Kulturfond legg om ordning

Fleire skulebibliotek skal få gratis bøker

Frå og med neste år skal 700 skular få kulturfondbøker til skulebiblioteketet. Søknaden må vera sendt innan 15. september. Dei som er inne i ordninga, må søka på nytt.

Illustrasjonsbilde
Publisert

Fra 2027 kan skular søka om å delta i Kulturfondet si  skulebibliotekordning for ein ny periode på tre år. Skular som kjem med, får tilsendt bøker for born og unge frå Kulturrådet sine innkjøpsordningar.

Om du er i målgruppa men ikkje har søkt endå, er det berre å sleppa det du måtte ha i nevane og avlysa alle avtalar. Søknadsfristen er nemleg i morgon 15. september.

Gå til Kulturdirektoratet si søknadsside

Plass til fleire

Frå og med neste år kan heile 700 skular få bøker frå Kulturrådet, 160 fleire enn i dag. Men dette er ikkje første gong ei slik utviding av ordninga er blitt lova. Kultur- og likestillingsdepartementet skreiv nøyaktig det same i statsbudsjettet for 2025 – no skulle 700 skulebibliotek få vera med. Likevel fekk berre 540 bibliotek plass på ordninga.

I fjor haust spurte Bok & bibliotek fagansvarleg for litteratur i Kulturdirektoratet Janicken von der Fehr om denne diskrepansen. Summen Kulturrådet bad om, var berekna ut frå kostnadsnivået då budsjettinnspelet blei skrive, som var slutten av 2022, og venta prisvekst, forklarte ho då.

– Så kom det midlar som tilsvara det Kulturrådet hadde bede om i sine budsjettinnspel – men også langt høgare kostnadar enn berekna, knytt til mellom anna innkjøp av fleire titlar.

I årets pressemelding om «auken» (som i praksis altså berre er ei svært sein oppfylling av lovnadar frå tidlegare år), forklarer medlem i Kulturrådet og leiar av Fagleg utval for kultur Sigbjørn Skåden korleis dei har gått fram:    

«Vi har gjort en endring i fordeling mellom litteraturordningene for en mer målrettet bruk av midlene. Det innebærer ingen endring i antall bøker som kjøpes inn, men gir plass til ytterligere 160 skoler på skolebibliotekordningen. Nå oppfordrer vi alle skoler til å søke, enten du er ny søker eller har vært med tidligere.»

Ny fordelingsnøkkel for kulturfond-sett til folkebibliotek

For biblioteka betyr omfordelinga at færre sett med borne- og ungdomsbøker blir sende til folkebiblioteka. Desse setta vil i staden for bli distribuerte direkte til skulane gjennom den nye ordninga.

Dette betyr også at Nasjonalbiblioteket har rekna seg fram til ein ny fordelingsnøkkel for kulturfondsett som gjeld frå januar 2027. Fordelingsnøkkelen blir gjort om både som følge av endringar i  innbyggertal i kommunane, og som følge av omfordelinga av borne- og ungdomslitteratur, kan vi lesa i pressemeldinga.

Klikk her for å sjå kor mange bøker i kvar kategori kvar kommune får tilsendt frå Kulturfond frå og med 1. januar.

Skular som får kulturfondbøker frå sitt lokale folkebibliotek i dag, vil ikkje automatisk få desse omfordelt frå og med neste år. Det er difor ekstra viktig at skulane hugsar å søka innan fristen i morgon, om dei vil ha Kulturfondbøker også i 2027–2029.

Hundre mill. til

Ifølge pressemeldinga om den viktige fristen i morgon, skriv Kulturdirektoratet at barneskulane får i snitt 170 bøker i året, medan ein ungdomsskule får omtrent 100 bøker.

I saka frå i fjor haust freista vi å finna ut kva det ville kosta å gje alle skulebiblioteka plass på ordninga. I 2025 hadde ordninga ei ramme på 23,6 millionar kroner. 23,6 millionar kroner delt på 540 skular er 43 704 kroner per skule. Blant skulane som har søkt om plass på ordninga til no, har om lag vore 1200 kvalifiserte. Om 1200 skular skulle fått det same som dei 540 fekk i fjor, ville det kosta minst 53 millionar kroner.

Ifølge Utdanningsdirektoratet er det 2692 grunnskular i Norge. Om alle desse hadde eit godt nok skulebibliotektilbod til å kvalifisera til innkjøpsordninga, ville prislappen blitt 118 millionar. Kan henda kunne skulebibliotekaksjonistane sitt nye slagord vera dette: «Hundre mill. til!»

Kulturrådet si skulebibliotekordning begynte som ei forsøksordning i 2019. I evalueringa av denne meldte nær 90 % av skulane som deltok om fleire lånarar blant elevane og stor auke i utlån. Elevane som allereie var bibliotekbrukarar, lånte fleire bøker enn før, og dei lånte eit større mangfald av bøker. Elevane brukte òg meir tid på å lesa, både på skulen og heime.

 

Powered by Labrador CMS