Ideologiske amøbar og bibliotekmeldinga

Publisert Sist oppdatert

Rett før påske
rakk Trond Giske å levere frå seg Bibliotekmeldinga. Som bibliotekarstudent var
eg nærast yr over eit rykande fersk dokument frå kulturministaren, eit dokument
som omhandla yrket og profesjonen eg utdannar meg til. Var det noko som skulle
få meg og mine medstudentar til å blusse opp, så måtte det vere dette. Var du
ikkje engasjert i fagområdet og profesjonen din no, så blir du det aldri,
tenkte eg.

 

Av Lars Petter Sveen, bibliotekarstudent, Hio/JBI, og forfatter

 




Rett før påske
rakk Trond Giske å levere frå seg Bibliotekmeldinga. Som bibliotekarstudent var
eg nærast yr over eit rykande fersk dokument frå kulturministaren, eit dokument
som omhandla yrket og profesjonen eg utdannar meg til. Var det noko som skulle
få meg og mine medstudentar til å blusse opp, så måtte det vere dette. Var du
ikkje engasjert i fagområdet og profesjonen din no, så blir du det aldri,
tenkte eg.

 

Av Lars Petter Sveen, bibliotekarstudent, HiO/JBI, og forfatter

 

Eg må openlyst ha tenkt feil, for eg har enda ikkje
høyrt nokon av mine medstudentar seie eit ord om meldinga. Eller enda verre: Eg
har ikkje høyrt dei vere frustrert eller arg eller rett og slett forbanna.
Mange har venta lenge på bibliotekmeldinga, både innanfor fagmiljøet og i biblioteksektoren.
Men ikkje studentane, verkar det som. Da eg spurte ein av mine medelevar om han
ville bli med og banke på kontoret til dekan Øivind Frisvold og høyre kva han
meinte om meldinga, fekk eg til svar: "Eg har faktisk ingen interesse av
bibliotekmeldinga." Det var som å høyre ein kristen seie han ikkje er
interessert i Bibelen. Eller nei, det blir feil, da vil vel Giske eller nokon i
Nasjonalbiblioteket vere Gud, og da blir bildet noko ute av proporsjonar. La
oss heller seie: Det var som å høyre ein fotballspelar seie han ikkje er
interessert i fotballen.

            Det
er ikkje mange å spele ball med når ein er bibliotekarstudent og engasjerar seg
for faget. Eit engasjement som strekk seg utover pensum, oppgåver, og
karakterar på vitnemålet verkar nærast framand for det store fleirtalet
studentar på utdanninga. Kvifor er det slik? Er det på grunn av manglande
kunnskap om kva for ei rolle biblioteket og bibliotekaren har i samfunnet?

 

Eg trur mange av mine medstudentar har store kunnskapar om kva biblioteket er,
og kva for demokratisk funksjon det har. Men eg trur også mine medstudentar er
ideologiske amøbar: Vi siterer ein floskel om at biblioteka er viktige
demokratiske institusjonar, men det betyr ingenting for oss i praksis. Gje meg
heller ein Frpar som seier biblioteket bør koste pengar, framfor ein
bibliotekarstudent som seier biblioteket skal vere gratis. Førstnemnte har
ideologi i botn, sistnemnte har ein jobb og inntekt i sikte.

            Kunnskap
burde få ein til å gjere noko, men kva for kunnskap er det da studentane på
faget tek med seg? Lærer vi at eit offentleg dokument som skal vere
retningsgivande for profesjonen vår ikkje betyr noko? Eller er det berre mangel
på stimulans som får oss til å ikkje bry oss?

            For
kven er det som utfordrar bibliotekarstudentane? Kva tid blir vi provosert?

            Er det eit tidspunkt vi burde blitt
provosert, så er det no. Kulturminister Giske har nett levert frå seg
bibliotekmeldinga. Det eit takk og farvel til det vesle håpet om at
Arbeidarpartiet skulle gjere noko som helst for biblioteka.

 

Giske og den
raudgrøne
regjeringa har utsett meldinga i lang
tid. Det i seg sjølv vitnar om nedprioritering. Men å utsette meldinga heilt
til starten av april 2009, våren før stortingsvalet, er i praksis å seie at ein
ikkje har tenkt å gjere noko som helst. Giske er ein politikar som kan spelet,
han veit at denne meldinga vil bety ingenting dersom det raudgrøne
regjeringsprosjektet fell til hausten. I staden for å lansere tiltak
kulturministeren kunne gjort noko med tidlegare i regjeringas 4 år, så slepp
han ei blekke han kan pynte seg med utan å løfte ein finger. Og han gjer det
fordi han veit han slepp unna med det. Sp og SV har ikkje tatt til ordet for
noko som helst. Opposisjonen verker meir interessert i sine eigne partileiarar.
Og media, vel, kva skriv dei om biblioteka? Dagbladet har hatt ein serie der
etablerte forfattarar har fortalt at biblioteket er ein fin stad. Nok eit
stykke grensesprengande journalistikk frå den døyande avisa.

 

Innhaldsmessig
er meldinga svak.
Det er eit teikn på at venstresida
i Ap har vore undertrykt grundig og lenge når kronprinsen deira, Giske, kallar
dette for ein revolusjon. For her er det lite av grunnleggande endringar å
spore. Den medisinen som biblioteka verkeleg kunne trenge, er det nærast
ingenting av: Pengar. Det er sjølvsagt derfor Giske kjem med ei melding,
framfor ein statsbudsjettpost. Men det som bekymrar mest, er at det er ingen
spor i meldinga på at Giske har høyrt på eller engasjert det breie fagmiljøet i
prosessen. Kvifor har han ikkje i større grad inkludert folk utanfor
Nasjonalbiblioteket? Dei tilsette ved bibliotek- og informasjonsavdelinga på
Høgskolen i Oslo burde har vore sjølvsagte samarbeidspartnarar. I staden har
Giske fått heile meldinga skyggeskrive av ein eller annan rådgjevar som står med
begge føtene planta innanfor Nasjonalbiblioteket, institusjonen som nærast
ikkje har kontakt med resten av biblioteksektoren.

            Det
raudgrøne regjeringsprosjektet har ikkje gjort noko for biblioteka. Det kunne
ein kanskje ikkje vente når fagmiljø ikkje engasjerar seg i den offentlege
debatten, og ABM-utvikling og Nasjonalbiblioteket er kva bibliotekarar sett sin
lit til. Kanskje det no er på tide å satse på ein aktiv skolering av dei
politiske partia. Jobbe opp i mot kvart enkelt parti, få ein dialog med dei og
skolere dei på feltet. Når Folkets Muhjahedin frå Iran greier å få aktiv støtte
frå Frp, så burde biblioteka greie det same.

            Eit
parti som Høyre, med ideologar som Kristin Clemet og Ine Marie Eriksen innanfor
kunnskapsfeltet, kunne vore ein stad å starte.

            Høyre?!

            Ja.
Så kunne kanskje vi bibliotekarstudentar også løfte på augebryna.

 

 

 

 

Powered by Labrador CMS