Ny forskrift om skulebibliotek

– Ein rakett i arbeidet

Det seier leiaren i Norsk Bibliotekforening Skole Anne Brit Ingholm om forskrifta til ny utdanningslov. – Endeleg blir vi høyrde! supplerer Nina Bigum Udnesseter i skulebibliotekarforeininga.

Ein siger: Omtalen av skulebiblioteka i forskrifta til den nye utdanningslova er resultat av langsiktig påverknad frå eit samla felt, meiner Anne Brit Ingholm i NBF skole og Nina Bigum Udnesseter frå Skolebibliotekarforeningen i Norge.
Publisert Sist oppdatert

– Eg er veldig glad, seier Anne Brit Ingholm.

Den nye forskrifta

§ 11-2 Skolebibliotek 

Skolebiblioteket skal bidra til å utvikle språkferdigheitene, leseferdigheitene og evna til å tenke kritisk hos elevane, og til å jamne ut sosiale forskjellar.

Kommunen og fylkeskommunen skal sørgje for at elevane har tilgang til eit skolebibliotek eller eit anna bibliotek som er særskilt tilrettelagt for skolen. Biblioteket skal vere tilgjengeleg for elevane i skoletida, slik at biblioteket kan brukast aktivt i opplæringa på skolen.

Den nye utdanningslova som trer i kraft frå og med skuleåret 2024–2025 nemner ikkje skulebibliotek i lovteksten. 

– Innsatsen vi har lagt ned har gitt resultat. Vi drøymde om eit styrkt lovverk, og det har vi fått i denne forskrifta. Men vi er ikkje i mål. Det følger ikkje midlar med, det blir framleis ein kamp, men no har vi noko konkret å festa krava på.

Viktig formulering av formål

I tillegg til å vera nyvald leiar i Bibliotekforeininga si faggruppe for skulesaker har Ingholm dei to siste åra koordinert Aksjon skolebibliotek, der 16 organisasjonar i fellesskap har kjempa for skulebiblioteksaka sidan 2016. Blant medlemene er Leser søker bok, Foreningen !les, Norsk Bibliotekforening, Bibliotekarforbundet, Den norske Forfatterforening og Den norske Forleggerforening.

Det viktigaste ifølge Ingholm er at vi for første gong har fått ei lovfesta formulering av formålet med skulebiblioteka.

– Ein rektor som les forskrifta vil no kunna sjå kva det er meininga at ein skulebibliotekar skal jobba med. Det gjer det lettare å sjå korleis ein må bemanna den rolla. Før har det ikkje stått noko om kva skulebibliotekaren skal gjera. Den nye formuleringa vil gjera det lettare å be kommunen om meir pengar, fordi det er konkrete krav til kva skulebiblioteket skal gjera, seier Ingholm, som til dagleg er bibliotekar ved Mailand videregående skole i Akershus.

Tydeleg ansvar

Leiar i Skolebibliotekarforeningen i Norge, Nina Bigum Undesseter, er minst like glad.

– Endeleg blir vi høyrde! seier ho, og understrekar at den nye forskrifta inneber ei styrking av skulebibliotekfeltet.

I tillegg til formålsformuleringa dreg ho fram den tydelege påpeikinga av kommunane og fylkeskommunane sitt ansvar. Dei skal sørga for eit særskilt tilrettelagt bibliotektilbod som er tilgjengeleg for elevane i skuletida.

– Då kan du ikkje snika deg unna ansvaret, seier ho.

Kravet om særskild tilrettelegging kan lesast som eit signal om behovet for bibliotekarkompetanse, meiner Udnesseter. Men den nye forskrifta seier ingenting om kven som skal jobba i skulebiblioteka.

– Hadde du håp om at forskrifta skulle seia noko om bemanning?

– Ja, men ikkje forventing. Det er såpass dårleg stilt i dag at om ein hadde sett det inn i forskrifta så hadde det kosta veldig mykje, og her er det ikkje sett av pengar. Eg er veldig takksam for at det andre er teke med. Vi er komne mykje lenger no enn vi var tidlegare. Det er viktig å sjå det positive. På sikt må vi få øyremerkte midlar til skulebibliotek, og vi treng ein nasjonal standard. Kan henda kan Nasjonalt lesesenter i Stavanger sitt arbeid i forlenginga av Leselyststrategien bli første steg på vegen mot ein slik standard.

Den gamle lova og forskrifta

Formuleringa om skulebibliotek frå utdanningslova som har vore gjeldande sidan 1999:

§ 9-2 Rådgiving og skolebibliotek

Elevane skal ha tilgang til skolebibliotek. Departementet kan gi nærmare forskrifter.

Den gamle forskrifta:

§ 21-1 Tilgang til skolebibliotek

Skolen skal ha skolebibliotek med mindre tilgangen til skolebibliotek er sikra gjennom samarbeid med andre bibliotek. Bibliotek som ikkje ligg i skolen sine lokale, skal vere tilgjengeleg for elevane i skoletida, slik at biblioteket kan brukast aktivt i opplæringa på skolen. Biblioteket skal vere særskilt tilrettelagt for skolen.

Udnesseter viser til avsnittet på side 16 i Leselyststrategien der det står: «Nasjonalt lesesenter har fått ekstra midler for at de skal utvikle den nye nasjonale lesesatsingen. De skal utvikle støtteressurser, materiell og faglige råd. Det faglige innholdet i de ulike tiltakene vil være forankret i forskning. Senteret vil også hente inn erfaringer og råd fra lærere, skoleledere og skoleeiere, organisasjonene i skole-Norge, PP-tjenesten, Skolebibliotekarforeningen og Elevorganisasjonen.»

