Forfattaren Salman Rushdie overlevde åtaket den 12. august i år trass i eit titals knivstikk.
Forfattaren Salman Rushdie overlevde åtaket den 12. august i år trass i eit titals knivstikk.

På scenen med Rushdie den dagen – ny podkastepisode

Då attentatet mot Salman Rushdie skjedde den 12. august i år, sat Henry Reese rett overfor han på scenen, klar til å starta ein alminneleg scenesamtale.

Publisert Sist oppdatert

Trykk her for å høyra episoden på Spotify

Gjesten i denne episoden heiter Henry Reese og er ein av grunnleggarane av City of Asylum i Pittsburgh, USA. Opptaket var opphavleg gjort som underlag for det skriftlege intervjuet med Henry Reese, som står på trykk i utgåve 3/2022.

Henry Reese. Foto: Renee Rosensteel
Henry Reese. Foto: Renee Rosensteel

At det var akkurat Reese som skulle intervjua Rushdie den 12. august, heng saman med at han er involvert i det internasjonale Friby-nettverket ICORN, som mange norske bibliotek òg er med i, og som har hovudkontor på Sølvberget i Stavanger.

Salman Rushdie sto i front då forløparen til ICORN blei danna i 1993. Ideen var enkel: å bygga eit nettverk av byar som kunne gje ly til forfattarar som blei forfølgde. Det var dette Reese og Rushdie skulle til å snakka om då Hadi Matar storma opp frå publikum og begynte å stikka Rushdie med kniv. For Henry Reese blei denne brutale opplevinga ei påminning om kva det vil seia å vera ein lesar, og om det umåteleg viktige oppdraget til biblioteket og alle som jobbar der.

Samtalen med Henry Reese blei teken opp den 14. september i år, over Skype frå Pittsburgh til Skien. Intervjuar er Arne Olav Hageberg.

Om du ikkje vil gå glipp av ein einaste episode, er det lurt å abonnera på podkasten vår. Og så er vi avhengige av god omtale og mange stjerner, tomlar og delingar for å bli lagt merke til. Så om du fann dette meiningsfullt og viktig, eller gøy, så veit du kva du må gjera. Takk!

Powered by Labrador CMS