Konkursen i Norsk Bibliotektransport AS

– Akkurat no går ingenting ut frå Mo i Rana

Direktør Grete Stuevold Madsbakken i Nasjonalbiblioteket seier konsekvensane av NBT-konkursen er store for heile biblioteksektoren. NB har invitert fylkesbiblioteka og andre til eit møte i dag for å bli betre orientert om situasjonen og diskutera kva som kan gjerast på kort sikt.

Felles situasjon: Direktør i avdeling for bibliotektenester Grete Stuevold Madsbakken fortel at Nasjonalbiblioteket har invitert sentrale aktørar i bibliotekfeltet til eit møte om situasjonen onsdag 15. april, dagen etter at det blei kjend at Norsk Bibliotektransport AS er konkurs.
Publisert Sist oppdatert

– Dette har stor påverknad på heile infrastrukturen i biblioteksektoren. Vi er i ferd med å områ oss – og det trur eg gjeld mange aktørar, seier direktør Grete Stuevold Madsbakken i Nasjonalbiblioteket til Bok & bibliotek.

Ingen purringar frå NB

Tysdag kveld la Nasjonalbiblioteket ut ei melding på bibliotekutvikling.no der dei varslar at utsendingar frå Depotbiblioteket vil bli forseinka i tida framover. NB ser no etter alternative løysingar for transport av fjernlån frå Depotbiblioteket, og for bokpakker og fjernlån frå Det fleirspråklege biblioteket.

– Akkurat no går det ingenting ut frå Mo i Rana. Vi jobbar med å få opp ei løysing for å få i gang transporten att, seier NB-direktøren.

Ho understrekar at biletet er samansett, fordi det handlar om meir enn utsending. Dei snakkar også med fylkesbiblioteka for å få eit betre bilete av situasjonen rundt returar til depotbiblioteket.

NB har også stansa alt arbeid med purringar og erstatningskrav inntil vidare.

– Vi skjønar at vi ikkje får noko tilbake når situasjonen er så uavklart som han er.

Viktig møte i dag

Onsdag har Nasjonalbiblioteket invitert alle fylkesbiblioteka, storbybiblioteka, og representantar fra universitets- og høyskolebibliotek til eit eige møte om situasjonen.

– Vi ønskjer å forstå kva fylka har behov for frå oss, ikkje minst kva informasjonsbehov dei har. Møtet i dag blir viktig for oss, seier Madsbakken.

Ho legg til at NB også vurderer om dei må gjera mellombelse justeringar i Biblioteksøk-tenesta – men er klar på at dei ikkje vil skru av meir enn nødvendig.

– Poenget er å ikkje skru av det som framleis verkar. Det er jo ikkje overalt i landet at NBT har vore hovudleverandør.

Beredskapsplanar – men ikkje for alt

Nasjonalbiblioteket har sine eigne avtalar med distributørar, men har ikkje noko overordna avtaleverk som gir dei høve til å koordinera eller overta ansvaret for andre aktørar sine transportavtalar.

– Det finst ikkje eit slikt overordna avtaleverk der Nasjonalbiblioteket har ansvar for heilskapen. I fylke og kommunar har ein sine eigne transportavtalar. Vi er ikkje part der, seier Madsbakken.

– Kva tenkjer du om at dette kunne skje? Var det overraskande? Eller har de i Nasjonalbiblioteket følgt med og vore litt skjelven i nikkersen den siste tida?

– Vi har vore klar over at det har vore utfordringar i NBT, og vi har planar for korleis vi løyser eigen distribusjon om noko skulle skje. Men dei dekker nok ikkje alle element i ein slik akuttsituasjon, som ein heilskapleg plan for informasjonsdeling og korleis alle detaljar kan løysast. Dei handlar meir om kva alternative logistikkløysingar som finst, svarar Grete Stuevold Madsbakken.

Powered by Labrador CMS