Ny utgåve av Bok & bibliotek
KI, noterydding og ny innsikt om bibliotekgaming
Dette er noko av det du kan lesa om i den nyaste papirutgåva av Bok & bibliotek.
I den nye papirutgåva av Bok & bibliotek ser vi grundig på kunstig intelligens i fag- og folkebibliotek gjennom intervju med fire personar som sit tett på og har tenkt mykje rundt dette. Bjørn Kjetil Fredriksen i KS Digital snakkar om korleis bibliotek kan bruka KI utan å mista tillit. Bibliotekdirektør Jesper Mørch ved Universitetet i Agder reflekterer rundt korleis biblioteket kan møta utfordringa med studentar som ikkje lenger les. Jardar Leira i Sikt forklarer bakgrunnen for KI-sandkassa dei har laga for brukarane sine, og den danske teknologifilosofen Sune Selsbæk-Reitz åtvarar mot «promptisme» – den naive tanken om at noko er sant fordi det er godt formulert.
Biletet på framsida er frå Tekstallmenningen i Bergen. Frå 20 kvardratmeter i Markveien 4B kjempar dei for tidsskrifta på gatenivå. Bli med på redaksjonsmøte i det ferske ungdomsbladet Stikling, og lær meir om korleis ditt bibliotek kan få hjelp til å formidla tidsskrift for lesarar på alle alderstrinn.
Vindafjord bibliotek tilbyr innbyggarane matnyttig kunnskap i ei eiga beredskapssamling. Og i Stavanger fann Musikkbiblioteket lokal musikkhistorie og 40 år gamle post-it-lappar då dei endeleg rydda notemagasinet.
Vi presenterer også ei fersk undersøking om stoda for dataspel i folkebibliotek.
Les om då Bok & bibliotek var på lesedagen under Arendalsuka 2026, og den begeistra meldinga til Simen Gonsholt som har lese Maria Parr si første bok for vaksne.
Få også med deg Helge Ridderstrøm sin tekst om litteraturetterforskarane i InterCriPol og Helene Voldner sitt reisebrev frå demokratiets frontlinje på verdas største bibliotekkongress i Chicago.S
Det er minst fem måtar å få tak i papirutgåva av Bok & bibliotek:
Du kan melda deg inn i Norsk bibliotekforening og få bladet som medlemsfordel.
Du kan bestilla enkeltutgåver frå Tekstallmenningen sin nettbutikk.
Du kan lesa og lasta ned den gratis pdf-versjonen her.
Eller du kan spørja etter det på eit bibliotek nær deg.