24. februar invaderte Russland Ukraina. Sidan er fleire titals bibliotek i landet skadd av russiske angrep. Samstundes jobbar det ukrainske og det internasjonale biblioteksmiljøet for å sikre den ukrainske kulturarva, jobbe for å tilby ei biblioteksteneste både i Ukraina og for ukrainske flytningar i andre land. Men biblioteka har også fungert som møteplassar, som tilfluktsstad, som flyktningmottak og som informasjonssenter.
Skadar på eit offentleg bibliotek i Tsjernihiv, nord i Ukraina, tatt 11. mars.(Ukrinform/Shutterstock)
Bibliotek i Sievierodonetsk i Luhanskregionen i austlege Ukraina etter eit rakettangrep.(AP Photo/Olga Korotkova)
Tilsette på avdelinga for sjeldne manuskript og eldre bøker ved Andrey Sheptytsky Nasjonalmuseum i Lviv pakkar ned deler av samlinga for å redusere faren for skadar under angrep.(AP Photo/Bernat Armangue)
Medan dei vaksne vevar kamuflasjenett, leikar borna på eit tidlegare biblioteket i Lviv sentrum den 15. mars.(Foto: zumapress.com / MEGA TheMegaAgency.com)
Skadar på eit bibliotek etter eit rakettangrep i Sievierodonetsk i Luhanskregionen i austlege Ukraina.(Ukrinform/ Shutterstock)
Ei kvinne frå landsbyen Bysjiv ser på bøker nær eit øydelagt bibliotek i utkanten av Kyiv 25. mars.(Andres Gutierrez / Anadolu Agency/ABACAPRESS.COM)