Bibliotekstriden i Frogn

Biblioteket får bli i Drøbak sentrum

Kommunestyresalen i Frogn var fylt til randa av bibliotekaksjonistar måndag 29. april. Det skulle stemmast over eit mogleg sal av Torget 6, det historiske bygget som husar biblioteket.

Engasjement: Mange av aksjonistane som kvar laurdag har stått utanfor biblioteket i sentrum, hadde teke turen til Frogn rådhus måndag 29. april.
Publisert Sist oppdatert

Foreininga Behold og Bevar arrangerte på førehand protestmarsj opp til rådhuset og møtte talrike opp i kommunestyresalen. Dette sette tonen for ein kveld prega av kjensleladde diskusjonar, skreiv lokalavisa Amta 29. april.

Etter ein lang diskusjon stemte 17 representantar for å behalda bibliotekbygget i kommunale hender og 14 for å selja. Saka blei avgjort av ein utbrytar frå Høgre, ein frå Pensjonistpartiet og ei uavhengig stemme. Deretter stemte kommunestyret einstemmig imot å flytta biblioteket til Seiersten, eit lite handelssentrum og skuleområde nokre hundre meter lenger oppe.

– Eg ser ingen hender som ikkje er oppe, då er det vedtaket avgjort, sa ordførar Sigbjørn Odden frå Høgre til spontan applaus frå salen.

Slepp å pakka bøker

– Vi tenkjer det er eit veldig bra vedtak at vi skal vera der vi er, seier biblioteksjef Torild Andrea Berg.

– Og så får vi sjå korleis vi får til alt etter kvart. Det hadde fungert der oppe på Seiersten også. Men no slepp vi unna å pakka alle pappeskene. Det låg an til å bygga om der oppe, men det å sleppa å pakka og alt er jo fint. Og så er det sentralt å vera på torget.

Klar for endring: Biblioteksjef Torild Andrea Berg i Frogn.

Berg fortel at ho blei litt overraska over kommunestyret sitt endelege vedtak. Formannskapet si innstilling var å selja det gamle huset i sentrum og legga til rette for nye biblioteklokale ein liten kilometer lenger oppe i småbyen. Under skjebnemøtet låg det ei stund an til at saka ville bli utsett, men så blei det altså fleirtal for status quo.

– I kommunedirektøren sitt saksgrunnlag kjem det fram at det må ganske store utbetringar til der de er no, mellom anna universell utforming og ventilasjon. Så litt bokpakking blir det vel på dykk likevel.

– Ja, det skal gjerast ting i bygget. Vi må flytta om på ting. Det er både på godt og vondt alt saman. Det er fint å måtta gå gjennom samlinga og få eit nytt blikk på ting. Endring er ikkje berre negativt.

Mykje står att

– Har de feira på biblioteket?

– Vi har ikkje feira. Men Behold og Bevar hadde ein open folkefest no på laurdag.

Plasseringssaka har gjeve stor merksemd rundt biblioteket den siste tida, og demonstrasjonar på torget framom biblioteket har drege folk kvar laurdag i trekvart år. Nokon effekt på besøks- eller utlånstal kan biblioteksjefen likevel ikkje seia å ha sett.

Men folk i Drøbak er glade for avgjerda, seier ho, i alle fall dei som har kjempa for at biblioteket skal bli der det er.

– Det er alltid ulike meiningar, poengterer Berg, som no gjer seg klar for ein lang prosess med utreiing av den beste måten å oppjustera og tilpassa det gamle praktbygget endå betre til moderne bibliotekdrift på – i det bibliotekar Helene Stubberud på amta.no 27. april kalla «Norges koseligste bibliotek».

Glade aksjonistar

Ser framover: Leiar Malmfrid Hallum i Behold og Bevar.

Leiar Malmfrid Hallum i Behold og Bevar er naturleg nok veldig glad for vedtaket.

– No kan vi byrja å sjå framover, seier ho til Bok & bibliotek.