– Vi er nemnde i planen, påpeikar Udnesseter. – Då kan vi koma med innspel. Det er bra. Slik kommuneøkonomien er no er vi nøydde til å ha tydelege føringar der. Dette er ein kamp som har gått føre seg lenge Eg tenkjer det er viktig å sjå det positive i der vi står no, og så kan vi ønska oss nokre svenske tilstandar etter kvart.

Viktige signal i revidert

I revidert nasjonalbudsjett fekk skulebiblioteka 20 friske millionar. I budsjetteksten vert det peika på at midlane skal gå til personalressursar, lesestimulering og «til veiledningstiltak for kommuner som ønsker å satse på skolebibliotek».

Anne Brit Ingholm er positiv til denne prioriteringa.

– Utviklinga av ein rettleiar kan vonleg bidra til å etablera nokre nasjonale føringar, forventingar eller ambisjonar på skulebibliotekfeltet, meiner ho.

– Ein rettleiar frå U-dir om bruk av skulebibliotek, det hadde vore fantastisk. Eg vel å lesa alt dette positivt, seier Ingholm, som håpar som Udnesseter at regjeringa nyttar høvet til å knyte til seg ressurspersonar som kjenner skulebibliotekfeltet godt.

Særskilt tilrettelagt?

Særskilt tilrettelagt?

Anne Brit Ingholm har også gode ord til politikarane, i både posisjonen og opposisjonen.

– Dei har forstått kva vi har forsøkt å fortelja dei og skal ha skryt for at dei har teke dette på alvor.

– Korleis tolkar du formuleringa i den nye forskrifta om at biblioteket skal vera «særskilt tilrettelagt for skolen».

– Særskilt tilrettelagt blir det ikkje utan at det er nokon der – ein bibliotekar, nokon som held i det

Nina Bigum Udnesseter

Dette har stått før også, men det har ikkje stått noko om kva som skal vera formålet. No vil det bety at skulebiblioteka skal vera tilrettelagde for å utvikla språkferdigheitene, leseferdigheitene og evna til å tenkja kritisk hos elevane, og til å jamna ut sosiale forskjellar- Det betyr at ein også kan krevja meir av folkebiblioteka som skal fungera som skulebibliotek. Det er ikkje lenger sånn at du kan ta med klassen på ein bokprat to gongar i året. No må skulebibliotekarbeidet planleggast på ein annan måte, og det må vera eit tettare samarbeid mellom skule og bibliotek.

For Nina Bigum Udnesseter inneber kravet om særskild tilrettelegging at elevane skal kunna bruka det fast og timeplanfesta, og at biblioteket skal ha bøker som passar for brukarane. Ho er også heilt med på tanken om at ein kan tolka eit visst krav til bemanning inn i ei slik formulering.

– Særskilt tilrettelagt blir det ikkje utan at det er nokon der – ein bibliotekar, nokon som held i det.

Betre statistikk

Den nye formålsformuleringa i forskrifta legg grunnlaget for at ein kan få betre statistikk på skulebibliotekfeltet, noko som lenge har stått høgt på prioriteringslista til fleire av organisasjonane som er tilknytt Aksjon skolebibliotek, seier Anne Brit Ingholm.

– Vi har dårleg innsikt i kva skulebibliotekarar gjer i arbeidstida si. På bakgrunn av formålsformuleringa i forskrifta blir det lettare å laga gode spørsmål. No vil vi kunna få eit betre bilde av korleis stoda er rundt i skulebiblioteka. Ut frå dette kan vi jobba vidare med å endra dei store forskjellane.

– Som biblioteklova vil også denne forskrifta gjelda for alle bibliotek, uavhengig av om dei ligg i ein storby i Sør-Norge eller i ei bygd på Helgelandskysten. Kva tenkjer du rundt dette? Er det rimeleg å stilla like krav til alle kommunar?

– Eg forstår at det ikkje kan vera fulltidsbibliotekar på alle skular. Nokre stadar er det kombinasjonsbibliotek som er det riktige. Men uansett så seier forskrifta no noko om oppdraget. Så det må vera enklare også for små kommunar å løysa skulebibliotekoppdraget på ein betre måte. Denne forskrifta er også til stor hjelp for folkebiblioteka – kanskje kan også ressursane folkebibliotek brukar på skulebibliotek aukast litt, seier Ingholm.

Enkelt å skapa leselyst

– Eg trur politikarane har forstått at for å gjera noko med lesinga så er vi nøydde til å ha bøker, og det kan ein få gjennom skulebiblioteka, seier Udnesseter.

– Det er kjempebra at skulebiblioteka no blir styrkte i forskrifta. Men vi treng også at kommunane vel å kjøpa bøker, laga gode skulebibliotek, tilsetta bibliotekarar og timeplanfesta bruken av skulebibliotek. Kommuneøkonomien er ikkje sterkare sjølv om det står i forskrifta at dette er noko vi skal gjera, så vi treng at dette blir prioritert og at det blir tilført ekstra midlar nasjonalt, seier ho.

– For det er så enkelt! Eg ser det når eg jobbar med ungane. Når eg presenterer bøker og ei bok treffer dei, så skulle eg hatt mange av den boka. Når ein har bøkene tilgjengeleg skapar ein leselyst ganske lett. Det handlar om å bada i bøker, rett og slett, seier Udnesseter, som er veldig glad for at forskrifta nemner sosial utjamning.

– Skulebiblioteket er ein unik arena for å jamna ut forskjellar og gjera bøker like tilgjengelege for alle. No er vi komne endå lenger i dette arbeidet. Vi held fram og bygger stein på stein, så blir det sånn vi vil ha det til slutt!

Powered by Labrador CMS