Skjåk folkebibliotek er årets bibliotek
Skjåk folkebibliotek i Innlandet er tildelt prisen Årets bibliotek 2025 av Norsk bibliotekforening. Dei fekk prisen for innsatsen sin for å skapa eit attraktivt og yrjande samlingspunkt for innbyggarane.
I fjellkommunen Skjåk er sola borte frå september til mars. Kan henda tvinger det dei 2179 innbyggarane til å stråla på andre måtar. Ikkje veit eg. Men maken til hjarta for eigen kultur og eiga grend har eg vel knapt møtt.
Entusiasmen hjå bibliotekleiar Sigrun Eide, fulltidstilsette Ida Marie Banken og ekstrahjelp Laila Rusten (som saman fyller 2,04 stillingar) er djup og truverdig når vi snakkar med dei, kultursjef Marianne Stensgård og kommunedirektør Ivar Bø etter at blautkaka er vel fortært.
Glitrande entusiasme
Entusiasmen er nok noko av gullet som gjorde at det var nett Skjåk folkebibliotek som skein sterkast under utdelinga av Årets bibliotek 2025, der også Deichman Stovner, Måsøy folkebibliotek, Narvik bibliotek og Skolebiblioteket ved Skeiane ungdomsskole var nominerte og til stades.
Om lokalpatriotismen var høg frå før, steig den nok eit par ekstra hakk då SV-politikar og jurymedlem Sunniva Holmås Eidsvoll las opp juryen si grunngjeving under utdelingsarrangementet på Deichman Grünerløkka i Oslo 15. Januar.
Skjåk folkebibliotek har utvikla seg til å bli ein levande og inkluderande møteplass for heile lokalsamfunnet, meiner juryen. Gjennom nyskapande idear og tett samarbeid med lokale lag og personar har biblioteket skapt ei imponerande breidd av arrangement som femner både kultur, historie, kunnskap og fellesskap, meiner juryen.
Mange eldsjeler
– Om vi startar eit prosjekt er det kjempelett å få med seg folk, fortel biblioteksjef Sigrun Eide.
Når dei andre veka i mars skal avvikla SOLfestival for å feira at dei har «funne opp sola på nytt», er det mange i sving. Men med biblioteket som det naturlege navet.
– Det er veldig mange eldsjeler i Skjåk. Så når vi i år skal ha fuglar som hovudfokus, let folk seg riva med, fortel Eide. – Dei kjem med fuglemat, fugleplakatar og oversikt over dei mest vanlege fuglane i Skjåk.
– Og stiller opp når vi skal ha fuglekasseverkstad, supplerer Ida Marie Banken.
Den tidlegare læraren fortel også om dei mange skulebesøka dei får til. Det er nesten så eg ikkje trur det eg høyrer, men dei fortel faktisk at alle klassane på den lokale grunnskulen, frå første til tiande trinn, er innom biblioteket kvar 14. dag! Det spørst om vi ikkje må førebu oss på ei snart føreståande litterær bløming øvst i Gudbrandsdalen.
Kultursjefen i folden
Er du nysgjerrig på ein suksessfaktor, kjære lesar? For dei har faktisk ein slik dei er ganske sikre på, både kultursjefen og dei bibliotektilsette. Det er at kulturavdelinga og biblioteket er samlokaliserte. I praksis betyr det at kultursjef Marianne Stengård og dei tilsette på biblioteket deler kontor. Dessutan ligg biblioteket i første etasje i kommunehuset. Slik blir det kort veg både til realisering av nye idéar og lobbyverksemd mot politikarar og andre med makt til å forma infrastruktur og budsjett, som kommunedirektør Ivar Bø.
– Eg er veldig imponert over det dei har fått til på biblioteket, seier han stolt, og kallar det ein av dei viktigaste arenaane i kommunen.
– Dei siste åra har det vore eit skikkeleg oppsving på biblioteksida.
Han dreg fram kor viktig det er at dei har ein slik nøytral arena, utan konkurranseelementet ein til dømes finn i idretten.
– På biblioteket kan ein koma som ein er. Vi har fått til veldig mykje bra, og eg er sikker på at vi kan få til endå mykje meir, seier han, og dreg fram kor flinke gjengen på biblioteket er til å tenka utanfor boksen.
– Det er det som dreg oss fram.
Eigentleg ingen grenser
Er det grenser for kva biblioteket kan halda på med, spør vi litt spissformulert til Sigrun Eide.
– Nei, eigentleg ikkje. Ta desse fuglane – vi kan jo knyta alt opp til kunst og litteratur, vi kjem til å ha ei fotoutstilling med lokale fotografar, for eksempel.
– Og folkehelse, supplerer kultursjefen. – Det er sånne omgrep ein kan vera med å bidra til.
– Og så skal vi jo inn med formidling og informasjon, påpeikar Laila Rusten. – Det er utruleg mange tema å velja mellom.
Folkehelse minner Ida Marie Banken på å nemna diktarstien dei har fått utvikla.
– Der er det diktartrim no, der ein går løypa.
Gardbrukartrim
Som andre stadar har dei benkar med lyrikkplakatar av lokale ordsmedar. Men skal vi tru den entusiastiske vinnargjengen, er nok deira benkar ekstra fine, lafta av lokalt tømmer som dei er.
Som for å understreka både kommunedirektøren og Årets bibliotek-juryen sine ord om kreative påfunn utanfor boksen, fortel Sigrun Eide med stjerner i augo om treningsforslaga kommunen sine fysioterapeutar har bidrege med på kvar benk.
Av slikt blir det diktartrim, barnetrim og dametrim – og i programmet til SOLfestivalen jamvel noko som heiter Gardbrukartrim.
– Så det er litt av kvart i Skjåk, du må koma! insisterer biblioteksjefen (er det naudsynt å skriva det? Nei, men eg gjer det likevel) entusiastisk.