Nytt elektronisk arkivtidsskrift
        ABM-media lanserer 1. april et nytt arkivtidsskrift på nett.
 Det skal romme alt fra aktualitetsstoff til fagfellevurderte artikler.
– Vi
 ønskjer å vere eit tidsskrift for alle som arbeider med eller har interesse for
 arkiv, forteller redaktøren, Gudmund Valderhaug.
 
 
 
 
 
 
ABM-media lanserer 1. april et nytt arkivtidsskrift på nett.
 Det skal romme alt fra aktualitetsstoff til fagfellevurderte artikler.
– Vi
 ønskjer å vere eit tidsskrift for alle som arbeider med eller har interesse for
 arkiv, forteller redaktøren, Gudmund Valderhaug.
Bok og Bibliotek: Hvorfor trenger vi et nettidsskrift om
 arkiv?
Gudmund Valderhaug: Eg forstår kvifor du spør. Vi har jo
 allereie tre arkivtidsskrift; Norsk Arkivråd gir ut Arkivråd, det statlege
 Arkivverket  har Arkivmagasinet og dei
 kommunale arkivinstitusjonane gir ut Arkheion, så kva skal vi med eit fjerde?
 Årsaka er vel at desse tidsskrifta har sine spesifikke målgrupper. Arkivråd er
 først og fremst til for medlemsmassen i Arkivrådet, Arkivmagasinet for
 Arkivverkets brukarar og Arkheion for arkivmedarbeidarar i kommunane. Det nye
 tidsskriftet må ha ei klar arbeidsdeling i høve til desse tre. Det oppnår vi
 med å fokusere på teoretiske og metodologiske arkivfaglege problemstillingar og
 prioritere publisering av fagfellevurderte vitskaplege artiklar. Formålet til,
 og grunngjevinga for, tidsskriftet er å styrke den vitskaplege tilnærminga til
 faget og vere ein uavhengig arena for fagleg utvikling og debatt.
BoB: Hvilke deler av arkivsektoren skal tidsskriftet dekke?
Valderhaug: Målet er å dekkje heile spennet i arkivfaget,
 frå arkivdanning til bevaring og formidling av eldre arkiv. Dei siste tjue åra
 har vi sett ei eit omfattande teoretisk og metodisk nybrottsarbeid for kunne
 forstå, handtere og bevare elektroniske arkiv som autentisk dokumentasjon.
 Samtidig har påverking frå tenkjarar som Foucault og Derrida ført til auka
 kritisk refleksjon kring arkivet som konstruksjon og uttrykk for
 samfunnsmessige makttilhøve, og om samfunnsrollene til arkivinstitusjonane.
 Begge desse perspektiva – arkivet som system og arkivet som samfunnsfenomen –
 må få ein tydeleg plass. Vi ønskjer å vere eit tidsskrift for alle som arbeider
 med eller har interesse for arkiv.
BoB: Hva slags typer stoff ønsker du å formidle?
Valderhaug: Eg har ein ambisjon om å få dei "praktiserande
 arkivarane" i forvaltning og depot til å bidra med artiklar. Det finst mange
 høgt kvalifiserte kollegaer som har viktige erfaringar, folk som har arbeida
 med metodeutvikling i t.d. arkivdanning, arkivbeskriving, digitalisering og
 formidling. Dei sit med kunnskapar som fortener vitskapleg systematisering og
 publisering. Eg vil elles legge vekt på å publiserte artiklar av utanlandske
 forfattarar.
BoB: Hvordan vil bedømningen skje av de forskningsbaserte
 artiklene?
Valderhaug: Fagfellevurderinga vil foregå slik at artiklane
 blir vurdert anonymt av to fagfellar som har spesiellkompetanse innanfor
 artikkelemnet. Desse kan så tilrå publisering av artikkelen som den er,
 publisering med bestemte endringar, eller at den blir refusert.
BoB: Har du noen kjepphester som redaktør?
Valderhaug: Som sagt vil fagfellevurderte arkivvitskaplege
 artiklar stå sentralt. Men samtidig gir sjølve nettpubliseringa av tidsskriftet
 oss høve til å vere aktuelle på ein måte som dei tradisjonelle papirbaserte
 tidsskrifta ikkje har hatt. Vi vil for det første publisere dei vitskaplege
 artiklane kontinuerleg, etter kvart som dei er ferdige. Men vi vil også publisere
 aktualitetsstoff, dvs arkivrelaterte nyheiter, aktuelle kommentarar og
 debattinnlegg. Og vi vil gi lesarane høve til å seie si meining direkte, i
 kommentarfelt under artiklane. Dette vil ikkje gjelde dei fagfellevurderte
 artiklane. Kommentarar til desse må gå via redaksjonen.
Gudmund Valderhaug er førsteamanuensis (50%) ved arkivutdanninga på HiO, og har bak seg en rekke frilansoppdrag i arkiv- og kulturarvsektoren. Han var arkivsjef for Interkommunalt arkiv i Hordaland 1990-2002, og avdelingsdirektør ABM-utvikling i 2003-06.
– – – –
 Vi kommer tilbake med tidsskriftets URL når lansering nærmer
 seg 1. april.
– Odd Letnes, red.