1150 skulebibliotekvener krev sterkare opplæringslov

Skulebibliotekarar landet rundt er leie av manglande satsing på skulebiblioteka. No samlar ei brei grasrotrørsle seg for å krevja tydelegare lovverk og gode skulebibliotek for alle.

Publisert Sist oppdatert

På under ei veke har 1150 skulebibliotekarar og andre med engasjement for skulebibliotek samla seg bak eit opprop for statleg styrking av skulebiblioteka. Stortinget skal etter planen vedta ei ny opplæringslov før sommaren. I det noverande lovforslaget gjer regjeringa ingenting for å jamna ut dei enorme forskjellane i bibliotektilbod som skular rundt om i landet gjev til elevane sine, skriv initiativtakarane til oppropet i ei pressemelding.

– Her hjå oss får alle elevar ein skuletime på biblioteket kvar veke. Dette gjev alle elevar lik tilgang på litteratur, uavhengig av bakgrunn, seier Elisabeth Jensen Lombnæs frå biblioteket på Gamlebyen skole, ein av arkitektane bak oppropet. Biblioteket hennar vart tidlegare i år kåra til Årets bibliotek 2022, og ho ser kvar dag kor viktig skulebiblioteket er for utvikling og velvære for elevane.

PODKASTEN BOK & BIBLIOTEK

Intervju med Elisabeth Jensen Lombnæs etter mottakinga av prisen Årets bibliotek 2022.

– Viss me skal lukkast med å skapa leselyst, trengst det fyrst og fremst ein kultur for lesing. Eit godt skulebibliotek er eit viktig steg på vegen dit, seier ho.

No er det opp til Stortinget å gripa denne sjansen dei har til å retta opp i eit lovverk som ikkje fungerer. Ved å skriva ei lov som tydeleg definerer kva eit skulebibliotek skal vera, kan politikarane sikra ei jamgod og framtidsretta opplæring for alle, skriv aksjonsgruppa.

LES OGSÅ

– Born treng kultur og litteratur!

 

Powered by Labrador CMS