Utgave: 4/2023
Nytt på nett
Det meste av innholdet på nettsiden vår kommer ikke i papirutgaven. Her er noen smakebiter fra saker som er publisert på bokogbibliotek.no siden sist.
EU-direktiv skapar strid om profesjonskravet
Kan det bli slutt på kravet om bibliotekarutdanning for biblioteksjefar? Svaret er ja, om ein skal tru eit ferskt høyringssvar frå Nasjonalbiblioteket (NB).
Eit nytt EU-direktiv utfordrar profesjonskravet for norske biblioteksjefar, meiner NB. Bibliotekarforbundet (BF) og Norsk Bibliotekforening (NBF) er ueinige og går langt i å hevda at NB ønskjer å tvinga fram ei endring i biblioteklova.
– Dette er ikkje noko vi meiner eller påstår. Vi konstaterer at om vi skal implementera «forholdsmessighetsprøvingsdirektivet » i norsk lov, så må lov om folkebibliotek endrast, seier NB sin avdelingsdirektør for bibliotekutvikling Svein Arne Tinnesand.
– Det er ikkje automatikk her. Det som eg legg merke til, er at det verkar som NB brukar denne høyringa som brekkstong, kontrar Vidar Lund i NBF.
– Mildt sagt spesielt, seier avtroppande BF-leiar Veronicha Angell Bergli.
– Nasjonalbiblioteket påstår at det ikkje er nokon forskjell på bibliotek med og utan bibliotekfagleg kompetanse, det trur eg ikkje noko på, og eg lurar på kva slags data dei legg til grunn.
Saka blei publisert 12.11. Du les heile på bokogbibliotek.no.
Verdskongressen i Dubai avlyst
Det blir ingen WLIC 2024, ikkje i Dubai og ikkje nokon annan stad. Det fortalde International Federation of Library Associations (IFLA) i ei pressemelding 3. oktober.
Først ville Emirata vera vertskap for neste års verdskongress for bibliotek. No trekker dei attende invitasjonen. Protestvedtaka har hatt effekt, meiner leiar Vidar Lund i Norsk Bibliotekforening.
Saka blei publisert 5. oktober. På nettsida finn du denne og ei rekke andre saker om temaet.
Publikum positive til innbyggertorg i bibliotek
Publikum er alt i alt positive til samlokalisering av innbyggertorg og bibliotek, men blant de ansatte mener hele 64 prosent at bibliotekets frie rolle blir utfordret.
Dette viser oppsummeringen av kommunene Indre Østfold og Drammen sitt fellesprosjekt «Beste praksis for bibliotek og innbyggertorg». Ambisjonen var å lage en nasjonal modell for denne typen samorganisering. Når prosjektet nå oppsummeres, anbefales det ikke én modell. Erfaringsrapporten skisserer fire mulige hvorav den siste advares mot.
Les om de fire modellene på bokogbibliotek.no. Saken ble publisert 2.10.