USA
Trump vil fjerna all statleg støtte til bibliotek – igjen
Det er berre nokre veker sidan vi kunne vi fortelja at den amerikanske kongressen hadde stemt ned dei føreslegne kutta i føderale bibliotektilskot. Men no prøver Trump-regjeringa seg igjen.
Budsjettforslaget frå Det kvite hus for 2027 blei lagt fram 3. april. Der foreslår Trump-administrasjonen å kutta støtte til mellom anna Institute of Museum and Library Services (IMLS) – det einaste føderale byrået som gjev støtte til alle typar bibliotek – og til skulebibliotekprogrammet Innovative Approaches to Literacy (IAL).
Ifølgje ei forklaring til budsjettpostane, er forslaget del av administrasjonen sin plan for å bevega nasjonen mot finanspolitisk ansvarlegheit og å omdefinera den føderale regjeringa si rolle.
Administrasjonen foreslår 6 millionar dollar for neste år til «ei ordna avslutning» av IMLS. Dette er sjette gong Trump-administrasjonen går til åtak på det vesle byrået, skriv InformationToday.
Grunnmuren i amerikansk bibliotekfinansiering
«Grants to States»-programmet til IMLS er grunnmuren i den statlege bibliotekstøtta. Det gjev alle statar og territorium pengar til tenester som leseopplæring for barn, lokalsamfunnsopplæring, internettilgang og deling av ressursar mellom bibliotek, skriv Every Library i ei fråsegn.
Ifølgje Publishers Weekly kuttar budsjettforslaget òg kraftig i National Endowment for the Humanities, frå 192 til 39 millionar dollar, og i National Endowment for the Arts, frå 208 til 29 millionar dollar.
– Presidenten undervurderer biblioteka
Den amerikanske bibliotekforeininga ALA har reagert på forslaget.
– Presidenten har gong på gong undervurdert kor sterkt Kongressen støttar biblioteka, og kor langt forkjemparane er villige til å gå for å verna bibliotektenestene, seier ALA-president Sam Helmick.
Hen minner om at Kongressen har avvist tilsvarande forslag før.
– Takka vera påverknadsarbeid auka Kongressen bibliotekfinansieringa for i år, slik dei også gjorde alle fire åra i presidenten sin første periode.
ALA åtvarar samstundes om at kampen ikkje er over.
– Vi undervurderer ikkje kor langt han vil gå for å undergrava støtta til amerikanske bibliotek, seier Helmick.
I tillegg til å fjerna finansieringa av IMLS og IAL, kuttar Det kvite hus sitt budsjettforslag kraftig eller eliminerer heilt i ei rekke føderale program som bibliotek kan søka midlar frå, mellom anna:
| Program | FY 2027 (forslag, mill. dollar) | FY 2026 (mill. dollar) |
| National Endowment for the Arts | 29 | 208 |
| National Endowment for the Humanities | 39 | 192 |
| Federal Work Study | 123 | 1 240 |
| Federal TRIO programs | 0 | 1 190 |
| Adult Education State Grants | 791 | 1 440 |
| Supplemental Education Opportunity Grants | 0 | 914 |
Tabellen er henta frå ALA si pressemelding.
Stoppa i retten
Trump-administrasjonen har forsøkt å leggja ned IMLS i kvart einaste budsjettforslag dei har lagt fram sidan 2017.
I mars 2025 skreiv Donald Trump under på ein presidentordre om å legga ned sju statlege organ, mellom anna IMLS. Ordren blei stoppa av ein domstol, og 6. april i fjor gav administrasjonen opp anken sin – ein klar siger for biblioteka.
No prøver presidenten ein annan veg til målet om å fjerna støtte til bibliotek, denne gongen gjennom å bruka budsjettprosessen.
Forsvarsbudsjettet er føreslått auka til 1,5 billion dollar, noko som gjev ein auke på rundt 44 prosent, skriv The Associatet Press.