Prideflagga vaia under generalforsamlinga til IFLA i Rotterdam i august i år. Enkelte forlet salen i protest mot vedtaket om å legga neste års verdskongress til Dubai. No er kongressen avlyst.

Verdskongressen i Dubai avlyst

Først ville Emirata vera vertskap for neste års verdskongress for bibliotek. No trekker dei attende invitasjonen. Protestvedtaka har hatt effekt, meiner Vidar Lund i Norsk Bibliotekforening.

Publisert Sist oppdatert

Det blir ingen WLIC 2024, ikkje i Dubai og ikkje nokon annan stad. Det fortalde International Federation of Library Associations (IFLA) i ei pressemelding tysdag.

Avgjerda blei kommunisert til IFLA av Emirates Library and Information Association som sto bak invitasjonen. Ifølgje pressemeldinga har foreininga i Emirata understreka at dei framleis vil engasjera seg for IFLA og arbeida for å finna andre måtar å bringa bibliotekarar frå landet og regionen nærare det globale bibliotekfeltet. IFLA dreg på si side fram tydinga av meir samarbeid med regionen for å ikkje berre bli ein internasjonal, men ein vergeleg global føderasjon. Eitt av argumenta til IFLA for å legga kongressen til Dubai var at dette ville gjera det mogleg å ta del for folk som elles ofte er forhindra på grunn av at dei ikkje får visum til Schengen-land.

LES OGSÅ

IFLA si avgjerd om å legga neste års verdenskongress til Dei sameinte arabiske emirata har hausta hard kritikk, ikkje minst frå medlemer i dei skandinaviske landa. Dubai i Emirata har mellom anna lovverk som forbyr homofili, og manglande rettsvern for kvinner som blir utsette for vald. Norsk Bibliotekforening kunngjorde den 15. september at dei ikkje ville delta på neste års konferanse i Dubai.

Trur kritikken har verka

Vidar Lund. Foto: Norsk Bibliotekforening

For leiar Vidar Lund i NBF er tilbaketrekkinga frå Emirata eit prov på at i dei ulike vedtaka spesielt Europa rundt har hatt effekt.

– Dei har funne ut at det ville vore vanskeleg å ha ein internasjonal konferanse utan deltaking frå store delar av Europa, Nord-Amerika og Sør-Amerika, seier Lund til Bok & bibliotek.

I tillegg til dei skandinaviske landa, har stor aktørar som Frankrike og ikkje minst USA meldt at dei ikkje ville delta under neste års kongress.

– Kva tenkjer du om at initiativet til avlysinga ser ut til å koma frå Emirata?

– No har eg ikkje hatt kontakt med bibliotekforeininga der, men det kan jo henda at dei har snakka med IFLA før det kom eit sånt brev. Dette var kanskje den enklaste måten. Det ville kanskje vera verre for IFLA å avslutta ein kontrakt, men det veit ikkje eg, seier Lund.

Noreg sentrale i protestvedtak

Generalforsamlinga i Rotterdam i sommar vedtok at neste års generalforsamling i IFLA ikkje skulle haldast under WLIC 2024 i Dubai, slik det er tradisjon for å gjera i IFLA. Forslaget blei lagt fram av Miriam Nauri, direktør for biblioteket ved Karolinska Institutet i Sverige. Men kjelder Bok & bibliotek har vore i kontakt med har fortalt at Noreg hadde ein sentral rolle i utforminga av forslaget. Vi spør Vidar Lund om NBF si rolle i dette.

– Vi fann ut at det var mogleg å gjera det sånn. Rekneskapslova i Nederland der IFLA held til seier at generalforsamlinga må gjennomførast før 30. juni, men at den kan gjennomførast seinare dersom førre års generalforsamling gjer vedtak om det.

Det har vore alminneleg kutyme i IFLA at generalforsamlinga eitt år har strødd sand på forslaget om å halda neste års generalforsamling under WLIC-konferansen seinare på sommaren.

