Bibliotekreform som kostar

Fram frå bokhyllene vil det nye folkebiblioteket reise seg, som ”en uavhengig møteplass og arena for offentlig samtale og debatt.” Men folkebibliotekets omskiping til debattarena vil framskunde filialdauden sterkt, skriv Georg Arnestad.

Publisert Sist oppdatert

Hausten er budsjettid. På Stortinget og i kommunane. Folkebiblioteka, med sine mange raudgrøne bibliotekar landet rundt, gledar seg over budsjettframlegget til den blåblå regjeringa. Tilleggsproposisjonen inneheldt heile 12, 1 mill. ferske kroner til «en satsing på folkebibliotekene som møteplass og debattarena.» Dette gjorde sektoren til budsjettvinnar i eit blått kulturbudsjett som bar preg av små reduksjonar i og omfordelingar av den automatiske veksten i kulturutgiftspostane gjennom snart eit tiår. Meir er i vente. Kulturpolitikk kan verte skikkeleg gøy dei neste åra.

Eit slikt lite statleg «bibliotekløft» har knapt skjedd sidan Johs. Aanderaas dagar på 1970-talet. Kulturløftet I og II brydde seg ikkje den døyt om folkebiblioteket. Derimot sørgde dei raudgrøne for at staten skulle yte pengar til litteraturhusa i Oslo (3 mill.) og Bergen (1 mill.). Heldigvis har dei blåblå gjort det klart at dette tilskotet skal gjevast som eit eingongstilskot. Å drive litteraturhus i storbyane, og elles i landet for den del, skal ikkje vere noka statleg oppgåve. Men berre vent til neste haust. Då kjem hylekoret att. Litteraturhusa har mange skriveføre og høgtropande kulturvener i sine rekkjer. I budsjettkampen neste år melder dei seg garantert til teneste.

Eg vonar statssekretær Knut Olav Åmås klarar å stå i mot presset. Betre enn dei fleste har Åmås analysert, skrive om og forstått dei mange utfordringane folkebiblioteka står overfor. Andre norske kulturaviser har berre i liten grad brydd seg med folkebiblioteka. «Elsket av mange, glemt av de fleste. Har Norge råd å la dem forvitre?» spurde han i 2008. I 2011 skreiv han at «[F]lere nye litteraturhus bør få et entusiastisk ja takk. Men de viktigste litteraturhus vi har, er uansett de 800 folkebibliotekene.» I 2010 vart Åmås tildelt æresprisen til Norsk bibliotekforening, for «å gjøre biblioteka mer synlige både gjennom egne kronikker og ledere i Aftenposten og ved aktivt å åpne spaltene for biblioteksaken.»

Ingen kan heller skulde norske folkebibliotekarar for å ha stått på barrikadane. Det har likevel endra seg siste åra. Det har med fleire forhold å gjere: den brysame konkurransen frå litteraturhusa, ny biblioteklov, utfordringane frå Åmås og andre kulturskribentar, innstillinga frå Enger-utvalet, pluss suksessen til nokre funksjonelle og prangande bibliotekbygg i utlandet; etter kvart også i vårt land.

Fram frå bokhyllene vil det nye folkebiblioteket reise seg, som «en uavhengig møteplass og arena for offentlig samtale og debatt.» Med 12,5 mill. øyremerkte kroner frå Åmås i Kulturdepartementet skal bibliotek over heile landet gå i gang med den store transformasjonen. Signalet er gitt frå landets største folkebibliotek, Deichmanske i Oslo: biblioteksjefen treng slett ikkje vere bibliotekkunnig. Ho skal først og fremst vere leiar, ikkje fagperson. «Gamalprofessor’n» Ragnar Audunson høyrer dei ikkje lenger på. Biblioteket skal inn i det moderne og hektiske opplevingssamfunnet. Då strekk ikkje bibliotekvitskapen til.

Men det er ikkje berre Stortinget som lagar budsjett for tida. Rundt om i kommunane våre driv no rådmannen og syr saman budsjettforslag som skal halde kommunen unna Robek. Dette skjer i ei tid då lånegjelda er skyhøg og dei økonomiske utsiktene meir usikre enn på lenge. Rådmannen knip inn der han kan knipe: leggje ned skular, droppe stillingar. Også utviklinga med å leggje ned bibliotekfilialar held fram. Noka katastrofe treng heller ikkje det vere. Som t.d. i Vennesla kommune, der rådmann Svein Silsand i 2014-budsjettet foreslår å leggje ned filialen på Øvrebø, som «i dag har null til én besøkende i uka.» Om vi skal tru Vennesla Tidende.

Verre er det i Gloppen, kulturkommunen der eg sjølv vaks opp. Rådmannen foreslår no å leggje ned dei to attverande bibliotekfilialane i kommunen, på Breim og i Hyen. Slik sparer ho kr 222.640, fortel avisa Firda. Og den vidstrekte kommunen vil sitje att med eitt bibliotek, i kommunesenteret Sandane. Så seint som i 2011 vart Gloppen kåra til landets beste kulturkommune. Men det kan ikkje rådmann Marit Elisabeth Larsen bry seg om.

Situasjonen er den same i mange andre kommunar. Filialane forsvinn éin for ein. Berre i Oslo blir filialnedleggingar ei stor mediesak. Kor mange som har vorte borte siste åra, veit eg ikkje. Eg finn ikkje ut av bibliotekstatistikken etter at Nasjonalbiblioteket tok over ansvaret.

Det er ikkje kostnadsfritt å transformere folkebiblioteka frå folkeopplysande kulturberarar til opplevingsarenaer for debatt og samtale. Éin ting er at det trengst nye og høvelege lokale. Noko anna er at det kostar å hente interessante folk som kan fylle dei nye og opprusta arenaene med debatt. Honorar skal dei også ha, somme. Eg har leia «Tysdagsdebatten» i Sogndal siste året, og veit mykje om dette. Men trur du rådmannen finn pengar til slikt på budsjettet? Han må det, for Fritt Ord kan ikkje finansiere 420 norske debattarenaer. Frå staten er det ingenting å hente.

Folkebibliotekets omskiping til debattarena vil framskunde filialdauden sterkt. Utviklinga mot eitt bibliotektilbod per kommune vil bli styrkt. Den indre sentraliseringa som går føre seg i mange kommunar, vil akselerere. Driftsutgiftene vil auke. Dei få filialane vi har att, vil stå lagleg til for hogg.

Det gjenstår også å sjå om autoritetstru kommunale biblioteksjefar vil la rådmannen styre kva for tema som skal og ikkje skal debatterast, og korleis dette skal skje. Undersøkinga som vart presentert i Bok og Bibliotek nr 5/13, gir grunn til uro. Demokratisk debatt i regi av norske folkebibliotek kan få tronge kår i mange kommunar.

Undersøkinga i Bok og Bibliotek viser at rådmannsmakta kan vere eit reelt trugsmål mot den frie debatten i regi av kommunale folkebibliotek. Dessutan vil den beskjedne reforma koste (betydeleg) meir enn ho smakar. Men har kommunane noko val, når «historiens skraphaug» er det einaste alternativet?

– Av seniorrådgiver og kulturforsker Georg Arnestad, Høgskolen i Sogn og Fjordane

 

Artikkelen sto på trykk i Bok og Bibliotek nr 6/2013.

 

Powered by Labrador CMS