Trump utnemner sin personlege advokat og visejustisminister til biblioteksjef for Kongressen

WASHINGTON, USA: Visejustisminister Todd Blanche er utnemnd til fungerande biblioteksjef for Kongressen. Blanche skal erstatta Carla Hayden som blei sparka før helga. Men bibliotekarane gjev presidenten motstand og krev at Kongressen kjem på banen.

Ufaglært biblioteksjef: Juristen Todd Blanche er utnemnd til ny sjef for Kongressbiblioteket, men dei tilsette motset seg utnemninga og stiller seg bak nyleg avgåtte Carla Hayden si høgre hand Robert Newlen som fungerande leiar.
Publisert Sist oppdatert

Før Carla Hayden gjekk av fekk ho kritikk frå konservative om at ho fremja ein woke-agenda. Etter at Trump avslutta Hayden sitt engasjement, skulda Det kvite hus ho for å ha plassert upassande bøker for born i biblioteket.

No har presidenten gjeve stillinga som Kongressbibliotekar til den personlege advokaten sin. Todd Blanche var Trump sin forsvarar då han i fjor som den første tidlegare amerikanske presidenten blei dømd for alvorlege lovbrot. Ein jury i New York fann Donald Trump skuldig i alle 34 tiltalepunkta i saka som handla om at han ulovleg påverka valet i 2016 gjennom utbetaling av hysjpengar til Stormy Daniels.

Opprør blant tilsette

Like etter at presidenten utnemnte Todd Blanche til fungerande biblioteksjef, nekta tilsette ved kongressbiblioteket to av lakeiane hans tilgang til administrasjonslokala på Capitol Hill. Dei tilsette insisterte på at Kongressen må involverast i avgjerdene som presidentadministrasjonen no pressar gjennom.

Utestenginga førte til ein kort konfrontasjon, fortel The New York Times. Rundt klokka 9 måndag morgon lokal tid kom dei to tenestemennene til biblioteket og bad om tilgang til opphavsrettskontoret. Dei hadde med seg eit brev frå Det kvite hus som erklærte at Blanche var fungerande biblioteksjef og hadde utnemnd dei.

Dei to var Paul Perkins, ein assisterande visejustisminister, som ifølge notatet var innsett som fungerande registrator for opphavsrettar, og direktør for Opphavsrettskontoret, og Brian Nieves, ein viseadministrasjonssjef og seniorrådgjevar som var utpeikt som fungerande visebibliotekar. I løpet av helga sparka Trump nemleg også Shira Perlmutter som direktør for Opphavsrettskontoret som ligg under Kongressbiblioteket.

Tilsette ved biblioteket nekta dei to å koma inn og ringte U.S. Capitol Police og juridisk direktør Meg Williams, som bad tenestemennene om å gå, fortel anonyme kjelder.

Tilsette støttar eigen leiar

Dei tilsette ved biblioteket seier at dei, i påvente av ein instruks frå Kongressen, anerkjenner Hayden sin nestkommanderande Robert Newlen som fungerande biblioteksjef.

I ein kort e-post til dei tilsette måndag kommenterte Newlen at Det kvite hus hadde utnemnt ein ny fungerande biblioteksjef og antyda at saka framleis var uløyst.

«For tida er Kongressen i dialog med Det kvite hus, og vi har ikkje motteke instruks frå Kongressen om korleis vi skal gå fram. Vi vil dela ytterlegare informasjon når vi mottek den,» skreiv han, og signerte eposten med «fungerande biblioteksjef for Kongressen».

– Ekstremt urovekkande

Stillinga som biblioteksjefen for Kongressen er ein post som blir utnemnd av presidenten og krev godkjenning av Senatet. Senatet er den eine delen av Kongressen og består av 100 senatorar, to frå kvar stat. Den andre delen er Representantanthuset, som består av 435 representantar fordelt etter kor mange som bur i delstatane. Kongressen er USA si lovgjevande forsamling.

Joseph D. Morelle frå New York, den leiande demokraten i Representanthuset sin administrasjonskomité og medlem av Felleskomiteen for biblioteket, kalla tiltaket «eit maktgriskt angrep på den lovgjevande greina.»

Saman med senator Alex Padilla, den leiande demokraten i Senatet sin komité for reglar og administrasjon, kritiserte han republikanarar for ikkje å ta til motmæle.

«Det er ekstremt urovekkande at Trump sender tenestemenn frå den utøvande greina til Justisdepartementet for å ta over eit byrå i den lovgjevande greina,» sa dei to i ei felles fråsegn måndag.

«Kongressen må stå opp for Grunnlova sin artikkel I og forsvara det upartiske biblioteket og den lovgjevande greina mot politisk kontroll frå Det kvite hus,» la dei til, med referanse til artikkelen som skildrar Kongressen sine fullmakter.

Redde for utilbørleg innsyn

Senatet si fleirtalsleiar, republikanaren John Thune, sa til reporterar måndag at lovgjevarar undersøker om Trump har makt til å sparka biblioteksjefen for Kongressen, som teknisk sett er ein tilsett i den lovgjevande greina.

«Vi vil sikra at interessene til Kongressen blir respekterte og verna i denne prosessen,» sa Thune ifølge Associated Press.

Konsekvensane av at Trump installerer ein nær alliert som biblioteksjef for Kongressen kan vera vidtrekkande. Til dømes kan biblioteksjefen få innsikt i spørsmål som Kongressrepresentantar stiller til Kongressbiblioteket si forskingsteneste.

Demokratar er uroa for kva slags informasjon Trump-utnemnde embetsmenn kan få tilgang til i ein prosess som vanlegvis er konfidensiell mellom forskingstenesta og lovgjevarane.

Powered by Labrador CMS