Norsk mediebarometer 2024
Trønderar lyttar mest på lydbok
Den som grev litt i tabellane i rapporten til Norsk mediebarometer for 2024 kan finna uventa innsikter, som det at trønderar er over snittet ivrige når det kjem til å lytta på lydbøker, og at folk eigentleg les meir bøker enn nokon gong sidan 1991.

Det er ikkje få som gjer seg til dommedagsprofetar på boka sine vegne. Men kan henda står det ikkje så dårleg til som mange trur. Ifølge tala frå Norsk mediebarometer held papirboklesarane stand og blir supplert med stadig fleire lydboklesarar.
Eit interessant funn er at dei åtte prosentane av befolkninga som lyttar til lydbok på ein gjennomsnittsdag gjer det veldig mykje (artig statistikkord, forresten – gjennomsnittsdag). Den norske Forfatterforening sin Tid til 10-kampanje blir heller tassen i ambisjonsnivået når ein ser den opp mot SSB-tala. Dei viser nemleg at lydboklesarane i snitt brukar 88 minuttar om dagen til slik lytting.
Mest gøy med trønderane
Dobbelt så mange kvinner som menn lyttar til lydbøker – høvesvis ti og fem prosent, noko som er interessant nok og burde gje mat til mang ein maskulin BookBites- og Libby-kampanje.
Dette med trønderane er likevel mest gøy. Der i fylket lyttar heile 10 prosent til lydbøker på ein gjennomsnittsdag! Dei andre landsdelane kjem halsande statistisk signifikant langt etter, Oslo og Akershus og Vestlandet ligg på 8 prosent. Austlandet elles, Agder, Rogaland og Nord-Norge ligg på 7 prosent.
Vi kan berre spekuler: Anten har trønderane så rike liv at dei reknar færre dagar som gjennomsnittlege, eller så er dei ganske enkelt meir glad i lydbøker. Gøy er det uansett.
Det ser ut til at lydbok tek marknadsdelar frå radio, og ikkje frå papirbøker. Meir om det om litt.
Heile halve dagen på nett
Det er nok ingen som blir overraska over at folk sin mediebruk blir stadig meir digitalisert.
I snitt brukar folk 4 timar og 35 minutt på internett dagleg, med store variasjonar mellom aldersgruppene. Dei mellom 16 og 19 brukar over 7,5 timar dagleg på nett.
57 prosent av befolkninga oppdaterte seg på nyheiter på sosiale medium ein gjennomsnittsdag i 2024. Facebook, Instagram og Snapchat er dei teneste der flest les nyheiter om ein ser på heile befolkninga, medan dei yngre i stor grad oppsøker TikTok for nyheiter.
TV tapar stort
I 2024 las 15 prosent av befolkninga papiravis på ein gjennomsnittsdag. 58 prosent las nyheiter i nettaviser, men også her er det en liten nedgang frå tidlegare år.
Mens tradisjonell radiolytting blir mindre populært, veks interessa for andre lydmedium, som musikk, podkast og lydbok.
Stadig færre får med seg kanalane sine tradisjonelle TV-sendingar, medan 9 av 10 hadde tilgang til minst ei strøymeteneste i 2024, som Netflix, TV2 Play eller MAX.
Som Bok & bibliotek sine oppvakte lesarar jo veit, har 10 av 10 i teorien tilgang til biblioteka si strøymeteneste filmbib.no, men det ser ikkje ut til at SSB-folka har hugsa å sjekka kor mange som nyttar seg av det.
Vi les meir enn nokon gong
Bøker er unnataket i denne digitaliseringstrenden. Det å lesa papirbøker har historisk sett vore folk sin mest stabile medievane, skriv SSB.
Då Norsk mediebarometer starta i 1991, las Ali og Ola, Kari og Fatima 14 minuttar i bok på ein gjennomsnittsdag. I 2011 og 2013 var dei oppe i 17 minuttar. Så gjekk det nedover år for år fram til 2021. Då blei 12 minuttar brukt på boklesing ein gjennomsnittsdag. I 2022 kom SSB på å sjekka om også folk over 79 år nytta medium (noko dei ikkje sjekka mellom 1991 og 2021), og skulle du ha sett: Der smatt leseminutta opp til 17. Og der har dei halde seg sidan.
Men så kjem e-boklesinga på toppen! Den utgjorde ein minutt i 2017, men har stige til tre minuttar dei to siste åra. Så oppsummert ser det ut til å vera grunnlag for å hevda at folk les meir bøker enn nokon gong sidan 1991.
Dette les vi
Romanar og noveller er den mest populære bok-sjangeren, valt av 31 prosent i 2024. Deretter følger barne- og ungdomslitteratur med 25 prosent og krim med 17 prosent.
25–44-åringane les i stor grad romanar/noveller og barne- eller ungdomsbøker, men aller mest les dei sjølvhjelpsbøker. Over halvparten av papirboklesarane i alderen 80 år eller eldre les romanar og noveller.
Dette lyttar vi til
Lydbok held seg stabilt frå i fjor, medan både podkast og musikk viser ein liten auke. Lytteaktiviteten aukar som sagt – i alle aldersgrupper. 31 prosent av dei mellom 25 og 44 år fekk sin daglege dose podkast i 2024.
Humor er den mest populære sjangeren når det kjem til podkast. Menn seier oftare enn kvinner at dei vel politisk, historisk, teknologisk og vitskapeleg innhald. Kvinner likar i større grad podkastar om helse og livsstil og historier frå verkelegheita.
Dei som les tidsskrift, vekeblad eller teikneseriar, gjer det i 2024 om lag like ofte på nett som på papir.
Dataspel held stand – nesten. Rundt ein tredel av befolkninga held på med slikt. 36 prosent på ein gjennomsnittsdag i 2015, mot 31 prosent i 2024. Dei på 80+ sitt inntog i statistikken i 2022 ser ikkje ut til å ha påverka denne delen av barometeret.