Utgave: 3/2023

Barack Obama sitt takkebrev til bibliotekarar i frontlinja

Forsøk på utreinsking av bøker går føre seg på bibliotek og i skular over heile verda. Den 17. juli i år tok Barack Obama standpunkt på X (tidlegare Twitter) og forsvarte det frie ordet i eit ope brev dedikert til bibliotekarane «i frontlinja». Vi har omsett det til norsk.

Til dei dedikerte og hardtarbeidande bibliotekarane i Amerika:

I eit kvart demokrati er fri utveksling av idear viktig for å sikre at borgarar er informerte, engasjerte og kjenner at synspunkta deira tel. Så viktig er dette at første grunnlovstillegg her i Amerika slår fast at fridomen byrjar med evna vår til å dele og få tilgang til idear – til og med, og kanskje særleg, dei vi ikkje er einige i.

Ikkje sjeldan er det nokon som skriv desse ideane ned i ei bok.

Bøker har alltid forma korleis eg opplever verda. Forfattarar som Mark Twain og Toni Morrison, Walt Whitman og James Baldwin har lært meg noko vesentleg om karakteren til landet vårt. Å lese om folk som hadde heilt andre liv enn meg, lærte meg å sette meg inn i andre sin situasjon. Og den enkle skrivehandlinga hjelpte meg å forme min eigen identitet – noko som skulle bli avgjerande for meg som borgar, som samfunnsorganisator og som president.

I dag blir nokre av bøkene som har forma livet mitt – og livet til så mange andre – utfordra av folk som er ueinige i enkelte idear eller perspektiv. Det er ikkje tilfeldig at desse «forbodne bøkene» ofte er skrivne av eller omhandlar farga personar, urfolk og medlemmer av LGBTQ+-samfunnet – sjølv om det også har vore tilfelle der bøker av konservative forfattarar eller bøker med ord eller scener som «triggar», har blitt forsøkt fjerna. Uansett ser det ut til at ønsket er å kneble i staden for å engasjere seg, tilbakevise, lære av eller søke å forstå synspunkt som ikkje passar med våre eigne.

Eg meiner ei slik tilnærming er djupt misforstått og i strid med det som har gjort dette landet stort. Som eg har sagt før, ikkje berre er det viktig at unge menneske frå alle bakgrunnar finn seg sjølve representerte på boksidene, det er også viktig for oss alle å engasjere oss i forskjellige tankar og synspunkt.

Det er også viktig å forstå at verda ser oss. Om Amerika – ein nasjon bygd på ytringsfridom – lar røyster og idear bli knebla, kvifor skulle andre land anstrenge seg for å beskytte dei? Ironisk nok har kristne og andre religiøse tekster – dei heilage tekstene som enkelte av dei som ropar på bokforbod i dette landet, hevdar dei vil forsvare – ofte vore det første målet for sensur og bokforbod i autoritære land.

Ingen forstår dette betre enn dykk, landet vårt sine bibliotekarar. I ein særdeles reell forstand er de i frontlinja – de kjemper kvar dag for å gjere eit breiast mogleg spekter av synspunkt, meiningar og idear tilgjengelege for alle. Engasjementet og den faglege ekspertisen dykkar gjer at vi fritt kan lese og vurdere informasjon og idear og sjølve gjere oss opp ei meining om kva vi er einige i.

Difor vil eg takke alle dykk for arbeidet de gjer kvar dag – arbeid som hjelper oss å forstå kvarandre og omfamne vår felles menneskelegheit.

Og det handlar ikkje berre om bøker. De tilbyr også rom der folk kan kome saman, dele idear, engasjere seg i nærmiljøet og få tilgang til viktige samfunns- og utdanningsressursar. Saman hjelper de folk til å bli informerte og aktive borgarar, i stand til å forme dette landet slik dei vil ha det.

Og de gjer alt dette i eit tøft politisk klima der de altfor ofte blir angripne av folk som anten ikkje kan eller ikkje vil forstå den viktige – og unikt amerikanske – rolla de spelar i livet til nasjonen vår.

Så anten de nett har begynt å jobbe på eit skule- eller folkebibliotek eller har vore der heile karrieren, vil Michelle og eg takke dykk for det standhaftige engasjementet dykkar for fridomen til å lese. Vi er dykk alle takk skuldig for at de sørger for at lesarar over heile landet har tilgang til eit breitt utval bøker og alle ideane dei inneheld.

Til slutt, til kvar borgar som les dette: Eg håper du blir med meg og minner alle som vil høyre – og til og med nokre du trur kanskje ikkje vil høyre – om at den frie, robuste utvekslinga av idear alltid har vore hjarta i amerikansk demokrati. Saman kan vi sørge for at dette blir sant også for komande generasjonar.

Med takksemd

BARACK OBAMA

Powered by Labrador CMS