Norge har fått sin eigen språkmodell

I dag tidleg lanserte Nasjonalbiblioteket den norske språkmodellen Borealis 2. Kva betyr det for deg?

Står bak: Digitaliserings- og forvaltingsminister Karianne Tung, nasjonalbibliotekar Åse Wetås og kultur- og likestillingsminister Lubna Jaffery under lanseringa av den norske språkmodellen Borealis 2. Foto: Gorm K. Gaare/Nasjonalbiblioteket
Publisert Sist oppdatert

Banebrytande i verda! Ingen andre land har ei liknande satsing! Ein heilt spesiell merkedag! Ein språkpolitisk merkedag! Ein sensasjon internasjonalt! 

Dei høge kvinner kappast om å finna formuleringar som kunne få den fullstappa Målstova i NB sine lokale i Oslo til å skjøna kva for ei storhending dei var med på; kultur- og likestillingsminister Lubna Jaffry, digitaliserings- og forvaltningsminister Karianne Tung, nasjonalbibliotekar Åse Wetås, seniorrådgjevar i Helsedirektoratet Hilde Lovett, fagdirektør Heather Broomfield i KI Norge, og direktør Hildegunn Vada frå Sigma2 AS, som forvaltar den nasjonale infrastrukturen for tungrekning og datalagring i Norge og steller med den norske superdatamaskina Olivia. Sidan den blei starta opp i ei nedlagd gruve på Nordfjordeid i  fjor sommar, har store delar av reknekrafta gått til NB sine KI-utrekningar.

Regjeringa har gitt Nasjonalbiblioteket i oppdrag å utvikle språkmodellar på bokmål, nynorsk og samiske språk. Dei nye modellane er dei første resultata av denne satsinga. Arbeidet med samiske språkmodellar held fram, skriv NB i pressemeldinga etter lanseringa

– Med språkmodellane til Nasjonalbiblioteket får sjukehusa våre, politiet og norske bedrifter eit nytt og viktig verktøy for å utvikla og ta i bruk kunstig intelligens på norsk, der alle kjenner til kva dei er trente på. No handlar det om å omsetta teknologien til betre tenester, auka produktivitet og nye løysingar i heile landet, sa digitaliserings- og forvaltningsminister Karianne Tung under lanseringa.

Dette er Borealis

Borealis er namnet på NB sine norske språkmodellar. Borealis 2 som blei lansert 10. august, er ikkje ein generell kunstig intelligens – det er ikkje ei «Universal Singing and Dance Machine» som ChatGPT, Gemini og Claude, som NB sin IT-sjef Wilfred Østgulen formulerte det – ikkje ein brei, allsidig KI som skal kunna svara på kva som helst. I staden er dei laga for å vera gode på avgrensa, spesifikke oppgåver innanfor norsk språk: omsetting, samandrag, analyse av stemning eller haldningar i ein tekst (sentimentanalyse), søk etc., gjerne som byggeklossar i journalsystem, saksbehandlingssystem og andre fagsystem.

Den er trena på tekstar frå NB sine eigne samlingar av digitaliserte norske aviser. Dette er gjort mogleg på grunn av avtalen som kom i stand mellom NB og Kopinor like før jul i fjor. Staten har lova 45 millionar kroner i året i kompensasjon til rettshavarane i Mediebedriftenes Landsforening (MBL). Norge er først i verda med å få på plass en slik avtale.

Bibliotek deler, og KI-modellar er ikkje noko unnatak. Kven som helst skal kunna bruka Borealis-modellane fritt og køyra dei på eiga datamaskin eller server, i staden for å senda data til utanlandske selskap. Tekstsamlinga modellane bygger på heiter Aurora – saman med Borealis blir det «Aurora Borealis», nordlyset.

– Meir magekjensle enn eingeniørfag

IT-sjef ved Nasjonalbiblioteket Wilfred Østgulen presenterte arbeidet under pressekonferansen i dag. Han kalla det krevjande og uføreseieleg:

– Eg er vant til at IT er eit ingeniørfag, der vi lærer metodar og der det vi gjer er deterministisk. Vi programmerer noko, testar det, hvis det ikkje funkar retter vi det, og så funkar det.

Uføreseieleg: – Det er meir handverk, erfaring og magekjensle enn det er ingeniørfag, sa IT-sjef ved Nasjonalbiblioteket Wilfred Østgulen under lanseringa av KI-modellen Borealis 2.

I dette arbeidet, har derimot nesten ingenting av det dei gjer eit svar på førehand, sa han.

– Det er meir handverk, erfaring og magekjensle enn det er ingeniørfag. Det einaste vi veit, er at vi bruker opp reknekrafta vår, for å seia det sånn, og vi kan ikkje sjekka det før vi har trena modellane ferdig. Dette er et interessant arbeid, men veldig ulikt mykje av det vi har vore vant til.

Betre NB-tenester

Samtidig med Borealis 2, lanserer Nasjonalbiblioteket nye tekniske hjelpemodellar («embeddingmodellar») for andre som bygger digitale løysingar, og lova oppdaterte tale-til-tekst-modellar og modellar tilpassa samisk i løpet av hausten.

I eit lesarinnlegg på Kode24.no forklarte Østgulen i april kvifor slike mindre, norske modellar kan vera nyttige sjølv om dei internasjonale KI-selskapa har mykje kraftigare system: Dei er gode nok til avgrensa oppgåver som å omsetta mellom bokmål og nynorsk, sortera tekstar eller finna nøkkelinformasjon, og kan brukast trygt av verksemder som ikkje vil at sensitive opplysningar, til dømes pasientjournalar eller rettsdokument, skal sendast ut av landet.

For Nasjonalbiblioteket sjølv kan Borealis gjera det lettare å søka i dei digitaliserte samlingane og gjera gamal norsk tekst forståeleg for folk i dag. Desse mindre modellane er svært viktige supplement – ei norsk løysing for oppgåver der kontroll, personvern og lågare kostnad er viktig. 

Ved publisering inneheldt denne saka eit avsnitt på slutten med refleksjonar frå redaktørar rundt kva denne lanseringa kan bety for biblioteka. Dette var ei uheldig blanding av journalistikk og kommentar og i strid med punkt 4.2 i pressa sin Ver varsam-plakat. Avsnittet er no drege ut, skrive om og publisert som ein eigen leiarartikkel

Powered by Labrador CMS