Kommentar

Ein augneblenk under verdsbibliotekkongressen i Kasakhstan 2025.

Der det er vakuum i velferda

Bibliotekdagen er til for å fortelja alle at biblioteka – desse kultur- og kunnskapssektorens venlegsinna geriljatroppar – finst og står klare til å rykka inn der det er eit vakuum. Over heile verda.

Publisert Sist oppdatert

Eg har høyrt kinesarar fortelja at dei lagar bibliotek bemanna med sosionomar for å hjelpa framandarbeidarar sine ungar, som går for lut og kaldt vatn når begge foreldra er på jobb. Eg har høyrt amerikanarar snakka om å ha bibliotekkriseplanen klar når orkanar og flaum herjar. Eg har høyrt kasakhstanske bibliotekarar fortelja om at dei sjølvsagt legg til rette for American Corners i biblioteka sine, fordi engelsken ungane lærer i skulen er ikkje nok. I Kroatia integrerer dei flyktningar, i England samarbeider dei med Google for å heva digitale lesevner, i Paris husar dei asylsøkarar og lærer vekk sirkulærøkonomi og urban dyrking. I Alexandria, Virginia hjelper dei offer for Trump og Musk sine kutt i offentleg sektor med omskulering og jobbsøk, i Mongolia tilbyr dei leseplassar for born som ikkje finn arbeidsro i det eine rommet i familien sin ger, og så bortetter, og så bortetter.

Ja, det finst sikkert grenser for kva biblioteka skal gjera. Men når eg i høve Nasjonal bibliotekdag skal skriva ein kommentar som feirar biblioteka like etter å ha delteke på biblioteka sin verdskongress i Kazakhstan, er det sant å seia veldig uklart for meg kor denne grensa bør gå. Kan henda ein annan stad enn i Flesberg, der biblioteksjefen på seinvakt også måtte vera badevakt. Eller i Hobøl, der posten for nokre år tilbake blei samlokalisert med biblioteket. I velorganiserte, rike og sosialdemokratiske Norge kan vi sikkert krevja at posten driv med post og badevakter med svømmebasseng.

Men ein ting slo meg då eg høyrde alle desse frå verda som fortalde om bibliotek som rykker inn der det finst eit vakuum: Ingen av dei lufta uro for at dei ekstralitterære tenestene gjekk ut over kjerneoppdraget. Biblioteka driv med bøker, skal gjera tilgjengeleg all lovleg informasjon og kunnskap, og formidla det som er kvalitetssikra. Dette ligg under. Dette står fast.

Så er det veldig ulikt kva som er lovleg frå land til land. Eg er for eksempel i tvil om det er lov i Russland å seia at bibliotek på okkuperte område i Ukraina ikkje er russiske. Dette kan du lesa meir om i eit intervju eg gjorde med Albina Krymskaja og Viktor Mutev. Men om vi for husfreden si skuld ser vekk frå den ikkje ubetydelege diskusjonen om grensene for kva som er lovlege ytringar, så står vi att med at bibliotekarar på tvers av heile kloden forstår oppdraget sitt veldig likt.

Hugsar de bokhandlarkjeda Notabene? For nokre år sidan var dei størst i landet. No har dei visst fem butikkar på Nordvestlandet og ein på Internett. Det kan vera mange grunnar til at dei krympa, eg kjenner ikkje detaljane. Men eg hugsar korleis alle i bokbransjen rynka på nasa over havet med nipps og fargestiftar, skulesekkar, takkekort og Tamagotchi-ar som møtte deg når du kom inn i lokala. Det var som om dei hadde gløymt at dei eigentleg dreiv med bøker.

I biblioteka er det omvendt. For oss er det sjølvsagt at vi eigentleg driv med bøker, ikkje bare for oss, men for alle. Vi må fortelja igjen og igjen at vi driv med meir. Advocacy, heiter dette på engelsk. Om vi som var på IFLA-kongressen i Kasakhstan hadde fått ein tiar for kvar gong det ordet blei sagt frå ein talarstol, ville vi hatt nok til eit middels norsk mediebudsjett.

Og det er jo dette bibliotekdagen er til for, å fortelja alle at biblioteka finst og er viktigare enn nokon gong. I heile verda.

Det er noko herleg med sjølvbiletet til biblioteka – desse kultur- og kunnskapssektorens venlegsinna geriljatroppar. Vi er innsausa i byråkratiet, men betakkar oss for å bli fortalt både kva vi skal gjera og kva vi ikkje skal gjera. Vi skal ha redaktørplakatar midt i den kommunale linja og prosjektmidlar til frø, integrering, redningsvestar, LED-lys, leverpostei og smal lyrikk.

Og vi rykker inn der det er eit vakuum i velferda.

God Nasjonal (og internasjonal) bibliotekdag!

Powered by Labrador CMS