UH-bibliotek om NBT-konkursen:
– Kom på verst tenkelge tidspunkt
I dag kom meldinga om at transportselskapet Nor-log har kjøpt opp Norsk bibliotektransport og planlegg drift frå 29. april. Ved landets universitets- og høgskulebibliotek vil fjernlånstilbodet då ha vore stengd eller kraftig redusert i 14 dagar. Situasjonen ser altså ut til å få si løysing tidlegare enn mange frykta, men eksamenstida har gjort situasjonen ekstra alvorleg, særleg for nettstudentar.
– Vi sa til kvarandre berre for litt sidan, før konkursen, at vi aldri snakkar om NBT og tenesten dei leverer, og at det var eit godt teikn. Det gjekk av seg sjølv og ein kunne nesten stilla klokka etter dei, seier biblioteksjef Mariann Schjeide ved Høgskulen i Volda.
Men så var det brått slutt. Over natta mista alle universitets- og høgskulebiblioteka sør for Troms avgjerande infrastruktur for fjernlån og innlån då NBT gjekk konkurs sist veke. Fleire av bibliotekleiarane vi har snakka med i UH-sektoren beskriv tidspunktet som uheldig.
– Det er alltid høg aktivitet i biblioteka og stort utlån i april og mai når det går mot eksamenstid, så det er ikkje tvil om at dette skjer på eit uheldig tidspunkt, seier Camilla Wang Pedersen ved Høgskolen på Vestlandet.
– Eg reknar med at vi kjem til å møta ein del frustrerte studentar i vekene som kjem, og er nok aller mest bekymra for dei som skal levera bacheloroppgåver no i vår, uttalte ho til Bok & bibliotek tidlegare i veka.
Posten som einaste alternativ
Alle biblioteka Bok & bibliotek har vore i kontakt med, har no gått over til å senda bøker med Posten. Det er dyrt og tidkrevjande.
– Det fører til meirarbeid og nye rutinar for dei tilsette, seier Gunn Brenden Larsen, seksjonssjef ved Universitetet i Agder.
UiA har valt å halda fjernlånet ope, med høge portokostnader og meir ressursbruk knytt til håndtering og administrasjon, seier Larsen.
– «Lån og lever kor du vil» har fungert godt i Norge, men no ber vi tilsette og studentar om å levera våre eigne bøker på ein av våre campusar for ikkje å belasta folkebiblioteka med portokostnadar, og å levera bøker dei sjølve har lånt tilbake til biblioteket som har lånt boka ut.
– Som ei midlertidig løysing har vi avgjort å kjøpa inn noko meir litteratur enn tidlegare, slik at fleire kan få tilgang lokalt utan å vera avhengige av transport. Dette fører sjølvsagt til høgare innkjøpskostnader og meirarbeid for dei tilsette.
– Bøkene som allereie var sende til oss, er no i varetekt hjå bustyrar. Vi har difor valt å ta kontakt med alle tilsette og studentar som ventar på litteratur, for å høyra om dei ønskjer at vi skaffar det på annan måte, seier Larsen.
Hege Undem Store ved OsloMet fortel at rundt 200 av deira bøker er «i transit» hos NBT.
– Desse får vi per no ikkje tak i. Her er vi i gang med kartlegging for å vurdere om noen må skaffes på andre måter, for eksempel ved innkjøp. Det kan være aktuelt hvis det haster for låneren, seier ho.
For transport av bøker mellom sine egne fire bibliotek har OsloMet brukt ein annan leverandør enn NBT, så det har gått som normalt i konkursperioden.
Camilla Wang Pedersen ved Høgskulen på Vestlandet (HVL) beskriv same situasjon:
– Me har nytta NBT til all boktransport, både internt mellom campusane våre og til andre bibliotek i inn- og utland, så konkursen har absolutt fått følgjer for oss.
HVL har no redusert det interne tilbodet og sender berre bøker mellom campusar når det aktuelle biblioteket ikkje sjølv eig tittelen – for å få volumet ned til eit nivå dei kan handtera det med Posten.
Verst på lågare grader
Fleire dreg fram nettstudentar og fjernstudentar som den gruppa som kjenner konsekvensane sterkast.
– Vi har ein del nett- og samlingsbaserte studium. Mange av desse studentane brukar folkebibliotek for lån, seier Ellen Hermanrud ved Universitetet i Sørøst-Norge. – Dei vil heller ikkje kunna låna inn via andre, sidan folkebiblioteka no har stengd fjernlånet.
Mari Eeg ved Høyskolen Kristiania er i same situasjon.
