Frå prisutdelinga i Bergen 14. september. Siri O. vikse frå Haugesund folkebibliotek med diplom og stort smil til venstre.

Pris for publikumsutvikling til Haugesund folkebibliotek

Haugesund folkebibliotek blei torsdag 14. september tildelt prisen som «Årets utvidar» av Norsk publikumsutvikling. Biblioteksjefen kallar det ein honnør til heilt vanleg bibliotekarbeid.

Publisert Sist oppdatert

– Surrealistisk! seier biblioteksjef Siri O. Vikse til Bok & bibliotek.

– Dette er ikkje ein pris vi har hatt noko slags forventing verken om å bli nominert til eller vinna. Vi var i salen med gigantiske statlege kulturhus i ein heil annan liga. Å vinna er heilt fantastisk. Det viser at det vi gjer er bra, at vi har gjort noko riktig.

Dette riktige er heilt alminneleg bibliotekarbeid, understrekar Vikse, så slik bli prisen ein honør til alle folkebibliotek.

– Det vi vinn for er det vi gjer kvar dag. Det er kjerneoppdraget, menneskemøta.

Om prisen

NPU-prisen er ei årleg utmerking innanfor fire kategoriar: ØKER, FORSTERKER, UTVIDER og FORNYER. Tidegare vinnarar inkluderer institusjonar som Musea Vita, Det Norske Teater, Dansens hus, Munch og Den norske Opera og Ballett. Dei tre andre nominerte til Utvidar-prisen i år var Riksscenen, Perspektivet museum og Rebekka Brox Liabø/Stifinnere. Les meir om dei nominerte her.

Haugesund folkebibliotek fekk tildelt prisen av Tage Pettersen, Åslaug Sem Jacobsen og Åse Kristin Ask Bakke frå Stortinget sin familie- og kulturkomite under NPU-konferansen i Bergen 14. september.

Norsk publikumsutvikling er ein sektorovergripande organisasjon som jobbar med å styrka kunsten og kulturen sin posisjon i samfunnet gjennom auka publikumskompetanse.

Fritt, trygt og ope

I Haugesund har dei eit uttala mål om at det ikkje er biblioteket si røst som skal høyrast frå scenene, men innbyggarane sine stemmer.

– Lag, foreiningar, interessegrupper og organisasjonar – vi skal hjelpa til å løfta di stemme fram. Dette går rett inn i debatten om korleis du opnar ytringar som kan vera ubehagelege. Prisen viser at vi tek dette veldig seriøst og har klart å bygga eit fritt, trygt, ope ytringsrom og at biblioteket er alle sitt hus, seier Siri O. Vikse.

– Juryen skriv at suksessen er ein konsekvens av korleis de jobbar med å invitera andre til å bruka institusjonsrommet til eigne formål. Kva har de gjort for å få samarbeid med andre aktørar?

– Vi har vore veldig bevisste i personalet på måten vi møter folk, at vi alltid skal vera på tilbodssida. Vi tek ikkje betalt for noko, og vi stiller med teknikk og personale for gjennomføring av arrangement. Det skal vera lett for eksterne å gjera noko hos oss.

Legg til rette

– Forfattarar vi tek inn skal heller ikkje representera vår smak og våre ønskjer, og vi har ikkje mål om at det skal vera høglitterært. Vi samarbeider med veldig mange forskjellige foreiningar og prøver å gjera det enkelt for dei.

Hagelaget er ein av dei mange som nyter godt av den serviceretta innstillinga til bibliotekfolka i Haugesund.

– Når vi står for teknikken og legg til rette, kan dei bruka sine midlar på veldig gode foredragshaldarar. Det gjer at det smakar godt for dei å bruka biblioteket.

Til gjengjeld har dei no teke ansvar for å luka og halda hagen utanfor biblioteket, til glede for alle som kjem forbi.

– Når du kjem til oss skal du få låge skuldrar og merka at her er du velkomen. Ingen skal føla seg utanfor, eller ikkje veta kor dei skal gå, seier Vikse.

300 000 besøk

– Kva for posisjon har Haugesund folkebibliotek i byen i dag?

– Eg vil seia vi er byens største kulturhus. Vi er på veg opp mot 300 000 besøkande i 2023. I ein by med 38 000 innbyggarar er det ganske ekstremt, svarar Vikse.

Doblinga i besøk på få år er komen utan auke i ressursar.

– Det betyr at vi har måtta jobba veldig annleis og sleppa tøylane og gje stor tillit til dei som brukar huset. Hos oss finn du ingen låste dører bortsett frå til kontora. Det skapar eigarskap. Mange var nervøse då det freda bygget med open løysing skulle bli meirope, men etter tre år har dei ikkje hatt ei einaste negativ hending

– Det seier noko om relasjonen folk har til huset! seier biblioteksjefen.

– Kva er dine beste råd til andre bibliotek som vil oppnå det same som de har fått til?

– Kjenn lokalmiljøet. Strekk ut ei hand, og ønsk andre grupper velkomne inn på biblioteket. Det kan verka som det er veldig mykje arbeid, men eg lovar at det vil smaka meir enn det kostar.

JURYEN SI GRUNNGJEVING

Hvordan er det mulig? Hvordan kan man mer enn doble antall besøkende siden før pandemien, og samtidig utvikle institusjonen i en retning som all publikumsutvikling tar sikte på: å samle det store felles «vi» under ett og samme tak? Årets UTVIDER mestrer det. Deres suksess er en konsekvens av hvordan de ansatte jobber med å invitere andre til å bruke institusjonsrommet til egne formål. Fyll det med innhold som i stor grad har vært medskapt av andre aktører. Suksessen er ikke et resultat av nye ressurser eller endrede fysiske rammer. Det er et resultat av en målrettet, publikumsrettet innsats, hvor man ønsker å bryte ned barrierer mellom grupper som ofte lever uten sosial kontakt seg imellom. Årets UTVIDER utsetter folk for hverandre i 1:1-møter og fremstår som uredd og raus i sitt programmatiske arbeid. Å få 200.000 besøk i en by med 37.000 innbyggere er mildt sagt imponerende.

RETTING

Fredag 15.9.23 klokka 18:50

I første versjon av denne saka sto det at Haugesund folkebibliotek var det første biblioteket i historia til å få ein NPU-pris. Det stemmer ikkje og er no retta. Bergen offentlige bibliotek fekk prisen «Formidler best» i 2017.

Powered by Labrador CMS