Utgave: 4/2023

Skansen for alle ytringar

Omslaget på denne utgåva er laga av FadiToOn. Han er palestinar. Det kan kjøpast på illustrertejulekort.no. Pengane går til Leger uten grenser sitt arbeid i Gaza. Mange av oss skal snart feira at Jesus-barnet blei født i ein stall like utanfor Betlehem. Ifølge Bibelen kom han for å frelsa oss alle. Det kan anten lesast som djupt ironisk eller som noko av det einaste som gir håp i møte med vondskapen.

Betlehem ligg i dag på Vestbreidda, ei mils veg sør for Jerusalem. Byen er under fullstendig palestinsk kontroll, les eg på snl.no. Mon det. Sidan 2006 har Betlehem vore skild frå Jerusalem av den israelske muren. Alle som skal frå den eine byen til den andre må gjennom ein kontrollpost. Dette har utarma Betlehem sin økonomi. Og truleg også stemninga og livskvaliteten, tenkjer eg. Og framtidsvona, gleda, tryggleiken. Ingen likar å bli kontrollerte.

Det er all grunn til å kritisera måten israelske styresmakter fer fram på overfor palestinarar og har gjort det i mange år. Men då det i november byrja å dukka opp støttedikt for Palestina i Deichman-filialar sine sosiale medium, reagerte eg negativt. Det verka aktivistisk.

Den 23.11. blei det kjent at Deichman-direktør Knut Skansen hadde stansa kampanjen. For ein kampanje var det, frå samfunnsengasjerte bibliotektilsette. Skansen grunngav ifølge Subjekt stansen med at kampanjen gjorde at folkebiblioteket ikkje «oppleves som et trygt og godt sted for alle Oslos innbyggere».

Same dag hadde 15 Deichman-tilsette eit debattinnlegg på trykk i Klassekampen der dei kritiserte leiinga si avgjerd: «Allerede fire dager etter at Russland invaderte Ukraina gjennomførte Deichman en såkalt stillemarkering, for ‘Ukraina, fakta og ytringsfrihet’, som det het den gang. Torsdag skal Deichman ha en ny stillemarkering, nå ‘for å vise vår støtte til alle som er rammet av denne forferdelige krigen’. Denne gangen har ordet ‘stille’ dessverre fått en dobbeltbetydning det er umulig å stå inne for som ansatt.»

Knut Skansen fortel til Subjekt 24. november at då biblioteket gjorde ei markering for Ukraina, kjente han at dei var i ulendt terreng.

«Hvis et bibliotek hver gang det er en konflikt, skal peke på noe, må vi peke balansert. Vi må følge reglene og ha bredde, kvalitet og aktualitet i alt vi gjør. [...] Når vi bruker våre kanaler til å dele spesifikke ytringer, blir det veldig utydelig hvem som er avsender. Vi er en plattform for ytringer, ikke en avsender», sa Skansen.

Låntakarane skal få tilgang til alle ytringar, understrekar han vidare. Alle ytringar som er innanfor lova, skal kunna finna stad i biblioteket, og vi må legga til rette for det, men biblioteket skal ikkje vera ein aktør i ytringa.

No skal Knut Skansen slutta i jobben som Deichman-direktør for å bli administrerande direktør for Oslo-filharmonien. Med dette mister norsk bibliotekverd ein av sine mest prinsipielle ytringsfridomstenkarar.

Powered by Labrador CMS