Mann kasta lesekioskbøker: – Ikkje høg kvalitet

Ein eldre mann tømte ein lesekiosk i Oslo og kasta bøkene i papiravfallet. Då han blei konfrontert, svarte han at bøkene ikkje var av høg kvalitet.

Illustrasjonsfoto av lesekiosk i Oslo.
https://creativecommons.org/licenses/by-nc/2.0/deed.en
Publisert

Rikke Møller Skjønberg bur i nærleiken av lesekiosken på Jessenløkken i Oslo og brukar den  mykje. På ein av sine daglege lufteturar med hunden nyleg, tenkte ho seg innom. Ho såg at det var ein annan der og sette seg ned ved ein fontene for å venta på at han skulle bli ferdig.

«Han ble stående der kjempelenge», fortel Skjønberg til Avisa Oslo.

Mannen, som hun meiner var rundt 85 år gamal, fylte to bæreposar med bøker. Først tenkte ho berre at det var litt frekt å ta med seg så mange bøker på ein gong.

«Men samtidig er det jo fint at kioskene blir brukt», seier ho.

Rett i søpla 

Men like etter såg ho mannen ved avfallsdunken for papir, i full sving med å kasta alle bøkene.

Skjønberg valde å konfrontera mannen.

«Da jeg spurte hvorfor han kastet bøkene, svarte han bare kaldt: ´Nei, det er ikke høykvalitetsbøker´», seier Skjønberg til avisa.

«Jeg sa til ham at dette ikke er opp til ham å avgjøre, og at naboene gir bort bøker for at andre skal få glede av dem. Men han gadd ikke engang å svare mer, han bare gikk videre.»

Populære romanar

Ifølge Skjønberg var det snakk om populære romanar, og fleire av dei hadde lege mindre enn to døgn i lesekiosken.

«Jeg ble bare utrolig irritert. Lesekiosken er et så koselig, uskyldig og fint tiltak i nabolaget», seier Skjønberg.

Trass i at ho er redd mannen skal gjera det same igjen og også kasta bøkene ho sjølv legg frå seg, har ho ingen planar om å slutta å bruka lesekiosken.

«Jeg kommer helt klart til å fortsette å bruke lesekiosken. Det er et så koselig tiltak.»

Powered by Labrador CMS