Årets bibliotek 2023

Glade bibliotekarar: David Kvamme Høvik (venstre) og Torhild Jordal har skapt lesekultur ved Årstad vidaregåande skule, skriv juryen for Årets bibliotek 2023.
Glade bibliotekarar: David Kvamme Høvik (venstre) og Torhild Jordal har skapt lesekultur ved Årstad vidaregåande skule, skriv juryen for Årets bibliotek 2023.

Biblioteket ved Årstad Videregående skule er Årets bibliotek 2023

Biblioteket fekk prisen Årets bibliotek 2023 av Norsk Bibliotekforening etter innsatsen sin med å skape ein lesekultur på skulen, og av di dei er eit førebilete for andre skulebibliotek.

Publisert Sist oppdatert

Prisen blei delt ut av leiar for Utdannings- og forskingskomiteen på Stortinget, Hege Bae Nyholt (Raudt) under eit arrangement på Deichman Grünerløkka 11. januar.

Bokklubb, podd og lokal litteraturpris

Biblioteket ved Årstad vidaregåande skule satsar offensivt for å skape ein lesekultur på skulen. Dei har leseaksjon, bokpodkasten «Årstad les», bokklubben «Bokhavet» og litteraturprisen «Gullkroken». Det siste i samarbeid med Litteraturhuset i Bergen og Bergen internasjonale litteraturfestival.

Mykje av arbeidet biblioteket gjer verkar også sosialt utjamnande, skriv juryen i grunngjevinga si. Elevane på skulen har ulik sosial bakgrunn, men her får alle ein sjanse til å bli med i eit kulturelt miljø som det elles kan vere vanskeleg å ta del i.

– Ein verdig vinnar

For juryleiar Vidar Lund i Norsk Bibliotekforening gler seg over det dei får til på biblioteket på Årstad.

– Det har nyleg komme nedslåande resultat frå internasjonale leseundersøkingar som viser sviktande leseevne og interesse for lesing blant barn og unge. Derfor er det det gledeleg å sjå at biblioteket på Årstad med den aktive formidlinga si klarer å skape entusiasme for lesing og litteratur blant ungdom. Biblioteket er ein verdig vinnar av Årets bibliotek 2023, uttalar Lund i ei pressemelding.

– Dette er også ein pris til ein skule som brukar biblioteket sitt som ein viktig aktør for dialog, gode relasjonar og elevaktive læringsformer, avsluttar han.

Prisvinnaren fekk eit grafisk trykk, og får låne Brageprisen som vart tildelt folkebiblioteka kollektivt i 2013.

Dei nominerte til Årets bibliotek 2023 var Biblioteket ved Årstad vidaregåande skule, Samnanger folkebibliotek, Sør-Varanger bibliotek, Fagbiblioteket på Sjukehuset i Vestfold og Lillestrømbibliotekene.

Breitt tilbod: Årstad videregående skule ligg sentralt plassert på Danmarksplass, tre bybanestopp frå Bergen sentrum. Den er blant dei største vidaregåande skulane i Vestland med om lag 900 elevar fordelt på 23 studieretningar, dei fleste yrkesfaglege.
Breitt tilbod: Årstad videregående skule ligg sentralt plassert på Danmarksplass, tre bybanestopp frå Bergen sentrum. Den er blant dei største vidaregåande skulane i Vestland med om lag 900 elevar fordelt på 23 studieretningar, dei fleste yrkesfaglege.

Om prisen

Prisen Årets bibliotek blir delt ut av Norsk Bibliotekforening, og har vore delt ut sidan 1988.  Prisen går til bibliotek som har teke i bruk nye idear, og som har jobba utradisjonelt og offensivt og gjerne i samarbeid med andre.

Norsk Bibliotekforening er ein interesseorganisasjon for norske bibliotek; både folkebibliotek, fagbibliotek og skulebibliotek. Leiar: Helene Voldner

Tidlegare vinnarar: Biblioteket ved Gamlebyen skule, Oslo (2022); Østsiden bibliotek, Fredrikstad (2021); Deichman Bjørvika, Oslo (2020); Trøndelag fylkesbibliotek (2019); Stormen bibliotek, Bodø (2018); Biblo Tøyen, Oslo (2017).

Powered by Labrador CMS