Kven blir den nye nasjonalbibliotekaren? Her er søkarlista!
Endeleg kan vi presentera lista over dei som har vist interesse for å ta over som nasjonalbibliotekar etter at Aslak Sira Myhre gjekk av 1. januar.
Søknadsfristen gjekk ut 9. januar. 23 personar står att på søkarlista. Ingen av dei har bede om å få skjula namnet sitt, så her er det full openheit. Vi gjev att heile lista til slutt i saka. Men først kjem ein presentasjon av nokre av dei Bok & bibliotek-redaksjonen ville ha sett pengane sine på.
Ei av dei som kunne tenka seg å få toppjobben i Bibliotek-Norge er Åse Wetås (f. 1972). I dag er ho direktør i Språkrådet, ei stilling ho har hatt sidan 2015. Før det var ho prosjektdirektør for Norsk Ordbok.
Språkforskaren og leksikografen Wetås har doktorgrad i nordisk språkvitskap frå Universitetet i Oslo. Ifølge Wikipedia kom hovudfagsoppgåva hennar Namneskiftet Kristiania-Oslo ut som bok på Novus forlag i 2000. Doktorgradsavhandlinga hennar ber tittelen Kasusbortfallet i mellomnorsk. Ein komparativ studie av proprialt og appellativisk material. Wetås har òg skrive ei rekkje fagartikler innan namnegransking, morfologi og dialektologi.
Som direktør i Språkrådet har ho vore involvert i samarbeid med Nasjonalbiblioteket om arbeidet med å utvikla ein nasjonal infrastruktur for kunstig intelligens. Kan henda er det slik ho har fått interesse for det som går føre seg i Drammensvegen og Mo i Rana?
Ein annan renommert søkar er Frode Helland (f. 1964). Han er professor i nordisk litteraturvitskap ved Universitetet i Oslo og dekan ved Det humanistiske fakultet. Han er også professor II ved NTNU og har tidlegare leia Senter for Ibsen-studier ved UiO. Det kan kanskje vera strategisk å ha på CV-en for den som skal losa landet gjennom Ibsen-jubileumsåret 2028.
I fjor fekk Helland mykje åtgaum for utgjevinga Holocaust – en historie fortalt av ofrene, ei bok Marius Wulfsberg gav terningkast seks i Dagbladet og omtala som «... den første brede historien om Holocaust i Europa på norsk ... en bok av internasjonalt format.»
Helland har mellom anna også gjeve ut Rasismens retorikk (2019) og Melankoliens spill. En studie i Henrik Ibsens siste dramaer (2000). Av utdanning er han cand.philol. frå UiO 1992 med faga nordisk, filosofi og sosiologi. Han tok doktorgrad i 1998, også den ved UiO.
Ein søkar mange bibliotekfolk kjenner frå før, er Øyvind Engh. Han er i dag avdelingsdirektør for Tilrettelagt litteratur ved Nasjonalbiblioteket og fungerande assisterande nasjonalbibliotekar, så han skulle ha rimeleg god kontroll på kva han eventuelt går til. Engh var tidlegare leiar for Norsk lyd- og blindeskriftbibliotek (no Tibi).
Rune Røsten (f. 1971) har hatt ei rekke toppstillingar innan utvikling, strategi og investeringar i norske mediehus, forlag og teknologiføretak. Han var med å utvikla og lansera Gulesider.no, Sol.no, Dagbladet.no (der han også blei dagleg leiar og redaktør) og det sosiale nettverket VG Nettby.no, står det på LinkedIn.
Frå 2016 til 2023 var han sjef for investeringsselskapet Schibsted Ventures, og dei to siste åra har han vore direktør for strategi og forretningsutvikling i Aschehoug forlag.
Eirik Bø tok hovudfag i litteraturvitskap ved Universitetet i Oslo i 2003. Han er 51 år, forleggar og dagleg leiar i Pelikanen forlag. Frå 2008 til 2012 var han tilsett ved Sølvberget bibliotek og kulturhus som festivalsjef for Kapittel.
Han er i dag styreleiar i Litteraturhuset i Stavanger og var i ti år medlem og leiar av Forleggerforeningens ytringsfrihetsutvalg (2013–2023) og Kulturrådet sitt tidsskriftutval (2015–2019).
På LinkedIn presenterer Bø seg sjølv slik: «25 år i tjeneste for litteraturen, i Tronsmo Bokhandel, Sølvberget, Stavanger kulturhus, Kapittelfestivalen, Pelikanen forlag, Tekstallianse, Litteraturhuset i Stavanger, Forleggerforeningen, som redaktør, festivalsjef, samtaleleder, anmelder, skribent, leser, bransjesynser og ytringsfrihetsarbeider. Daglig leder og medeier i Pelikanen; oversatt litteratur, sakprosa og skjønnlitteratur. Mer bredde for det smale, så rart det enn høres ut ...»
Nesteren Hasani er også eit kjend namn i norsk bibliotekverd. Ho har rukke mykje på 39-år. Dei to–tre siste åra har ho vore biblioteksjef og kultursjef på Nesodden. Før det var ho biblioteksjef i Ålesund i halvtanna år. Dit kom ho frå Deichman i Oslo, der ho hadde ulike stillingar, mellom anna som leiar ved FUBIAK – Furuset bibliotek og aktivitetssenter.
