Bibliotekfagleg informasjon på nettstaden til ABM-utvikling

Publisert Sist oppdatert

Det har kome spørsmål om korleis bibliotekfagleg informasjon vert handtert framover på nettstanden til ABM-utvikling. Les om handsaminga her.

 

Det har kome spørsmål om korleis bibliotekfagleg informasjon vert handtert framover på nettstanden til ABM-utvikling. Les om handsaminga her.

 

1. juli 2010 vart statlege bibliotekoppgåver i ABM-utvikling overført til Nasjonalbiblioteket. Overføringa omfatta også tilsette som tidlegare arbeidde i avdeling for bibliotekutvikling.

1. januar 2011 blir oppgåvene knytt til konsortieavtalar mot universitets- og høgskolesektoren i ABM-utvikling overført til organisasjonen Cristin, det nye felles systemet for registrering og rapportering av forskingsaktivitetar for institusjonane i helsesektoren, instituttsektoren og UH-sektoren. Tilsette i ABM-utvikling med dette som arbeidsoppgåve vil bli overført til Cristin.

Bibliotekstoff på www.abm-utvikling.no, med unntak av stoff om konsortie, vil etter 1. juli i hovudregelen ikkje vere oppdatert. Nettsidene er merkt med dette. Informasjonen er framleis tilgjengeleg, men altså berre som historisk informasjon.

Nasjonalbiblioteket har fått tilgang til å kopiere data under ”Mest bibliotek” slik at dei kan bruke og vidareutvikle informasjonsmateriellet. Data er overlevert til Nasjonalbiblioteket.

I ein overgangsperiode vil ABM-utvikling gratis sende ut relevante publikasjonar og informasjonsmateriell vi framleis har på lager til dei biblioteka som spør. ABM-statistikken 2009 er innhenta og publisert av ABM-utvikling. Denne er no til utsending til alle arkiv, bibliotek og museum og ligg elles fritt tilgjengeleg på nettsida vår.

1. januar vert ABM-utvikling og Norsk kulturråd slått saman. Det er på gang eit arbeid med å utvikle nye nettsider for Det nye kulturrådet. Eksisterande domenenamn og nettsider vil fungere også etter 1.1.2011, men alle besøkande kjem først til ei ny felles startside. Vi vil sjå til at historiske publikasjonar er tilgjengelege, men det faglege innhaldet vil naturleg nok bli påverka og utvikla i tråd med det nye mandatet for Norsk kulturråd. 

– Av Atle Faye informasjonsdirektør, ABM-utvikling

Opprinnelig publisert på Biblioteknorge 27.10.10

 

 

 

Powered by Labrador CMS