss nysgjerrige på oss sjølve og verda, seier Lombnæs. 

Fleire standardverk kan innførast litt høgare opp i skuleløpet, meiner ho.

– Alle bør ha lese Gjengangere eller Et dukkehjem i løpet av vidaregåande, for dei er veldig gode litterære verk som kan læra oss noko viktig. Men dei første åra i skuleløpet bør borna først og fremst bli motiverte til å ha forteljingar i livet sitt og lesa bøker som gir dei innsikt og leselyst. 

Når det gjeld skulebiblioteka si rolle, meiner ho dei må forhalda seg til listene og samarbeida med lærarane om korleis tekstane skal presenterast.

– Men blir listene for lite relevante, er min viktigaste jobb som skulebibliotekar å sørga for at eleven blir presentert for all den gode litteraturen som ikkje står der.

Sjå til Sverige

Ingeborg Eidsvåg Fredwall er førstelektor og instituttleiar ved Institutt for nordisk og mediefag ved Universitetet i Agder. Ho har undervist i lærarutdanningane og i skulebibliotekkunnskap og skrive artiklar og fagbøker om litteraturdidaktikk, barnelitteratur og skulebibliotek.

Som Lombnæs tenkjer ho at det er fint med nokre felles tekstar i skulen.

Ingeborg Eidsvåg Fredwall

– Tidlegare var det lærebøkene som ofte gav forslag til kva ein kunne lesa. No er det mange som ikkje har lærebøker. Samtidig er mange lærarar flinke til å finna tekstar. Ulempa med listene er at føringane dei legg, gjer at litteraturen som elevane møter, kan bli smal, meiner ho.

Sist veke publiserte Bok & bibliotek eit ordskifteinnlegg om listene frå barne- og ungdomsbibliotekaren Ketil Reigstad. Han oppmodar Bibliotek-Norge til å engasjera seg og senda inn høyringssvar. Ifølgje bibliotekaren frå Austevoll er listene for lite omfattande og dårleg eigna til å skapa leselyst hjå elevane.

«Dei svenske listene omfattar heile oppveksten, frå barnehage til vidaregåande skule. Dei inneheld fleire hundre titlar frå mange ulike sjangrar: bildebøker, romanar, dikt, dramatikk og sakprosa. Det er ikkje ei kort liste. Det er ei heil bokhylle. [...] Poenget er å gi lærarar, bibliotekarar og foreldre eit rikt utval av litteratur som kan opna døra til lesing for barn og unge», skriv Reigstad.

Fredwall er samd i at listene er for korte.

– Eg likar betre måten dei har gjort det på i Sverige, der dei lagar lengre lister med forslag til tekstar, seier ho.

Når det gjeld biblioteka sitt forhold til listene, peikar ho på at skulebiblioteka har eit mykje breiare oppdrag.

– Skulebiblioteket fyller ei anna rolle i skulen og skal sørga for at elevane møter eit mangfald av litteratur.

Listene er meir kopla til ein felles kulturarv, medan bruken av skulebiblioteka er kopla på elevane sine eigne behov og interesser, understrekar ho.

– Skulebiblioteka skal hjelpa elevane til å utvikla identitet som lesarar og finna fram til eige leseengasjement. 

– Kjærkome i ein hektisk kvardag

Live Havro Bjørnstad er ei kjend stemme i skulebibliotekdebatten dei siste åra. Til dagleg er ho bibliotekar på den vidaregåande skulen Bergen katedralskole. Men engasjementet hennar for skulebibliotek omfattar heile skuleløpet.

Som alle vi har snakka med, stiller ho seg i utganspunktet positiv til dei nye listene.

Live Havro Bjørnstad

– Noko av det aller viktigaste både med litteraturen og med fellesskulen som konsept er nettopp dette med å skapa fellesskap. I ei veldig individorientert samtid kan det å lesa, synga og røra seg med utgangspunkt i dei same tekstane, vera ei motvekt, seier ho.

Staten lagar læreplanar fordi den har i oppgåve å forvalta samfunnet sitt felles kunnskapsgrunnlag, understrekar Bjørnstad. Då er det også naturleg at staten lagar rettleiande innhaldslister til skulen.

Kunnskapsministeren har vore nøye med å peika på at bruken av listene er heilt frivillig – nokon kanon vil ikkje Ap-minister Nordtun ha på seg at ho initierer. Men Live Havro Bjørnstad er ikkje i tvil om at mange av dei travle lærarane ho møter, vil ta listene i bruk, ikkje berre dei nyutdanna som ser etter noko handfast å orientera seg etter.

– Dei har ein superhektisk undervisningskvardag der konkrete innspel ofte er kjærkomne, seier ho.

Kan forsterka språkleg utanforskap

Bjørnstad er òg nestleiar i Noregs Mållag, og med dei brillene på ser ho ein grunnleggande mangel i listene.

