Norsk bibliotektransport konkurs
120 tilsette i NBT mistar jobben – BS lovar ny transportør innan ei veke
Biblioteksentralen seier til Bok & bibliotek at konkursen i NBT ikkje vil få følger for resten av konsernet. Kva som skjer med fjernlånstransporten er førebels uavklart, men på eiga nettside lovar BS at ny transportør skal vera på plass innan ei veke – for deira tenester. Kva som skjer med andre transportoppdrag som NBT har hatt ansvar for, er i det blå.
Bok & bibliotek stilte i ettermiddag spørsmål til Biblioteksentralen sin konstituerte administrerande direktør Terje Eid-Hviding om konsekvensane av konkursen i Norsk Bibliotektransport.
– 120 ansatte mister dessverre jobben. Dette er først og fremst en trist dag for dem, og vår fremste prioritet nå er å ivareta dem og andre berørte, skriv Eid-Hviding i ein e-post til Bok & bibliotek.
Viser til bustyrar
På spørsmål om kva som skjer med bibliotektransporten og fjernlånsordninga, er svaret frå Eid-Hviding det same: Alt må no rettast til bustyrar.
– NBT har vært leverandør av transporttjenester knyttet til fjernlånene. Spørsmål om hva som skjer med dette må nå stilles bostyrer, skriv han.
Det same gjeld spørsmålet om kor vidt fjernlånstransporten skal ut på anbod, eller om Biblioteksentralen kan vidareføra han på anna vis.
Ny BS-transport innan ei veke
Informasjonsleiar Kristin Lande i Biblioteksentralen presiserer overfor Bok & bibliotek onsdag 15. april at transporten av fjernlånsbøker og andre oppdrag som NBT har løyst for bibliotek, fylkeskommunar og andre kundar, ikkje er deira ansvar. Biblioteksentralen har vore NBT-kunde på lik linje med andre.
Når dei på nettsida si tysdag meldte «Vi har startet dialogen med nye leverandører og estimerer å ha en ny transportør på plass i løpet av en ukes tid», gjeld dette deira eigne utsendingar av nye bøker til biblioteka og utsending av bøker som kjem på kulturfond, som dei løyser på oppdrag frå Kulturdirektoratet.
Samstundes åtvarar dei om at ein må rekna med uregelmessigheiter i leveransane i overgangs- og innkøyringsfasen. Biblioteka vil få oppdatert informasjon fortløpande, og det vil òg bli oppretta ein side med svar på ofte stilte spørsmål, lovar Biblioteksentralen.
Ingen følger for Biblioteksentralen
Eid-Hviding er klar på at konkursen ikkje vil få økonomiske konsekvensar for Biblioteksentralen eller følger for andre delar av drifta.
– P.t. ingenting. Dagens avgjørelse skyldes utelukkende at NBT ikke lenger har midler til å drive videre, skriv han.
Terje Eid-Hviding har vore konstituert administrerande direktør i Biblioteksentralen sidan 25. februar i år, då Hans A. Vigen gjekk av etter 20 år i konsernet, dei siste åtte som øvste leiar.
Romerike og Glåmdal tingrett er vent å utnemna ein bustyrar onsdag 15. april. Det er bustyrar som vil ha ansvar for den vidare handsaminga av konkursen, medrekna å få oversikt over eigedelar og følgja opp eventuelle interessentar.