Utgave: 1/2023

Det vanskelege redaktøransvaret

Norske folkebibliotek er ikkje i mål som «uavhengig møteplass og arena for offentlig samtale og debatt», som kom inn i folkebiblioteklova i 2014. Slik må vi tolke resultata av undersøkinga Norsk Bibliotekforening (NBF) gjennomførte i haust som blir presentert på side tre i denne utgåva.

Vidar Lund
Vidar Lund

Grunnen til at vi tok tak i spørsmålet og sende det ut til folkebiblioteka, er at det har vore nokre få tilfelle dei siste åra der det har vorte merksemd om at biblioteka har valt å avlyse eller takke nei til arrangement som eksterne aktørar har ønskt å ha. Det har vore snakk om religiøse eller partipolitiske arrangement, SIAN og sikkert andre aktørar lokalt. Desse tilfella har fått ganske mykje omtale, men vi ønskte å finne ut om dette er noko som hender ofte, om biblioteka synest dette er problematisk eller vanskeleg – og kva som i så fall er problemet.

Folkebiblioteka har full støtte frå kulturministeren om ein prioriterer samtale- og debattarrangement. I ei sak der biblioteksjefen vart kritisert for å ha prioritert vekk ei fast andaktsstund i biblioteket, svara Anette Trettebergstuen dette i spørjetimen på Stortinget 16. februar i fjor, på eit skriftleg spørsmål frå Olaug Bollestad: «… Det er biblioteksjefene selv som er ansvarlig for sin programmering, og de har en slags redaktørlignende rolle. Vi forutsetter selvfølgelig at biblioteksjefene er sitt ansvar bevisst og sørger for en åpen og opplyst offentlig samtale i tråd med folkebibliotekloven og dens formålsparagraf.»

Min konklusjon basert på svara er: Problemet er ikkje fyrst og fremst at biblioteka ikkje forstår oppdraget eller synest det er fagleg vanskeleg, men meir eit prioriterings- og ressursspørsmål. I bibliotekstatistikken for 2021 går det fram at om lag 5 % av bibliotekarrangementa blir kategorisert som samtale- og debattarrangement av biblioteka sjølve. Ved ein gjennomgang av statistikken der 357 kommunar har levert statistikk, går det fram at 176 kommunar ikkje hadde eit einaste arrangement kategorisert som samtale og debatt. 54 kommunar hadde eitt arrangement av denne typen.

Statistikken frå Nasjonalbiblioteket frå 2013, året føre revisjonen av folkebiblioteklova, skilde ikkje på dei ulike typane arrangement. Dei totale tala for arrangement kan derimot samanliknast, og det har vore ein enorm auke i arrangement på dei ni åra som har gått, særleg for vaksne. Biblioteka har openbert følgt oppmodinga frå både den «nye» lova og tilskotmidlane frå Nasjonalbiblioteket og prioritert arrangement dei siste åra. Samtale- og debattarrangement har ikkje vore ein del av denne prioriteringa. Det er mogleg at det er meir samtale og debatt enn statistikken gjev uttrykk for gjennom dei mange kulturarrangementa biblioteka har. Likevel: Det gjev ein peikepinn om kor vekta ligg.

I 2023 er det kommune- og fylkestingsval, og val til sokneråd og bispedømeråd òg. Det er mange gode høve til å setje lokalpolitikk på kartet. Etter kvart som mange er vortne lei av dei harde ordskifta i kommentarfelta, trur eg at det er både viktig og rett av biblioteka å tilby biblioteket som ein debattarena for lokalpolitikken. Ein kan samarbeide med lokalavisa, lokalradioen eller ta jobben som debattleiar sjølv. Ta utfordringa og ver den viktige debattarenaen!

Powered by Labrador CMS