USA

Kongressbibliotekar Carla Hayden er blitt fjerna

Gjennom fem tiår som bibliotekar har Carla Hayden tent lånarar i Chicago, Baltimore og no sist Washington D.C. Torsdag kveld fekk ho sparken via epost.

Oppsagt: Carla Hayden har leia Kongressbiblioteket i USA sidan 2016.
Publisert Sist oppdatert

«Carla, på vegner av president Donald J. Trump skriv eg for å informera deg om at stillinga di som kongressbibliotekar er avslutta med umiddelbar verknad. Takk for tenesta di,» skreiv nestleiaren for personalavdelinga i Det kvite huset Trent Morse til Carla Hayden i ein e-post torsdag klokka 18:56 lokal tid.

Avgjerda førte umiddelbart til sterke reaksjonar frå demokratar i Kongressen, mellom andre senator Martin Heinrich som poengterte at Trump med dette «tek åtaket sitt på dei amerikanske biblioteka til eit nytt nivå,» skriv Politico.

Senatsleiaren for mindretalet, Chuck Schumer, kalla oppseiinga av Carla Hayden «det siste steget i [Trump sin] nådelause kampanje for å riva ned demokratiske tryggleiksnett og straffa tenestekvinner som ikkje bøyer seg for viljen hans.»

«Trans-ing kids»

Tysdag denne veka fekk Hayden kritikk frå republikanarar i Representanthuset under ei høyring om budsjettauke og forseinkingar i eit ombyggingsprosjektet ho har sett i gang for å gjera biblioteket meir tilgjengeleg for publikum.

I tillegg blei ho den siste veka målskive for den konservative aktivistgruppa American Accountability Foundation, som kritiserte henne på X berre timar før ho blei sparka, og hevda ho var «woke, anti-Trump, and promot[ing] trans-ing kids», skriv Politico.

Hayden var første afroamerikanar og første kvinne til å leia verdas største bibliotek etter at Senatet godkjende henne med 74 mot 18 stemmer i 2016. Ho blei nominert av president Barack Obama, som kjende henne frå tida hennar ved Chicago Public Library der ho starta som bibliotekar på 1970-talet. Ho leidde også den amerikanske bibliotekforeininga ALA frå 2003 til 2004. I 1995 blei ho kåra til årets bibliotekar av Library Journal for arbeidet med oppsøkande tenester ved folkebiblioteket i Baltimore.

Dr. Hayden blei kongressbibliotekar etter mange år som biblioteksjef i Baltimore, der ho ifølge The New York Times fornya det slitne offentlege bibliotekvesenet.

– Ei skam

Hayden (72) har så langt avslått å kommentera saka, skriv The New York Times. Mindretalsleiaren i Representanthuset, Hakeem Jeffries, kalla Dr. Hayden ein «dyktig, prinsippfast og respektert» leiar av biblioteket.

«Donald Trump si urettferdige avgjerd om å sparka Dr. Hayden via ein tilfeldig politisk byråkrat på e-post er ei skam,» sa Jeffries. «Dette er berre det siste forsøket hans på å forby bøker, viska ut amerikansk historie og skru tida tilbake.»

Etter at han kom til makta, har Trump raskt prøvd å ta kontroll over amerikanske kulturinstitusjonar, mellom anna ved å gripa inn i drifta av John F. Kennedy-senteret for scenekunst, gå til åtak på eliteuniversitet og ta kontroll over Riksarkivet, skriv avisa.

«Å sparka henne er ikkje berre eit angrep på hennar historiske innsats, men eit direkte åtak på sjølvstendet til ein av dei mest respekterte institusjonane våre,» sa Rosa DeLauro i ei fråsegn. Ho er den øvste demokraten i budsjettkomiteen, skriv The New York Times.

Ser eit mønster

– Denne handlinga bør uroa kvar einaste amerikanar som set pris på sjølvstendet til dei kulturelle institusjonane våre og som forstår den avgjerande rolla biblioteka spelar i eit demokratisk samfunn, kommenterer John Chrastka ved EveryLibrary i ei pressemelding.

Han dreg fram jobben Hayden har gjort med digitalisering og tilgjengeleggjering av millionar av dokument og enklare tilgang for publikum.

– Under hennar leiing har Library of Congress blitt meir relevant for det amerikanske folket.

Chrastka ser oppseiinga av Carla Hayden i samanheng med den like umotiverte avskjedinga av riksarkivar Colleen Shogan for nokre månader sidan.

– Dette mønsteret av politisk innblanding i våre mest pålitelege, upartiske institusjonar er opprørande og djupt skadeleg.

Fryktar politisering

Ifølge EveryLibrary er fyller kongressbiblioteket ei rekke sentrale funksjonar. Copyright Office vernar rettane til skapande menneske. Congressional Research Service leverer nøytral og konfidensiell informasjon til lovgjevarar, og Law Library of Congress gjev tilgang til globale rettskjelder.

– Om stillinga som kongressbibliotekar blir politisert, risikerer ein å undergrava sjølvstendet til desse kontora – og i forlenginga tilliten til det demokratiske systemet vårt, skriv Chrastka og peikar på at oppseiinga av Dr. Hayden kjem samtidig som det føregår to søksmål mot Trump-administrasjonen knytt til forsøka på å leggja ned Institute of Museum and Library Services.

– Både Library of Congress og National Archives er institusjonar som skal tena nasjonen, ikkje ein einskild president sin politiske eller ideologiske agenda.

Powered by Labrador CMS