Leiar

Tid for nye frukter  

Sist veke lanserte Norge sin eigen kunstige intelligens, trena frå grunnen på norske lisensierte kjelder. Dette hadde ikkje vore mogleg utan biblioteka si dyrking av kunnskap og system gjennom hundreåra. No er tida komen for å hausta frukter vi aldri før har sett. 

I tida som kjem, vil vi truleg høyra mykje om norsk KI. Og vi i bibliotekverda, veit det: Dette er bibliotek på sitt beste.

Språkmodellen Borealis er berre den nyaste greina på ein stamma av hundreår med bibliotek- og arkivarbeid, frå katalogar i bokform, via kartotekkort, til katalogpostar og databrønn. Hundreår med dyrking av kunnskap og informasjon, systematisering og deling, lagring av medium gjort rikare med metadata, verifisering av kjelder – kort sagt bibliotekfag.

Det å sjå pressekonferansen der Borealis 2 blei lansert sist veke, fekk meg til å tenka på i alle fall to ting.

Det første: For mindre enn tre veker sidan møtte eg ein anleggsingeniør som delte sin ungdoms draum: Å bli bibliotekar. «Det må vera ein så roleg og avslappande jobb, gå der og setta på plass ei bok, sitta og lesa, slå av ein prat med dei som kjem innom ...», sa ho – i fullt alvor.

Eg trur ingen som jobbar eller har jobba i bibliotek kjenner seg att i dette. Likevel er det slik mange ser for seg bibliotekarbeidet.

Biblioteka har eit imageproblem. Men neste gong du møter nokon som trur du er lite meir enn ein cellulosenostalgisk ludditt som putlar med ditt i samfunnet si randsone, kan du jo nemna Borealis. For dette er også bibliotek.

Det andre: Kven har sagt at ikkje biblioteka kan eta av denne frukta? Eg høyrer Borealis-lanseringa som ouverturen til alt det andre vakre som leverandørar skal skapa i tida som kjem: forbetra biblioteksystem, formidlingsløysingar, e-tidsskrift, tilrådingsalgoritmar, lydbokappar, metadatabrønnar, filmstrøymetenester og ein masse andre ting som eg ikkje har kunnskap til å koma på. Men det eg veit, er at det finst ein heil del teksmarte bibliotekfolk der ute. Borealis 2 er fritt fram for alle å bruka og bygga inn i eigne system og løysingar.

Under lanseringa sa nasjonalbibliotekar Åse Wetås det godt på karakteristisk nøkternt vis: «Nasjonalbiblioteket sitt oppdrag handlar om å forvalta kulturarven vår for notida og framtida og å legga til rette for eit opplyst offentleg ordskifte.»

Det er ikkje berre Nasjonalbiblioteket si oppgåve. Det er alle bibliotek si oppgåve. Også i møte med KI. Så det å lata seg lamma av KI-frykt, er faktisk ikkje lov. Hausten er moden og arbeidarane ikkje fleire enn dei må vera. Når det no er tid for ny KI-frukt, må alle som kan vera med.

Kven blir flinkast til å ta i bruk denne teknologien i det daglege bibliotekarbeidet?

Klar, ferdig, gå!

 

Powered by Labrador CMS