– Basert på det som er føreslått, skulle ein tru at listene var komne i stand etter at ein gjeng med bokmålsbrukarar i Udir hadde hatt idédugnad på kontoret. Slike lister må utarbeidast under eit ordentleg språkleg mandat. At berre 20 % av innhaldslistene er på nynorsk, viser at faggruppa ikkje har teke inn over seg at mange elevar i Noreg har nynorsk som hovudmål. Desse elevane har ein skulekvardag som likevel i stor grad er prega av bokmål. Er det ein ting dei treng, så er det å verta eksponerte for fellesskapsdannande nynorsk litteratur – i staden for endå meir bokmål, som forsterkar den utanforskapen skulen allereie plasserer dei i, seier Bjørnstad. 

Dette vil kunna utvida den språklege fellesskapsforståinga også for dei som skal læra nynorsk som sidemål, meiner ho.

– Ei brekkstong i budsjettforhandlingar

I Bok & bibliotek 1-2026 hadde vi ei temasak om korleis skulebibliotekkoordinatorane kan vera avgjerande for utviklinga av skulebiblioteka i ein kommune. Ein av dei vi snakka med då, var Espen Iversen, som inntil nyleg hadde ei slik stilling i Sandnes kommune. No er han nytilsett som rådgivar ved Rogaland fylkesbibliotek, men kommenterer gjerne når vi spør om hans tankar rundt dei nye listene.

Espen Iversen

– Trong kommuneøkonomi har gitt dårleg tilgang på lærebøker og bøker i skulebibliotek. Eg veit at tilsette i skulen brukar tekstar, inspirasjon og undervisningsopplegg frå internett. Verkslister kan gi gode alternativ og vere ei god rettesnor og fagleg støtte, seier han.

Iversen finn innhaldet i listene både friskt, spanande og attkjenneleg og meiner dei kan vera nyttige ikkje berre som utgangspunkt for formidling og undervisning, men òg som ei brekkstong inn mot kommune- og skuleleiing i budsjettforhandlingar.

– Verkslistene bidreg til å synleggjera behovet for fysiske bøker og materiale i skulen.

Skal ein lesa Maria Parr og Kari Stai i klasserommet, må bøkene vera tilgjengelege frå skulebiblioteket, poengterer han.

Med og utan lobbyhatt

Anne Brit Ingholm er skulebibliotekar ved Mailand videregående skole i Viken og leiar i Norsk bibliotekforening Skole.

– Heilt personleg, utan skulebiblioteklobbyhatten på, så tenkjer eg at slike lister kan vera ei fin støtte for lærarar som i ein hektisk skulekvardag ikkje har tid til å halda seg oppdaterte på ny litteratur som eignar seg for kompetansemåla, eller som ikkje kjenner veldig godt til eldre klassikarar, seier ho.

Også med lobbyhatten på er ho nokså nøgd.

– Vi var opptekne av at skulebibliotekarkompetansen skulle vera representert i gruppa som jobba med innhaldslistene til norskfaget.

Slik blei det òg.

Som fleire av dei andre ser ho verdien av at elevane er innom nokre felles verk – det ho kallar «dagens algoritmesamfunn der dei felles referansane blir stadig færre».

Anne Brit Ingholm

– Eg tenkjer at det er lurt at det er ein god miks av gammalt og nyare. Det krev jo at listene kan oppdaterast, men samstundes ikkje for ofte, om poenget er felles referansar over tid. Eg har høyrt at nokon har kritisert at ein del ting var for nytt, men der har ikkje eg gjort meg opp noka meining endå.

– Inga kvilepute for rektor

Bøkene på listene må vera råd å få tak i for biblioteka, understrekar Ingholm. I dag er det ei utfordring at titlar ofte ikkje blir trykte i store nok opplag

– Bibliotekaren kan også vera ein samarbeidspartnar for lærarane og gi forslag til tekstar med tilsvarande tema og som kan spela på liknande felles referansar.

Det er urealistisk å venta at lærarane generelt skal ha like stort spenn i kjennskap til tekstar som bibliotekaren har. Listene var jo såpass korte at dei ikkje kan erstatta ei god og tilpassa boksamling i skulen. 

– Det kan ikkje bli ei kvilepute for rektor å tenkja at desse tekstane erstattar anna innkjøp, seier Ingholm. 

I musikk er mellom anna Karpe, Åge Aleksandersen, A-ha, ABBA, Queen, Sigrid, Aretha Franklin og Billie Eilish foreslått. For ungdomsskulen (8.–10. trinn) er konkrete låtar som «Birds of a Feather» (Billie Eilish), «Another Brick in the Wall» (Pink Floyd) og «Zombie» (Cranberries) nemnde.

Samfunnsfaglistene dekkjer tema frå jordbruksrevolusjonen, barnerettigheiter, artsmangfald og kulturmøte i eit fleirkulturelt samfunn til 22. juli og Fosen-saka.

Høyringsfristen er sett til 17. april.

Powered by Labrador CMS