Monotoni Teknologi LOKALDEMOKRATI: Brus, bibliotek og lokaldemokrati

Publisert Sist oppdatert

Nyleg kunne folk i Rana lese i lokalavisa: "Første fredag i hver måned vil ordføreren invitere til et treff på biblioteket, for en prat, en kopp kaffe eller et glass brus".

Av Anders Ericson

Ordføraren heiter Inge Myrvoll og er tidlegare stortingsmann frå SV.

– Er meir brus til folket blitt den nye parola til den gamle radikalaren?

– Neidå, det dreier seg berre om at det i sosiale samanhengar er normalt å tilby ei enkel servering. Og det har berre vore aktuelt med kaffi hittil. Brusen har eg i bakhanda når ungane følgjer med.

– Kor fekk du ideen frå om å oppsøkje folk slik offentleg, men på tomannshand?

– Eg blei vel mest inspirert av ein kompis som var ordførar i Namsskogan. Han erfarte at folk har mange viktige idear og visjonar som ikkje kjem fram utan vidare. Rådhuset er for mange ein barriere i seg sjølv, så då han ville ha nærkontakt med folk i Namsskogan måtte det bli på den eine butikken i kommunesenteret. Det var der alle måtte innom jamleg. Dette var før dei fekk det nye fleirbrukshuset, der blant anna sørviskontoret og biblioteket har slått seg saman.
Men her i byen er det så mange butikkar og kafear, og det er så hektisk over alt. Eg ville bruke ein meir offentleg møteplass som ikkje var del av forretningslivet. Biblioteket er frå før det viktigaste knutepunktet i byen, så når eg skulle realisere dette var det heilt naturleg at det blei der. Det er jo litt symbolsk også dette. Eg vil vise at dette er mogleg.

– Korleis er responsen?

– Eg har vel hatt tre slike fredagar på biblioteket til no, og det kjem nok av folk, ja. Kor mange er det ikkje så lett å vite, for nokre berre kiker rundt hjørnet og slår seg ikkje ned når det alt sit nokon der. Men vi tar oss god tid for å få fram idear og synspunkt. Eg kan jo uansett ikkje snakke med fleire samtidig. Det er ikkje noka dagsorden, dei som kjem avgjer temaet. Sist fredag var det ein person som hadde idear om eit industrimuseum i Rana. Ein annan hadde meiningar om Rana som knutepunkthamn. Tema kan altså variere mykje, frå
visjonar til daglegdagse ting.

Senke terskelen
– Vi gjer også andre ting for å senke terskelen og betre lokaldemokratiet. Vi har gjeve talerett i kommunestyret til både eldrerådet, ungdomsrådet, rådet for funksjonshemma og til foreldreråda. Dei har fått rett til å uttale seg i starten av alle saker som dei sjølve meiner har noko med deira ansvarsområde å gjere. Vi har også auka tilskotta til bydels- og bygdeutvala.
At det blei biblioteket var også ein personleg ting for meg. Eg veks opp i ein typisk arbeidarfamilie, og sjølv om vi hadde ei lita bokhylle, var vi avhengige av biblioteket. Eg var ofte på biblioteket med far min. Sjølv om det var lite og veldig annleis tilbake på femtitalet, blant anna med små lappar over alt med "Stille" på, så var det alt då den viktigaste møteplassen i byen. Det blei tidleg vanleg med forfattartreff og kulturarrangement på biblioteket her.
I dag er det mykje nytt og bra som skjer der. Til dømes når det gjeld tilbodet til dei nye landsmenna våre. Vi vedtok no i budsjettbehandlinga å tilsetje ein flyktningebibliotekar.

– Stadig fleire bruker biblioteka, men likevel stengjer dei norske kommunane gjennomsnittleg tretti filialar kvart år dei siste ti åra. Dette meiner mange er dramatisk, og kulturpolitisk talsmann i partiet ditt på Stortinget, Magnar Lund Bergo, gjekk i går ut med at øyremerking må til for å sikre bibliotekstilbodet i kommunane. Korleis ser dette ut frå din ståstad?

– For det første har eg ikkje vore borti nokre konkrete saker om nedlegging av bibliotek, så eg veit lite om kva som kan vere grunnane. Her i Rana har vi i mange år no satsa på eit stort, godt bibliotek i sentrum som er ope kvar dag unntatt søndag, og i tillegg eit godt bokbusstilbod i staden for små filialar rundt på skolar og andre plassar. Små filialar blir ofte opne så få timar i veka at dei færraste bruker det. For tilgang er viktig. Vi snakka om Namsskogan; då dei oppretta sørviskontoret og slo det saman med biblioteket, gjekk utlånet rett til himmels. Det hadde med utvida opningstid og betre tilgang å gjere.
Når det gjeld øyremerking så vil jo vi på kommunal sektor ha bort dette. Kommunen treng først og fremst valfridom. Det er både pluss og minus ved det, men dette har også med lokaldemokratiet å gjere. På Stortinget ønskjer kvar enkelt komité å prioritere til sitt formål, men det blir håplaust med adresse på kvar krone til kommunane. Om ikkje kommunepolitikarane får noko meiningsfylt å drive med, kan vi leggje ned lokaldemokratiet.

– Men i mange kommunar har ikkje biblioteket hovudet over vatnet på same måten som i Rana.

– Eg har vore bibliotekbrukar sidan den gongen biblioteket i Rana budde trongt og hadde mykje mindre ressursar enn i dag. Men også då var det eit godt bibliotek. Dei hadde tradisjon på kulturelle arrangement av mange slag og klarte å samle folk. Eg trur ein må sjå på samdriftsløysingar i den enkelte kommunen; sjå kva dei fekk til i Namsskogan. Og god tilgang må vere første prioritet.

– I eit intervju i Bok og bibliotek (nr. 6/03) stadfesta sosialantropologen Halvard Vike at vi snart sit igjen med reine skole- og omsorgskommunar; "… desse områda sluker heile den politiske diskusjonen. Det er her dei store summane finst, og folk stemmer jo med beina!". Korleis ser dette ut frå Rana kommune sin ståstad?

– Eg ville heller seie at folk stemmer med VISA-kortet. Men det er innlysande at om vi får den same politikken etter stortingsvalet i 2005, så ser eg svart på det. Akkurat hos oss er eg framleis optimist, for her til og med Frp positiv til biblioteket, men mange andre plassar vil det bli tøft.

 

SV-politikeren Inge Myrvoll ble – etter siste lokalvalg – valgt til ordfører i Rana som resultat av et oppsiktsvekkende samarbeid mellom SV, Høyre, Venstre og Senterpartiet. Dermed ble en over 70 år lang Arbeiderparti-dominans brutt.

 

 

Powered by Labrador CMS