– Hjå oss er vi nøydde til å avslå alle bokbestillingar. Vi oppmodar studentane til sjølve å oppsøkja andre institusjonar dersom dei har boka tilgjengeleg – og då er det sjølvsagt ein fordel å bu i Oslo-området, seier ho.
Ho peikar også på at situasjonen råkar ulikt avhengig av studienivå:
– Det slår nok hardare ut for bachelorstudentane og lågare gradar, sidan desse ofte nyttar seg av fagbøker i større grad enn det som er tilfellet på høgare nivå.
Dugnadsånd blant tilsette
Ved Nord universitet, der nokre avdelingar i Nordland aldri har hatt NBT og difor driv som normalt, har likevel konkursen skapt problem. Ein del bøker var under transport då konkursen kom – og ingen veit kor dei er.
– Det skapar forseinkingar for brukarane våre, seier bibliotekdirektør Hilde Terese Drivenes Moore.
Ein bibliotekar ved campus Stjørdal, som bur på Levanger, har meldt seg frivillig til å frakta bøker i sin private bil mellom to studiestadar.
– Det seier litt om bibliotekarar sitt engasjement for brukarane våre, seier Moore.
Mariann Schjeide ved Høgskulen i Volda tek òg ein for laget. Ho pendlar forbi Ålesund og har inngått avtale med folkebiblioteket slik at lokale studentar kan henta og levera bøker der.
– Eg kjenner at dette er greitt i ein avgrensa periode, seier ho.
– Nærliggande med statleg ansvar
Fleire av bibliotekdirektørane meiner konkursen avdekker ei grunnleggande sårbarheit.
– Sidan fjernlån er nedfelt i biblioteklova, er det nærliggande å sjå ein nasjonal bibliotektransport som eit statleg ansvar. Slik ordninga har vore organisert til no, har det vore opp til kvart einskild fylke eller bibliotek å forhandla fram eigne transportavtalar. Dette framstår som både kostnadskrevjande og lite effektivt, seier Gunn Brenden Larsen ved UiA.
Mariann Schjeide er einig, og legg ikkje skjul på at ho har sett varsellampene lysa:
– Vi har smykka oss med saumlause tenester og retten til livslang læring i fleire tiår. No ser vi kor svakt sjølve fundamentet for dette er. Den saumlause infrastrukturen har vore sjølve flaggskipet i bibliotek-Noreg. No fall det som eit korthus.
Ho er likevel skeptisk til at Posten er løysinga, slik Raudt har antyda i spørsmålet sitt til kulturministeren:
– Det tek tid med pakking, merking og frankering. Tidlegare hadde større bibliotek eigne stillingar som berre arbeidde med posttenester. Det kan vi ikkje gå tilbake til, det er eit skritt tilbake.
Mari Eeg ved Høyskolen Kristiania stiller spørsmål til om det er mogleg å drifta ein transport mellom biblioteka i gjeldande modell på ein måte som er økonomisk berekraftig.
– Eg er i alle fall heilt sikker på at ei løysing med ein aktør som både er kommersiell og i praksis har monopol, ikkje er vegen å gå.
Randi Halveg Iversby, bibliotekdirektør ved UiO er glad for at Stortinget og statsråden blir merksame på kor viktig fjernlånssamarbeidet og ei velfungerande transportordning er.
– Det blir spanande å sjå kva politisk ansvar det er vilje til å ta. I det store handlar jo dette også om finansiering av den offentlege biblioteksektoren.
Ny aktør med lager i nord
Universitetsbiblioteket i Tromsø er det einaste biblioteket vi har snakka med som ikkje kjenner konkursen på kroppen, ganske enkelt fordi NBT aldri har kom seg til å etablera ruter i Nord-Norge.
– Vi har ikkje nytta NBT, vi brukar Posten, seier direktør Johanne Raade.
Men ho merkar likevel ein indirekte effekt: færre bestillingar kjem inn frå resten av landet, fordi dei andre biblioteka har stengd fjernlånet.
Men medan vi heldt på å skriva denne saka, kom altså nyheita om at transportselskapet Nor-log har kjøpt opp NBT og planlegg full drift att frå 29. april. Særleg interessant for biblioteksektoren, er det at Nor-log allereie har fem avdelingar i nord, med distribusjon frå lager i Tromsø, Harstad, Mo i Rana, Lakselv og Tana. Det vil seia at selskapet finst der NBT aldri etablerte ruter.
Det er enno ikkje kjend om Nor-log vil tilby bibliotektransport også i nord.