Utgave: 1/2023

– Born treng kultur og litteratur!

Årets bibliotek 2022– Min jobb bør ikkje vera unik. Den bør finnast på alle skular i heile Noreg, sa biblioteklærar Elisabeth Lombnæs då skulebiblioteket ved Gamlebyen skole i Oslo blei Årets bibliotek 2022.

Elisabeth Lombnæs og Geir Johansen tok imot prisen på vegne av Ella Østhus Alvheim, Kaisa Stav-Koefoed, Ask Sibeko, Vibe Danielsen Brustad, Martine Ørstavik, My Aurora Rasmussen Kleveland, Nolaveer og resten av elevene ved Gamlebyen skole.
Elisabeth Lombnæs og Geir Johansen tok imot prisen på vegne av Ella Østhus Alvheim, Kaisa Stav-Koefoed, Ask Sibeko, Vibe Danielsen Brustad, Martine Ørstavik, My Aurora Rasmussen Kleveland, Nolaveer og resten av elevene ved Gamlebyen skole.

Ho tok imot  prisen saman med rektor Geir Johansen under eit arrangement på Deichman Grünerløkka torsdag 12. januar. Alle dei nominerte var i salen, også Horten bibliotek, Ringsaker bibliotek, Viken fylkesbibliotek og Senja bibliotek. Spenninga var til å ta og føla på før jubelen braut laus då Knut Olav Åmås las opp namnet på vinnaren.

Lombnæs dediserte prisen til alle born som ikkje har skulebibliotek.

– No skal vi flaten mæ bruka dette til å jobba for det til alle! sa sørlendingen i takketalen.

Prisen Årets bibliotek er blitt delt ut av Norsk Bibliotekforening kvart år sidan 1988 (med unnatak av 1989). Sist eit skulebibliotek fekk prisen, var i 2008, då den gjekk til biblioteket på Breivang videregående skole i Tromsø.

Kommunal satsing

Ifølge juryleiar og leiar i Norsk Bibliotekforening Vidar Lund fekk biblioteket på Gamlebyen skole prisen grunna sin store innsats for skulen og for elevane si leselyst, og som eit førebilete for andre skulebibliotek. Prisen var også ei anerkjenning av Oslo kommune sine grep for å styrka skulebiblioteka i byen.

– Veldig hyggeleg å bli anerkjent for det arbeidet kommunen har gjort, seier fagansvarleg for skulebibliotek i Oslo kommune Cathrine Bergan.

– Når ein ser kva som skjer elles i landet, med kutt i tilbodet og kommunar som ikkje vil vedta skulebibliotekplanar, er det viktig at dette blir løfta fram, seier ho til Bok & bibliotek.

– Vi treng ein nasjonal standard og ein nasjonal plan for skulebibliotek. Kanskje kan dette vera ei hjelp.

Gullstandard

For to år sidan vedtok Oslo ein skulebibliotekstandard for grunnskulen. I fjor blei den utvida til også å gjelda for vidaregåande skular og vaksenopplæring. Og målet om innkjøpsbudsjett på 100 kroner per elev blei auka til ei bok per elev.

– Nokre av skulane møter standarden no, mest dei vidaregåande. Og mange er langt unna.

Men det viktigaste er satsinga er på kompetanseheving, seier Bergan.

Med støtte frå arbeidsgivaren har 38 skulebibliotekarar i Oslo no fullført vidareutdanninga «Skolebiblioteket i fagfornyelsen» ved Universitetet i Agder.

– Representerer Gamlebyen ein gullstandard?

– Ja. Når nokon treng eksempelskulebibliotek, har vi vist dei til Gamlebyen, fordi dei driv så bra. Dei har integrert biblioteket i læreplanen over fleire år, slik at det er blitt heilt sjølvsagt å bruka det, seier Bergan

Ytringsfridomens infrastruktur

Det gode skulebibliotekarbeidet på Gamlebyen skole var medverkande til at Geir Johansen søkte seg dit som rektor for fem år sidan.

– Det var noko av det eg visste om skulen som gjer det attraktivt å vera her. Nokon tenker at om ein skal ha ei heil stilling på biblioteket, så tek ein noko frå noko anna. Nei, tenker eg, ein gir noko til alle!

Fritt Ord-direktør Knut Olav Åmås kalla biblioteka eit av dei viktigaste elementa i samfunnet sin infrastruktur for ytringsfridom. Både rektor og biblioteklærar kjenner seg som ein del av denne infrastrukturen.

– Absolutt, det ligg i biblioteket sin natur, seier Lombnæs.

– Og det inspirerer elevane til å tenka nye tankar, supplerer Johansen, – til å undersøka korleis ting heng saman. Éin les den eine boka, og éin den andre, og så skjer det noko når dei to snakkar saman.

Skulebiblioteket er ekstra viktig i den polariserande tida vi lever i, meiner Elisabeth Lombnæs.

– Mange opplever at ein ikkje lenger toler å vera ueinige. Då blir ein krenkt og kan ikkje diskutera lenger. Skjønnlitteraturen er nøkkelen inn der. Der blir du automatisk dregen inn i andre sine synsvinklar og andre sine opplevingar av verda. Eg er oppteken av at vi ikkje berre seier «No skal vi bli demokratiske, no må vi lesa ei bok om demokrati», men at vi badar i forteljingar. Og det har vi som skulebibliotek eit utruleg høve til når vi kan halda på med det eksklusivt, kvar dag.

Klikk her for å koma til episode 11 av Podkasten Bok & bibliotek, der du kan høyra
takketalane, Knut Olav Åmås sitt kåseri og heile intervjuet med prisvinnarane.

Powered by Labrador CMS