IKKJE FOR ALLE: Barneavdelinga i det nye Mohammed Bin Rashid-biblioteket i Dubai.

Bibliotekforeininga boikottar Dubai – ber andre gjera det same

Norsk Bibliotekforening blir ikkje med på den internasjonale bibliotekkongressen til neste år, og oppmodar andre norske medlemer til også å droppa deltaking.

Publisert Sist oppdatert

Hovudstyret i Norsk Bibliotekforening (NBF) har vedteke at organisasjonen ikkje skal delta på IFLA sin verdskongress (WLIC) i 2024. Vedtaket er gjort som ein protest mot at styret i IFLA har lagt arrangementet til Dubai i Dei sameinte arabiske emirata, eit land som har strenge lover mot å fremje LHBT+-saker. Dette skriv NBF i ei kunngjering på heimesida si publisert på ettermiddagen 15. september.

LES OGSÅ

Medlemsrøysting gav nei, men IFLA står fast ved Dubai

Norsk PEN: – Alle IFLAs medlemmer må kunne delta

Dubai 2024 – hvem blir egentlig boikottet?

Massiv kritikk mot IFLA etter val av Dubai

Norsk Bibliotekforening skriv vidare at den internasjonale bibliotekorganisasjonen har gått på akkord med viktige prinsipp om ytringsfridom. Dette har dei gjort gjennom å godta at styresmaktene i Emirata får sensurere programmet for WLIC, og ved at IFLA si spesialgruppe for LHBT+-brukarar ikkje kan delta. «Dette er ekstra ille når ein er ein bibliotekorganisasjon med føremål om å arbeide for fri tilgang til informasjon», skriv NBF.

LES OGSÅ

IFLA – What’s in it for norske bibliotek?

LEIAR: Vi treng IFLA meir enn nokosinne

Under tidlegare verdskongressar har NBF pleid å gje tilskot til norske deltakarar slik at fleire skulle kunna få det til. Men i hovudstyret sitt vedtak heiter det no at dei ikkje kjem til å gje tilskot til deltaking på kongressen i 2024.

Powered by Labrador CMS