ordskifte

Leiar frå Bok & bibliotek 3/2026

MEIR TIL FLEIRE: Nokre utstillingar høyrer naturleg heime i Nasjonalbiblioteket sine staselege lokaler i Henrik Ibsens gate 110 i Oslo, men ikkje alle, meiner Arne Olav Hageberg.

Kongen er død. Leve Nasjonalbiblioteket

Eg skreiv denne leiaren ein time etter at det blei kjent at kong Harald var død. På uventa vis gav det perspektiv til det eg ville seia. For kva gjorde kongen? Han reiste til heile landet. Han inkluderte alle. Han fekk oss til å kjenna at vi er eitt folk. Eg har alltid tenkt at Nasjonalbiblioteket sitt oppdrag liknar.

Sømna folkebibliotek sitt oppdrag er å vera bibliotek for folk i Sømna. Biblioteket ved Høgskolen i Molde er for studentar og tilsette der. Men Nasjonalbiblioteket er for alle. Meir enn det, dei er til for å bygga kjensla av at vi er eitt folk. Ein nasjon.

Gjer dei det? Ja, på mange vis. Og meir og meir, skal vi tru evalueringa av Nasjonal bibliotekstrategi 2020–2025 som kom i juni. 93 prosent av folkebiblioteka meiner at NB er eit viktig kompetanse- og ressurssenter for dei. 79 prosent meiner dei tek ansvar for utvikling av biblioteksektoren, og 78 prosent meiner dei er ein pådrivar for utviklingsprosjekt. NB forvaltar Tibi, Det fleirspråklege biblioteket, Bibliotekkortet, bibliotekutvikling.no, Depotbiblioteket og Biblioteksøk. No har dei laga norsk KI. Metadatabrønnen er på plass. Felles formidlingsløysing er på god veg. Folka i NB har verkeleg kome ned frå elfenbeinstårnet der enkelte av dei visst likte seg før i tida. 

Men eitt felt blir framleis feil forvalta: formidlinga.

Eg var nyleg og såg utstillinga Med pennen på strupen om satireteikningar i Nasjonalbiblioteket sine lokale i Drammensveien. Den var kjempegod! Men det understrekar berre poenget mitt om at oppdraget blir feil forvalta. For biblioteket er for heile nasjonen. Kvifor skal då berre vi som bur på Austlandet, få glede av tilbodet?

Kvifor i all verda skal Nasjonalbiblioteket ha ei eiga programrekke sentralt i Oslo, i direkte konkurranse med Litteraturhuset, folkebiblioteket Deichman og biblioteka på hovudstadens mange universitet og høgskular?

NB sitt haustprogram lovar festivalar om musikk og handverk, quizkveldar, demokratidebattar, utstillingar, gamingforedrag og mykje meir som småbibliotek rundt i landet berre kan drøyma om.

Poenget mitt er enkelt: Nasjonalbiblioteket burde heller reisa ut, møta folk der dei er, og tilby formidling, arrangement og utstillingar med høg kvalitet til heile landet. Eg har alltid tenkt at Riksteatret burde vera førebiletet, at NB kunne senda forfattarane, forskarane og kjendisane dei har i kontaktlista, på riksdekkande bibliotekturne.

Kort sagt gjera meir som kongen, få oss til å kjenna at vi er eitt (bibliotek)folk.

Dei kan jo begynna med den strålande satireutstillinga. Den består av plakatar som ville vera enkle å mangfaldiggjera og senda ut. Pdf-ane ligg nok klare. Det er berre å trykka på send.  

Powered by Labrador CMS