Hasani er utdanna jurist frå Universitetet i Oslo og SOAS University of London og har påbyggingar innan leiing, skriving og prosjektarbeid. Ho har også studert musikk og Performing Arts i London, skriv ho på LinkedIn.
I eit intervju på side 26 i Bok & bibliotek 1/2023 fortalde Nesteren Hasani om bakgrunnen som Iransk kurdar som kom til Noreg som treåring. Ho har med andre ord verdifull fleirkulturell kompetanse.
Eit meir ukjend namn for biblioteknerdar, er Erlend Aune. Men etter opplysningane om han på LinkedIn å døma kan han vera ein joker. Han er i alle fall den av dei 24 som ser ut til å ha mest kompetanse på kunstig intelligens, noko som sikkert ikkje blir mindre relevant ved Nasjonalbiblioteket framover.
Han er i dag CTO, eller teknologidirektør, i Hance, som han også var med å skipa for snart to år sidan. Dette er eit oppstartsføretak som spesialiserer seg på KI-driven lydforbetring. Ifølge LnkedIn-profilen hans har han der ansvar for å styra den teknologiske retninga i selskapet og leia utviklinga av produkta.
Dei siste sju åra har Aune også vore førsteamanuensis ved NTNU der han jobbar med maskinlæring og er del av Norwegian Open AI Lab, med andre ord kollega med Inga Strumke på same stillingsnivå. Han er også førsteamanuensis på same felt ved BI. Han har doktorgrad i statistikk og mastergrad i mattematikk, begge frå NTNU.
Bente Falck-Sætervoll (50) har også ein relevant bakgrunn. Ifølge eit intervju i Bok365 har ho jobba svært mykje med digitalisering i bokbransjen. For fem år sidan blei ho direktør for Aschehoug Utdanning. Før dette var ho direktør for Bokbasen AS, som mange bibliotekarar kjenner godt.
Ho er også styrelem i Allvit.no, og har hatt ei rekke andre styreverv, mellom anna som leiar av Universitetsforlaget sitt styre frå 2020–2023 og ulike norske og internasjonale initiativ innan lese- og undervisningsteknologi. Ho er utdanna siviløkonom frå BI og har studert eit år ved noko som heiter INSEAD The Business School for the World, ifølge LinkedIn.
Kan henda blir det ein av dei vi har presentert her. Kan henda blir det ein av dei andre. Her er i alle fall heile gjengen – alfabetisk ordna på etternamn (om du les på mobilen må du nok snu skjermen og scrolla litt for å sjå alt):
Søkarar til stillinga som nasjonalbibliotekar, 2026
| Namn | Alder | Noverande stilling | Kommune | Kjønn |
| Aune, Erlend | 42 | CTO | Oslo | Mann |
| Aziz, Nani | 27 | Arbeidsledig | Stange | Kvinne |
| Bernante, Wilfredo Jr. | 36 | Rådgiver / Klinikkontakt | Oslo | Mann |
| Bucur, Dan Octavian | 54 | Olivia AS | Fagestrand | Mann |
| Bø, Eirik | 51 | Daglig leder, Pelikanen forlag | Stavanger | Mann |
| Dlouha, Kristyna | 33 | Management Trainee i sirkulærøkonomi | Oslo | Kvinne |
| Engh, Øyvind | 62 | Fungerende assisterende nasjonalbibliotekar | Oslo | Mann |
| Franck-Sætervoll, Bente | 50 | Arbeidssøker | Oslo | Kvinne |
| Hasani, Nesteren | 39 | Kultursjef | Oslo | Kvinne |
| Helland, Frode | 61 | Dekan | Oslo | Mann |
| Hengy, Charlotte | 25 | Ferdigutdannet sosiolog | Oslo | Kvinne |
| Hille-Krumsvik, Ingvild | 32 | Arbeidssøkende | Moss | Kvinne |
| Iftikhar, Arslan | 29 | Miljøterapeut | Ålesund | Mann |
| Jensen, Irene Marita | 50 | Arbeidssøker | Lier | Kvinne |
| Jung, Sanghee | 42 | Bibliotekar | Oslo | Kvinne |
| Proano Vera, Gabriela Vanessa | 25 | Assistant Shiftleader McDonalds | Oslo | Kvinne |
| Ringstad, Jon Inge | 41 | Publikumsvert | Skjetten | Mann |
| Røsten, Rune | 54 | Direktør for strategi og forretningsutvikling | Oslo | Mann |
| Sivic, Malka | 29 | Deltid operatør/sikkerhetskonsulent ved DnB Bjørvika | Oslo | Kvinne |
| Spasenic, Sanja | 54 | Freelance Consultant/Translator/Projects | Belgrade | Kvinne |
| Svarstad, Thorbjørn | 34 | Lærer | Kverneland | Mann |
| Taheri, Parichehr | 41 | Deichman Stovner (Oslo kommune) | Oslo | Kvinne |
| Wetås, Åse | 53 | Direktør, Språkrådet | Drammen | Kvinne |