Revidert nasjonalbudsjett
12 millionar meir til bøker i skulebibliotek
I revidert budsjett foreslår regjeringa å løyve 12 millionar kroner for at kommunane kan kjøpe inn bøker til skulebiblioteka, skriv dei sjølve i ei pressemelding i dag.

– Arbeidarpartiet held fram den kraftige satsinga for å auke leseferdigheitene og leselysta hos barn i norsk skule, etter svært urovekkande leseresultat dei siste åra. Med desse midlane sørger vi for at skulebibliotek over heile landet kan kjøpe inn ny, variert og engasjerande litteratur, seier kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun (Ap).
Arbeidarparti-regjeringa har i denne perioden auka tilskotet til skulebibliotek i fleire budsjett. Sidan 2021 har tilskotet til personalressursar og kompetanseutvikling i skulebiblioteka auka frå 14 millionar kroner i 2021 til 50 millionar kroner i 2025. Tilskotet på 12 millionar til bøker, kjem i tillegg til desse midlane, skriv regreinga.
Skulebibliotek gir læring og leseglede
– Når barn får høve til å utforske bøker dei sjølve er nysgjerrige på – anten det er fantasy, fakta eller teikneseriar – aukar motivasjonen for å lese og lesegleda. Og vi veit at elevar som les mykje, òg gjer det betre i andre fag, seier Nordtun.
Kunnskapsministeren trur skulebibliotek også kan bidra til å jamne ut sosiale skilnadar.
- Ikkje alle barn veks opp i heimar med bokhyller fulle av litteratur. Eit godt skulebibliotek gir alle elevar ei moglegheit til å oppdage leseglede, bli flinkare til å lese og lære nye ting, seier Nordtun.
Lesesatsing
Ifølge pressmeldinga er regjeringa i gang med fleire målretta tiltak for meir lesing og leseglede.
– Vi er svært bekymra for at barn og unge sine leseferdigheiter, lesevanar og haldningar til lesing har utvikla seg i negativ retning. Derfor set vi inn tiltak der dei verkar best. Fleire bøker i skulebiblioteka er eitt av fleire grep Arbeidarparti-regjeringa gjer, seier Nordtun.