Sverige

Tankesmie kritiserer satsing på skulebibliotek

Den svenske tankesmia Timbro stiller seg negative til landet si satsing på skulebibliotek. Kunnskapen om skulebiblioteka sin effekt på elevar sine leseevner er for dårleg, hevdar dei.

Etterlyser meir kunnskap: Fredrik Kopsch og Lovisa Landryg frå næringslivstankesmia Timbro
Publisert Sist oppdatert

Sitata frå svenske aviser og blad i denne saka er omsette av redaksjonen med assistanse frå ChatGPT 4o.

«Skulesatsing skal ikkje drivast av kjensler, men av utprøvde metodar med vitskapleg evidens. Elles risikerer ressursar å bli fordelte vekk frå verksemder som gjev nytte og over til dei ropar høgast, skriv velferdsansvarleg Lovisa Landryg og sjeføkonom Fredrik Kopsch frå næringslivstankesmia Timbro i eit debattinnlegg i Expressen 6. mai i år

«Om målet er å betre leseforståinga blant svenske born, er det på ingen måte klarlagt at påbod om bemanna bibliotek fungerer i det heile, og det er definitivt ikkje fastlagt at dette er den beste bruken av skulen sine avgrensa ressursar,» held dei fram.

Manglar kvantitative målingar

Mange her til lands har drege fram svenskane si storsatsing på skulebibliotek som eit døme til etterfølging. Det svenske statstilskotet utgjer 216 millionar SEK neste år og deretter 433 millionar per år.

Debattantane hevdar at det ikkje finst nokon tydeleg samanheng mellom skulebibliotek og elevar si læring, og stiller difor spørsmål ved kostnadane for ambisjonsauken.

Biblioteksbladet har presentert Landryg og Kopch sine argument for Ulrika Centerwall som er lektor ved Høgskulen i Borås. I si nyleg avlagte doktoravhandling studerte ho metodane til skulebibliotekarar som lukkast. Ho held med Timbro-representantane i ein ting: Det manglar kvantitative målingar som viser direkte samanhengar mellom skulebibliotek og elevar si leseforståing.

Det er definitivt ikkje fastlagt at dette er den beste bruken av skulen sine avgrensa ressursar

Fredrik Kopsch og Lovisa Landryg i Expressen

– Vi gjer ikkje den typen forsking i Sverige, metoden vår er kvalitativ, seier ho til Biblioteksbladet.

– Vi gjer intervju og spørjeundersøkingar, og der ser vi jo utruleg mykje evidens kring kva skulebibliotek og skulebibliotekarar betyr for elevane si læring. Vi held jo ikkje på og måler bibliotek, for vi veit at bibliotek er bra og viktige og fungerer.

– Ikkje eitt tiltak

I ein skriftleg kommentar til Biblioteksbladet seier generalsekretær i Svensk biblioteksförening Silvia Ernhagen at lesedugleiken og -forståinga blant elevar ikkje aukar som følge av eitt enkelt tiltak. «Det krevst eit breitt spekter av tiltak, der bemanna skulebibliotek er eitt.»

Ho held fram:

«Skulebibliotekaren og biblioteket gjer ein forskjell for elevane si lesing om det er integrert i det pedagogiske arbeidet i skulen. Bibliotekarar er òg ekspertar på medie- og informasjonskunnskap, noko som er ei nødvendig kunnskap i dagens samfunn. Ei nasjonal satsing på bemanna skulebibliotek gjer at satsinga når alle elevar, noko som gjer skulen meir likestilt. Skulebiblioteket er til for alle elevane si leseutvikling og oppdaging av litteratur, ikkje berre for å løysa spørsmålet om lesedugleik.»

Powered by Labrador CMS