Biblioteksystem
Ex Libris tilbyr "KI-Alma"
Bibliotekleverandøren Ex Libris har lansert Alma Specto, ei KI-driven plattform for digitale samlingar. Systemet er bygd på Alma, biblioteksystemet norske fag- og forskingsbibliotek i BIBSYS-konsortiet brukar.
Systemet er bygd på biblioteksystemet Alma og Library Open Platform og skal binda saman heile livsløpet til ei digital samling, frå metadata og katalogisering via formidling tilbevaring, skriv morselskapet Clarivate på nettsida si. Alma er biblioteksystemet dei norske fag- og forskingsbiblioteka i BIBSYS-konsortiet brukar.
Kjernen i systemet er ein KI-driven metadata-assistent som genererer detaljerte metadata i stor skala ved hjelp av teknologiar som Named Entity Recognition (NER) og optisk lesing (OCR), og koplar materialet saman gjennom Linked Open Data. Systemet er bygt opp med tanke på at bibliotektilsette skal gå gjennom og godkjenna KI-genererte metadata før dei blir tekne i bruk.
Ein enklare metadata-assistent finst allereie i dagens Alma-system.
Metadata, masseredigering og formidling
Leverandøren lovar at KI-integreringa vil gjera det enklare å handtera elektroniske ressursar og den fysiske samlinga i ein og same arbeidsflyt. Samlinga vil også bli meir synleg i søkemotorar (SEO – Search Engine Optimization). Systemet legg også til rette for fulltekstsøk og interaktiv digital formidling (Online Exhibition), KI-genererte metadata og masseredigering.
Reklamefilm frå Ex Libris om det nye KI-drivne systemet Alma Specto.
Plattforma har òg funksjonar for langtidsbevaring som skal sikra at materialet held seg tilgjengeleg over tid.
Som ei vidareutvikling tilbyr Ex Libris også ein eigen utstillingsmodul, Exhibition Platform, der bibliotek kan bygga ei offentleg nettside ved å velja titlar, bilete, video og historiske dokument direkte frå Alma. Systemet genererer mellom anna ei tidslinjebasert utstilling (sjå videoen lenger oppe) med titlar, metadata og visuelle element ferdig formatert for vising på nett. Galleribaserte og kartbaserte malar er visst nok på veg, skriv librarytechnology.org.
Clarivate vann Sikt-anbodet
Lanseringa av Alma Specto kjem mindre enn eit år etter at Clarivate vann kunnskapssektoren sin tenesteleverandør Sikt sitt anbod på biblioteksystemet til norske fag- og forskingsbibliotek. Valet av leverandør blei gjort i mars 2025 og innebar ei vidareføring av avtalen med Clarivate om biblioteksystemet Alma og Primo, som er brukargrensesnittet for publikum.
Kontrakten var i utgangspunktet på minimum fem år, men i bytte mot ei lågare årleg prisstiging aktiverte styret for BIBSYS-konsortiet i fjor ein opsjon som auka minstetida til åtte år. Det betyr at dei som har Alma-systemet via Sikt-avtalen i dag vil ha det minst til 2034.
Ein ny arbeidssituasjon
Ifølgje Ex Libris si marknadsføring, vil det nye KI-baserte systemet redusera manuelt arbeid for bibliotektilsette slikk at dei kan bruka meir tid på kuratering og formidling.
Den amerikanske bibliotekforeininga sitt tidsskrift American Libraries skriv litt annleis. Ifølgje ei sak der dei omtalar Alma Specto, er mange bibliotek framleis skeptiske til KI, særleg når det gjeld tenester retta mot publikum. Uansett vil leverandørane halda fram med å utforska nye KI-funksjonar, både i grensesnitt for publikum og i dei tilsette sin arbeidsflyt. Dei vil i aukande grad ta i bruk KI for å få fortgang i programvareutviklinga og kunna levera støttetenester.
I andre næringar har slik bruk av KI ført til nedbemanning, og vi kan venta liknande dynamikkar i bibliotekbransjen, skriv tidsskriftet.