ordskifte
Faste stemmer
Bibliotekaren som gløymde kjeldekritikken
Då kong Harald låg på det siste, byrja rykta å svirre. Levde han framleis? Var han død? Oddmund Kårevik fortel her korleis han blei riven med i flaumen av oppdateringar, kjensler, fakta og feilinformasjon. Brått fann han seg på feil side.
Førre gong skreiv eg om ei bok av Rune Belsvik som heiter Så lenge det er egg er det håp, utan å fortelje kva den handla om. La meg gi eit ørlite resymé. Boka handlar om Astor Plask. Jobben hans er å sende ut rykte til båtane. Han ropar rykta ut frå stranda slik at dei som er til sjøs, kan høyra dei og sende dei vidare. Men denne dagen kjem det eit rykte som er så utruleg at han ikkje får til å seie det vidare. Han ropar: – Det er ei dame! Men då fiskarane lurer på kva det er med dama, kan ikkje Astor svara. For det han har høyrt, er at denne dama har lokka heile fem 17. mai-tog og ordføraren og fleire til til å hoppa i ein andedam! Astor Plask bestemmer seg for å ta saka i eigne hender og følgjer ryktet bakover. Det blir ei fornøyeleg reise, og som den kloke lesar allereie har gissa, så endrar ryktet seg ganske drastisk dess lenger bakover han kjem.
Torsdag 27.august kom det eit anna rykte. Ryktet var at kongen var død. Eg var ein av dei som gjekk på.
La meg fortelje kva som skjedde.
Eg var i eit rom der det nett hadde vore ei tilstelling. Me hadde snakka om leseløft i arbeidslivet. Fleire hadde vore på scenen, og fleire i salen hadde kommentert. Eg hadde også vore på scenen. Og følte meg slik eg ofte gjer etter noko sånt, ganske tom.
Eg høyrde nokon sa: Kongen er død, eg har det frå sikre kjelder.
Eg høyrde dei sa: Men dette er kjelder eg må beskytte.
Nokon andre sa: NRK oppfører seg veldig rart.
Ein tredje sa: Folk har byrja samla seg på Slottsplassen.
Så var det ein som braut ut: Kongen er død, hagefesten til Aschehoug blir avlyst.
Eg kjøpte alt saman. Eg tenkte det må jo vere sant. Alt dette på ein gong, eg såg ingen grunn til å tvila på det eingong.
Så var eg plutseleg på Slottsplassen og la ned ein blome til kong Harald, med kort og helsing skriven i preteritum. For eg hadde høyrt fleire rykte. Sikre kjelder hadde fortalt at kongen var død mellom kl. 10 og kl. 11 på torsdagen.
På veg tilbake til kontoret trefte eg kollegaer på veg til hagefesten. Eg meinte den nok kom til å bli avlyst. Men dei ville samlast uansett, det var naturleg og fint, tenkte eg.
Vel framme på kontoret såg eg det som ei slags plikt og informere dei få kollegaene mine som sat der, om at kongen var død. Dei møtte meg med vantru og kjeldekritikk. Mine opplysingar stemte ikkje med tidslinja, sa dei.
Det var då det gjekk opp for meg: Eg var på feil side. Plutseleg var det som om eg også vart ein vaksineskeptikar, ein konspirasjonsteoretikar. Eg fekk ein sterk trong til å hoppe ned i eit eller anna kaninhol og finne ut at eg eigentleg hadde hatt rett heile tida.
Eg blei i tvil. Eg blei taus. Eg sette meg bak dataskjermen og slo opp på NRK, og der stod det mykje som gjorde at ting byrja skurra for meg.
Prinsesse Märtha Louise hadde kome til Rikshospitalet rundt kl. 14 – men skulle ikkje kongen vore død då?
Eg blei meir og meir taus og introvert. Eg venta på ein kontrabeskjed. Den kom aldri. Men eg kom heim om kvelden og las oppdateringane. Tilstanden var svært alvorleg og uforandra, ei oppdatering mynta på konspirasjonstruande som meg.
Seinare på kvelden las eg Astrid Meland sin sinte kommentar i VG om desse ryktespreiarane – og korleis kongehuset heilt sikkert hadde fått det med seg sidan dei måtte kome med desse kontrabeskjedane.
Og eg kjente at eg var ein av dei ho kjefta på. For eg hadde jo også sendt dette ryktet vidare.
Walk of shame!
Det var då det gjekk opp for meg: Eg var på feil side. Plutseleg var det som om eg også vart ein vaksineskeptikar, ein konspirasjonsteoretikar. Og no skulle eg få kjeft for det òg. Eg byrja å kjenne på posisjonen og fekk ein sterk trong til å hoppe ned i eit eller anna kaninhol og finne ut at eg eigentleg hadde hatt rett heile tida.
Til og med dagen etterpå, då kongen faktisk var død, hadde eg eit ørlite håp inni meg om at eg ikkje hadde teke feil, at det var alle andre som var for seint ute.
Men eg tok altså feil.
Og ja, eg blei flau.
Eg hadde hatt full tillit til rykta – men eg hadde vore naiv.
Eg hadde plassert blome på slottsplassen ein dag for tidleg, dagen før mine kjeldekritiske kollegaer tok ein tur.
Og kva lærte dette meg? At det er lett å vere godtruande, det er lett å hamne på feil side. Eg er bibliotekar, eg burde vore kjeldekritisk, men i den stunda, med det massive trykket som hadde vore i lengre tid om kongen sin sjukdom, var min kritiske sans blåst bort.
Eg hugsar då Russland invaderte Ukraina. Eit sitat eg beit meg merke i. Noko om at sannheita er det første offeret i ein kvar krig.
I år er det totalberedskapsår, og me snakkar om korleis me skal førebu oss. Nasjonal bibliotekdag feira eg med å sjå ein interessant panelsamtale om bibliotek og beredskap.
No veit eg kva eg må gjere. Eg har tenkt altfor lenge på det. Men no hastar det, for eg treng tydelegvis ei oppfrisking.
Eg skal ta Tenk sitt kurs i kjeldekritikk.