Dolly Parton etterlet ein lesearv utan sidestykke
– Dolly Parton var driven av eit ønske om å skapa leseglede hos born og ein draum om at `alle born burde veksa opp i ein heim full av bøker´. Det skriv den britiske forfattarforeininga etter at countrylegenda døydde 25. august.
I 1995 starta Dollywood Foundation noko dei kalla Dolly Parten Imagination Library. Dette er ei ordning der born får tilsendt gratis bøker i posten. Tiltaket spreidde seg etter kvart til Canada (2006), Storbritannia (2008), Australia (2013) og Irland (2019). I Storbritannia åleine får over 85 000 born ei bok i postkassa kvar månad. Til saman har Dolly Parten Imagination Library delt ut 300 millionar bøker over heile verda, skriv The Bookseller.
Ei hylling til pappa
Parton fortalde sjølv at ho starta ordninga som ei hylling til faren sin, som ikkje kunne lesa:
– Å inspirera born til å lesa er kallet mitt, sa Parton, og la til at faren kort før han døydde skal ha sagt at Imagination Library for han var det viktigaste ho hadde skapt.
– Eg kan ikkje få sagt kor mykje det betydde for meg, for eg grunnla Imagination Library som ei hylling til pappaen min, sa ho.
– Han var den klokaste mannen eg nokon gong har kjent, men eg veit i hjarta mitt at det at han ikkje kunne lesa truleg gjorde at han ikkje fekk oppfylt alle draumane sine.
Rørt statsminister
Etter at det blei kjent at Parton var død, uttalte den britiske statsministeren Andy Burnham at han var ein stor tilhengar av innsatsen hennar for lesekunne over heile verda. Burnham var kulturminister då Imagination Library kom til landet. Han fortel kor rørt han blei av historia om faren til Parton og korleis den skapte ei trong i henne til å gje noko tilbake.
Renfrewshire var det første fylket i Storbritannia som melde seg på programmet. Provost (ein slags ordførar) Lorraine Cameron peikar på at gåva handlar om meir enn sjølve boka. Ved å gje borna den dyrebare gåva det er å få si eiga bok i postkassa, inspirerte Dolly Parton til kjærleik for bøker og lesing hos millionar av born over heile verda, seier ho.
Forlaga hyllar «bokdama»
Penguin Random House har vore britisk forlagspartnar for programmet sidan starten der. Direktør for barnebokavdelinga deira Francesca Dow viser til at over sju millionar Puffin- og Ladybird-bøker no har nådd britiske born på under fem år, og sitert Parton på kva ho meinte gåva betydde for borna:
«Dei kjenner at nokon der ute tenkjer på dei,» sa Parton ifølgje Dow.
Laura Higginson, forlagsredaktør i Ebury som gav ut fleire av sakprosabøkene til Parton, mellom anna fotobøkene Songteller, Behind the Seams og Star of the Show, skildrar stjerna som ein uvanleg raus forteljar:
– Ho var alltid krystallklar på formålet med kvart prosjekt: invitera folk inn, bringa litt glede, kanskje oppmuntra andre til å vera seg sjølv utan å be om orsaking, og gjera verda litt betre, seier Higginson.
– Vi vil alltid elska deg
Den britiske forfattarforeininga The Society of Authors har også uttalt seg etter at Parton gjekk bort:
«Dolly Parton vil ikkje berre bli hugsa som ei musikklegende, men for det utrulege arbeidet ho gjorde med å senda hundretals millionar gratis bøker til born over heile verda gjennom velgjerdstiltaket Imagination Library. Dolly var driven av eit ønske om å inspirera til leseglede hos born, og ein draum om at 'alle born skal vekse opp i ein heim fullt av bøker'. Den første Imagination Library-boka blei delt ut i Storbritannia i 2008, og sidan den gong har dei sendt sju millionar bøker til born i lokalsamfunn over heile Storbritannia. For ein fantastisk arv å etterlata seg – «we will always love you, Dolly».
I tillegg til Imagination Library og fotobøkene, stod Dolly Parton også bak kokeboka Good Lookin' Cookin' saman med systera si, og romanen Run, Rose, Run (2002) som ho skreiv saman med forfattaren James Patterson.
Og på nettsida dollyparton.com skriv familien at dei, i staden for blomar til gravferda, ønskjer at folk gjev ei gåve til Dolly Parton´s Imagination Library.