– Vi fann ut at det var mogleg å få fjerna generalforamlinga frå Dubai neste år gjennom å sabotera det vedtaket, fortel Vidar Lund.

– Kven er «vi» her?

– Eg stilte spørsmålet til sekretariatet i IFLA om det forheldt seg slik eg trudde, og fekk svar frå sekretatiatet om at, ja, det gjorde det. Så var det svenskane som utabreidde forslaget som blei vedteke.

Ifølge Biblioteksbladet fekk forslaget nesten 77 prosent av stemmene. Berre rundt 23 prosent stemte imot.

Vasking med dårleg renseeffekt

– Emirata sitt ønske om å vera vertskap for WLIC 2024 kan sjåast som ei form for «bibliotekvasking» – på lik line med idrettsvaskinga som landet er blitt sterkt kritisert for. Kan det vera at all uroa rundt IFLA sitt vedtak har gjort at nokon har vurdert at den eventuelle positive effekten ikkje ville vega opp for belastinga av negative omtalen frå bibliotekmiljøa rundt i store delar av verda?

– Vi ville aldri ha snakka så mykje om den negative menneskerettssituasjonen i regionen om det ikkje var for at IFLA ville legga konferansen dit. Sånn sett kan dette ha verka negativt for Dubai sitt omdøme, seier Lund.

Arkiv- og museumsvasking?

Vidar Lund dreg fram at det ser ut til å vera ein forskjell på bibliotek og arkiv. International Council on Archives (ICA) held sin verdskongress i hovudstaden i Emirata Abu Dhabi den 9. til 13. oktober i år.

– ICA-kongressen er lagt til Dubai utan same støy. Eg veit ikkje kva som ligg bak, om dei har mindre politisk aktive medlemer, seier Lund.

– Men det at IFLA har ei spesialgruppe som jobbar med LHBT+-sprøsmål er viktig. Dette har vore med å dra opp diskusjonen. Og kanskje bibliotekarar er meir politisk medvitne. Det kan vera sånn.

På International Council of Muesums (ICOM) si generalforsamlinga i Praha i september 2022 presenterte ICOM UAE (Dei sameinte arabiske emirata) planane for konferansen i 2025 – i Dubai. Så vidt Bok & bibliotek kjenner til har vedtaket foreløpig ikkje vore mykje omdiskutert, bortsett frå eit kritisk innlegg av Knut Markhus i tidsskriftet Museum.

Meir info etter møte i dag

I pressemeldinga frå IFLA om avlysinga av neste års konferanse kjem det fram at styret vil ta heile strukturen i verdskonferansen opp til diskusjon på eit møte i dag 5. oktober. Vidar Lund er einig i at dette bør diskuterast.

– Det einaste poenget eg syns styret har hatt i denne diskusjonen handlar om tilgang for folk frå fattige land. Det er eit problem med Schengen i Europa. Eg kjenner til at det var fleire som ikkje kom til WLIC-konferansen i Rotterdam i sommar etter å ha fått avslag på visumsøknaden kort tid før. Dette er eit problem, innrømmer Lund.

Hard diskusjon i styret

Under generalforsamlinga i Rotterdam i sommar overleverte Barbara Lison presidentklubba i IFLA til Vicki McDonald, og Sharon Memis tok over som generalsekretær 1. juni. Vi spør Vidar Lund om han trur leiarskiftet kan ha hatt noko å seia for kursendringa vi no truleg ser frå IFLA.

– Det er vanskeleg å seia, for McDonald har site i styret i eitt år allereie som president-elect, og har vore med på å gjera vedtaka. Men eg veit frå sikre kjelder at det var ekstremt hard diskusjon i styret rundt det å legga WLIC 2024 til Dubai. Eg har høyrt direkte frå folk som var med at det ikkje var jubel då det vart vedteke. Kven som sat på kva side, veit eg ikkje. Men det er klart at Vicki McDonald vil ha mindre prestisje knytt til det. Så det kan ha gjort det lettare å snu. •

Powered by Labrador CMS