Kommunen har allereie teke kontakt med foreininga med tanke på å vidareføra engasjementet i form av ei veneforeining for biblioteket, fortel ho.

– Vi opplever at alle no ser framover for saman å skapa det beste bibliotektilbodet for innbyggarane og Frogn.

– Kvifor er dette riktig vedtak, meiner du?

– Det eine er sjølve bibliotektilbodet, ei bekymring for at eit tilsvarande tilbod ikkje ville koma tilbake i nye lokale. Så er dette også eit strategisk viktig bygg for Drøbak sentrum. Og for næringslivet og kulturlivet er det viktig at det finst eit variert servicetilbod for både fastbuande og besøkande.

Engasjementet kjem også av at folk i Frogn er veldig nøgde med dagens bibliotektilbod, seier ho.

– Kva trur du mobiliseringa dykkar har betydd for utfallet i saka?

– Eg trur det har vore viktig for dei som er engasjerte i biblioteket, å ha ein plass å høyra til. Og det har vore viktig at foreininga har jobba tverrpolitisk.

Ho skildrar arbeidet som ope og inkluderande med ei brei plattform. Dei har jobba både politisk og gjennom å løfta fram kulturen under laurdagane på torget med appellar, musikk og tekstopplesing.

– Eg trur dette er ein blant veldig mange ting som har påverka resultatet. Men om eg skal peika på noko eg trur er viktig, så er det det tverrpolitiske engasjementet som er skapt. 

Kvinnedominert aksjon

– Ut frå nettsida til Behold og Bevar å døma ser det ut til at det berre er kvinner med i leiinga. Stemmer det?

– Nei då, vi har ein mann også i styret. Og så har vi hatt ei stor ressursgruppe rundt styret. Så vi har absolutt hatt ei spreiing i kjønn og alder, men då vedtaket kom i kommunestyret før jul, så blei vi oppretta raskt for å kunna koma snart i gang.

Gjennomslag: Behold og Bevar nådde fram med parolene sine. No skal protestforeininga gjerast om til ei veneforeining for biblioteket.

Dagens leiing har altså fungert som eit interimsstyre og blei bygd opp gjennom kjennskap og venskap. No er tanken å gå vidare som ei meir varig veneforeining, og då må ein tenka breiare på dette med representasjon, seier Hallum.

– Det er eit momentum no. Og det er eit faktum at biblioteket kjem til å trenga gode vener framover. Det vil bli krevjande også økonomisk. Vi har eit ønske om å få det til i samarbeid.

Innsamlingsaksjon for biblioteket

I aksjonsperioden har Behold og Bevar hatt ein spleis gåande. Målet var ein million kroner. Til no er det kome inn 200 000.

– Vi sette ein million som eit hårete mål, også med tanke på at det kunne koma større gjevarar, forklarer Malmfrid Hallum.

Men sjølv om store summar frå næringsliv og fond hadde vore fint, har det kanskje vore vel så vakkert å sjå det breie folkeengasjementet. Den solide summen som trass alt har kome inn, er stort sett resultat av ein tusenlapp her og nokre hundre der frå eit breitt lag av innbyggarane. Behold og Bevar har også ein gåvekonto der det er kome inn pengar.

– Kva skal dei brukast til no når aksjonsperioden er over?

– Pengane skal gå til nødvendige eingongsinvesteringar på Torget 6, og så må det vera opp til kommunen kor dei tenkjer at midlane skal prioriterast no.

Frogn kommune er som kjent i ein tøff økonomisk situasjon. Ifølge Hallum har den grundige handsaminga av biblioteksaka vore med på å løfta fram viktige perspektiv i det pågåande arbeidet med å snu den økonomiske skuta.

– Mange andre aspekt ved kommuneøkonomien er blitt aktualisert, seier ho og nemner konkret ein pågåande gjennomgang av skulestrukturen.

– Det hadde vore eit problem å på førehand ha flytta eit bibliotek til ein skule, poengterer ho.

Powered by Labrador CMS