Merk deg namnet Tibi

Nytt namn og nye nettsider for "The service formerly known as NLB".

Lyd og punktskrift: Tibi er biblioteket for alle som har vanskar med å lesa visuell tekst på grunn av funksjonsnedsetting eller sjukdom.
Publisert Sist oppdatert

Før heitte det Norsk lyd- og blindeskriftbibliotek (NLB). Frå og med i dag heiter det Tibi. Ifølje ei pressemelding frå Nasjonalbiblioteket er namnet ei forkorting for Biblioteket for tilrettelagt litteratur. Redaksjonen mistenker også ein viss inspirasjon frå latin. På dette språket tyder tibi nemleg "til deg". 

Tibi er biblioteket for alle som har vanskar med å lesa visuell tekst på grunn av funksjonsnedsetting eller sjukdom. Dei lagar og låner ut lydbøker, e-bøker og bøker i punktskrift.

I fjor gjekk NLB frå å vera ei eiga verksemd, til å bli ei teneste frå Nasjonalbiblioteket. No har tenesta altså fått nytt namn og ny utsjånad. Den nye nettadressa er tibi.no, og appane Lydhør og Maneno har bytt namn til Tibi og Tibi junior. Tilbodet er uendra, men no skal det vera enklare å finne fram til.

Kurs for bibliotektilsette

På nettsida finst det ei eiga side for bibliotektilsette, med forslag til tekstar ein kan bruka for å presentera tilbodet til eigne lånarar, bilete og brosjyrar som ein kan trenga for å få Tibi inn i eige bibliotek, til dømes i samband med Sommerles-kampanjen. 

NB har også laga ei eiga "gjereliste" for bibliotekfolk i høve alt det nye:

  1. Bestill nytt infomateriell om Tibi. Kast gamle NLB-brosjyrar når dei nye er på plass.
  2. Sørg for at alle tilsette får med seg endringa.
  3. Oppdater informasjonen på nettsida til biblioteket ditt.
  4. Ta kurset Tibi i verktøykassa.

Tibi i verktøykassa er eit gratis nettkurs utforma i sær med tanke på tilsette i bibliotek. Kurset gjev ei innføring i tilrettelagt litteratur, kva funksjonsnedsetjingar som kan gje lesevanskar, og korleis ein kan gje fleire tilgang til bøker og informasjon.

Mange målgrupper

Direktør for tilrettelagt litteratur Øyvind Engh

Avdelingsdirektør for tilrettelagt litteratur ved Nasjonalbiblioteket, Øyvind Engh, meiner det var på tide med ei fornying.

– Både språket, teknologien, tilbodet og brukargruppene våre har forandra seg sidan Norsk lyd- og blindeskriftbibliotek vart oppretta i 1989, seier Engh. 

– I starten var vi berre eit tilbod til menneske med synshemming. I dag har vi òg lånerar med andre leseutfordringar som dysleksi, fysiske funksjonsnedsetjingar og kognitive vanskar. Tibi skal ivareta og inkludera alle.

Fleire hundre tusen menneske i Noreg har nedsett syn, dysleksi eller andre funksjonsnedsettingar som gjer det vanskeleg å lese visuell tekst og vanlege bøker. Tibi gjer det enklare for fleire å delta i samfunnet på linje med andre.

Powered by Labrador CMS