Skulebibliotekarar klager på eksamensendring
Elevar på vidaregåande får ikkje lenger bruke Kildekompasset på eksamen. Skulebibliotekarar frå heile landet har gått saman om å klage på avgjerda.

– Vi meiner at kildekompasset.no er ein ressurs som elevane treng for å dekke kompetansekrava. Det er meir brukarvennleg enn til dømes APA-katalogen. Både skulebibliotekarar og lærarar pleier å vise til Kildekompasset.
Det seier Alexandra Nicolas Brandal, skulebibliotekar ved Sola vidaregåande skule i Rogaland. Saman med kollegaer har ho klaga på avgjerda.

Kildekompasset.no er ei nettside som gir informasjon om referansestilane APA og IEEE, korleis ein skal referere korrekt, og korleis ein skal vere kritisk til dei ulike kjeldetypane. Det er eit samarbeid mellom universitetsbiblioteka ved Universitetet i Agder, Universitetet i Søraust-Noreg og Universitetet i Stavanger.
No har Utdanningsdirektoratet (Udir) fjerna nettsida frå lista over tillatne hjelpemiddel ved skriftleg eksamen i vidaregåande skule. Novaris IKS har det praktiske ansvaret for lista over hjelpemiddel.
Trygg og rettferdig eksamen for alle
– Fylkeskommunane har i samarbeid med Udir vedteke å redusere talet på tillatne hjelpemiddel under eksamen. No er det først og fremst ordbøker, Lovdata og Store norske leksikon som er tillatne.
Det seier Per Kristian Larsen-Evjen, avdelingsdirektør i Udir.
Han fortset: ‒ Det er behov for å avgrense elevanes hjelpemiddel til eit absolutt minimum for å sikre ein trygg og rettvis eksamen for alle.
‒ For stor belasting på enkelte eksterne nettsider kan føre til at dei ikkje fungerer under eksamen. Færre nettsider gjer det òg enklare å kontrollere at elevane ikkje brukar andre nettstader enn det dei har lov til, argumenterer Larsen-Evjen.
‒ Ei tydeleg røyst for elevane
Brandal og kollegaene er derimot ueinige i at det nett er Kildekompasset som bør ut av lista over hjelpemiddel.

– Vi veit at lista over tillatne hjelpemiddel blir tynnare og tynnare for kvart år. Kunstig intelligens heng som eit spøkelse over norsk skule. Ein er redd for juks. Det kan sjølvsagt diskuterast kor mange ressursar elevane treng på eksamen. Men Kildekompasset bør ikkje kuttast, seier Brandal.
Skulebibliotekarar frå heile landet står saman for å få tilbake tilgangen for elevane. I klagen skriv dei:
«Det å mestre korrekt og etterrettelig kildeføring forutsetter tilgang til et oppslagsverk for å kunne velge riktig kildeoppsett til de utallige ulike kildetypene. Det er med andre ord ikke noe eleven skal pugge utenat, men en ferdighet som betinger tilgangen til et oppslagsverk som Kildekompasset».
– Skulebibliotekarar på tvers av fylke er samstemde om at denne ressursen bør elevane ha tilgang til. Helst i tide til vårens eksamenar, men i det minste før neste år, seier Brandal.
Larsen-Evjen i Udir framhevar på si side at dersom ein opnar for fleire hjelpemiddel, vil det vere utfordrande med likebehandling av kva ressursar som skal vere tillatne. Han legg til at det ikkje er mogleg å gjere endringar for vårens eksamenar, men har ikkje kommentert eventuelle endringar for neste skuleår.