USA
Harde e-bokfrontar
Salet av papirbøker minkar når e-boksamlingane aukar. Det skal vera konklusjonen i ein ny rapport finansiert av dei store forlagshusa og forfattarane i USA. Bibliotekfolk finn derimot grove metodefeil og ser rapporten som eit målretta åtak på lovforslaga som skal gje folkebiblioteka betre vilkår for innkjøp av e-bøker.
Bokverda i USA er dominert av forlaga Hachette, HarperCollins, Macmillan, Penguin Random House og Simon & Schuster. Felles for desse fem store er at dei har vist liten vilje til å forhandla med bibliotek om vilkår for og pris på digitale lisensar.
No har forleggarforeninga Association of American Publishers, der alle dei fem store er med, saman med forfattarforeininga Authors Guild hyra eit rådgjevingsfirma til å sjå på e-bokfeltet. Resultatet er samla i rapporten An Empirical Study of the Impact of Library E-Lending on the Book Economy. Den konkluderer med at «endringar i bibliotekmarknaden», først og fremst gjennom «friksjonsfrie biblioteksappar», har «påverka forbrukaråtferd og kommersielle marknadar».
Uklare årsakssamanhengar
Ifølgje oppdragsgjevarane viser studien at ei dreiing mot «meir digitalt intensive biblioteksamlingar» er systematisk knytt til målbare reduksjonar i sal av papirbøker. Salet til forbrukarar er estimert å gå tilbake med om lag 0,85 til 1 prosent for kvart prosentpoeng auke av e-bokdelen i folkebiblioteka sine samlingar.
Talet stammar frå den første og breiaste av tre delanalysar i rapporten, basert på delstatsdata frå 2013 til 2023. Eitt prosentpoengs auke i e-bokdelen av eit bibliotek si samling – altså ei lita endring i samansettinga – heng saman med ein relativ nedgang i salet av papirbøker på 0,85 til 1,0 prosent. For skjønnlitteratur for vaksne åleine, er tala 0,95 til 1,0 prosent.
I rapporten understrekar forfattarane at den kausale tolkinga nødvendigvis er indirekte; funna viser altså ein statistisk samanheng, ikkje ein årsak–verknad som kan bevisast. Nedgangen i sal av papirbøker kan ha andre årsaker enn fleire e-bøker i biblioteka, som endring i lesevanar eller teknologibruk, skriv Publishers Weekly. Dette er eit poeng forleggarane og forfattarane ser ut til å ha gløymd å ta med i sine presentasjonar av rapporten.
Reaksjon mot lovforslag
Dei store forleggarane i USA og forfattarorganisasjonen Authors Guild har gjort fleire framstøytar den siste tida for å få fram korleis biblioteka skadar den frie bokmarknaden. Bakgrunnen er at enkelte delstatar no vurderer å lovregulera korleis forlag skal forhandla med bibliotek om e-bokavtalar. Tidlegare i år presenterte Authors Guild ei brukarundersøking som viste at mellom anna biblioteklån erstattar sal i bokhandel og går ut over forfattarane sine inntekter, skriv Words & Money.
Den nye rapporten hevdar også at forlag, forfattarar og bokhandlarar vil bli økonomisk skadelidande dersom biblioteka får betre vilkår for innkjøp og utlån av e-bøker.
Tilgjengelege utlånsdata
Del to i den nye rapporten er ein analyse på tittelnivå av Seattle-biblioteket sine utlån. Den finn opptil sju prosent nedgang i fysisk sal for enkelte sjangrar ved stor auke i utlån av e-bøker. Ein tredje analyse av 750 nasjonale bestseljarar på e-bok, finn ein vesentleg mindre effekt, berre 0,19 til 0,28 prosent nedgang i e-boksal.
Bibliotekdirektør Tom Fay ved Seattle Public Library seier til Words & Money at ingen av forfattarane bak studien har vore i kontakt med dei for å få hjelp til å forstå tala i delrapport to.
«Vi stiller longitudinelle data til disposisjon som ein open ressurs for forskarar over heile verda og ønskjer verkeleg at folk skal bruka dei til studium og forsking. Og vi er alltid tilgjengelege for å hjelpa folk med å forstå dei betre, for i longitudinelle data over to tiår er det mykje å forstå, og ulike avvik undervegs,» seier Fay, som gjerne skulle hatt samtalar med dei som gjorde forskinga for å hjelpa dei med å forstå betre kva dei såg.
Men biblioteket vil foreløpig ikkje å kommentera funna konkret, sidan dei ikkje har hatt høve til å setja seg grundig inn i konklusjonane i studien endå.
Alvorleg metodefeil
Leiarane i Association of American Publishers og Authors Guild Maria A. Pallante og Mary Rasenberger kallar studien uavhengig og «den mest grundige analysen til no». Bibliotekfolk Words & Money har vore i kontakt med, peikar derimot på at Secretariat Advisors som står bak studien er eit juridisk konsulentfirma, betalt av partane som ønskjer å stansa dei mange pågåande forsøka på e-boklovgjeving.
Carmi Parker, som jobbar med administrasjon av biblioteksystema Whatcom fylke i staten Washington, har derimot funne ein alvorleg metodefeil i rapporten. Den tek ikkje høgde for konsortiesamarbeid. Til dømes har alle dei 49 biblioteka i Rhode Island sitt konsortium blitt talde som om kvart av dei hadde ei eiga samling på 186 000 e-bøker – i staden for éi delt samling. Sidan konsortium er standard praksis i nesten alle delstatar, konkluderer Parker med at heile talgrunnlaget (1,5 milliardar tilgjengelege e-medium i 2023) er blåst kraftig opp og at funna i rapporten difor er heilt ubrukelege.
Fleire kjelder Words & Money har vore i kontakt med meiner studien i realiteten berre stadfestar at dei store forlaga heller vil betala for lobbyrapportar enn å forhandla fram ei berekraftig løysing med bibliotekverda – noko biblioteka hevdar dei har prøvd å få til i over 15 år.